Ingen veit kvar dei skal. Men kvar kjem dei frå?

Publisert:5. desember 2017Oppdatert:5. desember 2017, 09:38
Dei små figurane i er ein del av UiB sine samlingar. Foto: Dag Hellesund
Julekalender 5. desember:

Opprinneleg blei dei laga for å tene dei daude. Ved UiB er dei mest kjende for å bevege seg rundt i monteren dei er plasserte i. 

Dei små figurane blei laga av leire, stein, tre eller glas. Dei blei lagde i grava saman med den daude, slik at dei skulle hjelpe og tene den daude når han eller ho kom til underverda.

Tenarane har vore utstilt ulike stader på UiB. Ingen stader har dei villa stå i ro: Etter ei stund har dei daude sine hjelparar flytta rundt på seg i monteren, og stilt seg opp i ulike formasjonar.

Spørsmål: Kva land kjem dei eigentleg frå? 

Send svaret ditt til tips@pahoyden.no innan midnatt 5. desember og bli med i trekninga om julesjokolade. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed