Stoppa prestisjeprosjekt

Publisert:19. desember 2017Oppdatert:4. januar 2018, 21:30
Det humanistiske fakultetet hadde laga planar for nye studieprogram og fellesemne. No er prosjektet HF2018 stoppa. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

HF2018 skulle gi færre bachelorprogram og meir tverrfaglegheit. Men utdanningsutvalet sa nei til å godkjenna dei nye programma.

Prodekan Claus Huitfeldt var ikkje nøgd med rapporten frå vurderingskomiteen. Foto: Hilde Kristin Strand

Heilt sidan desember 2016 har Det humanistiske fakultetet (HF) arbeidd med prosjektet HF2018. Resultatet skulle verta færre studieprogram. Mindre program skulle kunne gå inn i større program som studieretningar, til dømes skulle bachelorprogrammet «samtidskultur» innehalda tre val; digital kultur, moderne kunsthistorie og teatervitskap.

Men då utdanningsutvalet handsama søknaden om sju nye program frå HF i møtet sitt i november, sa dei nei.

– Eg vart litt fortørna, sa Claus Huitfeldt, prodekan for utdanning, då fakultetsstyret ved HF handsama saka tidleg i desember.

Komiteen sa nei

I 2016 hadde HF ein programportefølje på 25 bachelorprogram, 21 ordinære masterprogram, to erfaringsbaserte masterprogram, to integrerte masterprogram og 11 årsstudium. Totalt inneheld desse programma nesten 700 emne. Når fakultetsstyret vedtok å setja i gang prosjektet HF2018 handla det om utnytta den faglege breidda ved fakultetet på ein annan måte. Det handla òg om at ein meinte at dei små fagmiljøa best kunne styrkast ved å laga større og meir samansette studieprogram, og det handla om bemanning.

Resultatet av arbeidet der institutta sette ned arbeidsgrupper, var at fire nye bachelorprogram og tre nye masterprogram skulle erstatta 16 eksisterande program. Dette må formelt søkjast om. Udanningsutvalet skal først handsama saka, deretter universitetsstyret.

Utdanningsutvalet sette ned ein komite som skulle vurdera dei nye programma. Dei skriv i rapporten at dei meiner at dei nye programma ikkje framstår som heilskaplege og dei etterlyser fleire fellesemne. Dei var òg usikre på om dei nye programma var i tråd med Nokut sine krav og med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring.

Måtte skriva 16 søknader

Etter at vurderingskomiteen hadde sagt at det var vanskeleg for dei å tilrå dei nye programma, skreiv Huitfeldt eit langt svar. Ein tok kontakt med Nokut, og det kom ein ny rapport. Konklusjonen der var at det var mogleg å gjera som HF har sett føre seg, men at ein må laga ein søknad for kvar studieretning, ikkje berre for kvart program.

– For å kunne få dei nye programma klare til samordna opptak sine fristar, var det altså ikkje nok å retta opp svakheiter komiteen hadde peika på. Fakultetet måtte ha skrive 16 søknader  - ikkje sju – på godt under to månader. Fakultetsleiinga var tydelege på at det kunne me ikkje utsetja dei tilsette for – mange har allereie arbeidd mykje med denne saka. Så me stod på vårt, og vart nedstemt i utdanningsutvalet, forklarte Huitfeldt.

Huitfeldt seier til På Høyden at Studieadministrativ avdeling (SA) var orientert tidleg i prosessen, men at fakultetet ikkje fekk tilbakemeldingar på at måten ein hadde tenkt å organisera bachelorprogramma på var problematisk.

– Hausten 2016 hadde me fullstendige prosjeksskisser på høyring, mellom anna til SA. Me høyrde ingenting, seier Huitfeldt.

Ein kan tenkja at dette var ille, og det var det

Ny forskrift

Oddrun Samdal er viserektor for utdanning og leiar utdanningsutvalet. Ho seier at HF leverte inn søknad om dei nye programma etter at den nye studietilsynsforskrifta byrja å verka.

– For nye program byrjar den nye forskrifta straks å verka. For eksisterande program har fagmiljøa to år på seg til å tilpassa innhaldet til det nye regelverket, seier Samdal.

Ho seier at alle nye studieprogram vert vurderte av ein komité. Dei kjem inn i biletet undervegs for å sikra at programma er i tråd med lover og forskrifter.

– For HF handla det no om at komiteen meinte at ein ikkje var komen heilt i land når det gjeld å få til heilskapelege studieprogram. Me trur Nokut ville konkludert likeeins og dermed vurdert kvar studieretning som eit program, og ikkje godkjent den føreslegne strukturen som eit studieprogram. Men den nye studietilsynsforskrifta er det no institusjonen sitt ansvar å gjera slike vurderingar, seier Samdal.

Spørsmålet er kva me gjer no. Skal me bruka eit år til på dette?

Kan gjera endringar likevel

– Ein kan tenkja at dette var ille, og det var det, sa Huitfeldt i fakultetsstyret om handsaminga i utdanningsutvalet.

– Det er gjort mykje arbeid som no viser seg burde vore gjort annleis. Spørsmålet er kva me gjer no. Skal me bruka eit år til på dette? Fakultetsleiinga sitt forslag er at me legg prosjektet til side. Endringane i emneporteføljen kan me like fullt gjennomføra likevel.

Til På Høyden utdjupar han at dette kan ein gjera som ei endring innanfor eksisterande studieprogram.

– Uansett har me gjennom HF2018 etablert auka tverrfagleg samarbeid, ei rekkje fellesemne og ein trimma emneportefølje som er betre tilpassa ressurssituasjonen ved fakultetet, seier Huitfeldt.

Viserektor Samdal stadfestar at ein kan gjera slike endringar.

– Ein kan gjera endringar i eksisterande studieprogram, men då må ein syta føre at dei vert godkjende etter den nye forskrifta innan utgangen av 2018.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed