Heidra dei med lengst fartstid

Publisert:14. desember 2017Oppdatert:14. desember 2017, 13:02

Anne Bjørkum Åsmul skulle berre jobba eitt år ved UiB. Det var i 1977.

– Eg skulle liksom berre vera her eit år som vikar. Det var på folkebibliotek eg skulle jobba, smiler Anne Bjørkum Åsmul.

Sommaren 1977 kom ho som nyutdanna bibliotekar med eitt års arbeidsrøynsle frå eit bibliotek i Nord-Noreg, til Bergen og Universitetsbiblioteket. Men det vart meir enn eitt år. Så langt har det vorte 40, og Åsmul var ei av dei som fekk heider då universitetsleiinga inviterte til den årvisse markeringa av tilsette med 25- og 40-årsjubileum denne veka.

I postbilen til Haukeland

Bygget som i dag formelt heiter Bibliotek for humaniora, men som framleis av mange berre vert kalla UB, stod ferdig i 1961. Då Åsmul vart tilsett var dette berre bibliotek her og på Haukeland. Dit hamna ho kjapt.

– Eg fekk beskjed om at der var det bruk for meg, og eg vart sendt dit med postbilen, humrar Åsmul.

Ho fortel om ein travel arbeidsdag. Ein gong i veka kom det nye tidsskrift som skulle leggast ut. Då var det reine høgtidsstemninga.

– Det var kø ved kopimaskina og legesekretærane gret dersom dei ikkje kom til.

I dag er Åsmul hovudbibliotekar ved Bibliotek for humaniora, med personalansvar for nitten. Mykje av det fysiske materialet er i dag digitalt, men bibliotekaren er tydeleg på at den fysiske boka ikkje er død.

– Fysiske utlån går sakte nedover, men ikkje så fort som nokre kanskje trur. I dag trur eg mange tilsette brukar bibliokteket utan å vera klar over det, dei sit på kontora sine og les tidsskriftartiklane dei tidlegare måtte koma til biblioteket for å låna.

Handskrive kort frå 1890

Frå 1992 og i heile ti år framover vart biblioteket sin kortkatalog digitalisert og konvertert. Heile 1,4 millionar kort skulle gjennom denne prosessen.

– Nokre av dei var handskrivne, med gotisk skrift, og stamma frå slutten av 1800-talet, fortel Åsmul.

Men kvifor vart det aldri folkebibliotekar av henne?

– Eg trivst så godt her, og har heile tida fått kjekke oppgåver, er svaret.

Det same seier Gerd Signe Salvesen.

– Eg hadde aldri vorte her så lenge dersom det ikkje hadde vore kjekt!

Ho er avdelingsingeniør ved Institutt for biomedisin. Som Anne Bjørkum Åsmul hamna ho tilfeldig ved UiB. Salvesen var utplassert frå kjemilaborantlinje på yrkesskulen og fekk deretter tilbod om jobb ved UiB. Så har ho teke meir utdanning etter kvart.

Salvesen stod på lista over 25-årsjubilantar. Men ho har vore tilsett heilt sidan 1982, men dei første ti åra i mellombelse stillingar.

Ein einaste professor

Då Salvesen vart tilsett, hadde instituttet ein einaste professor. Alle kjente alle, og heile instituttet åt mellom anna lunsj saman. Institutt for biomedsin er i dag eit av dei største institutta ved UiB, med over 40 vitskapelege tilsette i faste stillingar. Instituttet i BB-bygget var tidlegare delt i tre; anatomisk, fysiologisk og biokjemisk – dei prekliniske institutta.

– Etter kvart fekk me datamaskiner. Før det rekna me for hand, både grafar og tabellar, fortel Salvesen om utviklinga som har vore.

Som teknisk tilsett regjerer ho på laboratoria, og jobbar tett saman med forskarane.

– Ein annan skilnad frå då eg begynte, er at miljøet i dag er svært internasjonalt. Arbeidsspråket er i stor grad engelsk, og det synest eg berre er kjekt.

46 25-årsjubilantar

46 tilsette har 25-årsjubileum i år, medan 11 tilsette har vore ved UiB i heile 40 år. Rektor Dag Rune Olsen og assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden tok i mot i Knut Fægris hus. Tungodden er faktisk 25-årsjubilant sjølv, men trudde han var gløymt. Det var han sjølvsagt ikkje – sjølv om han ikkje stod på den offisielle lista.

– Det er hyggeleg at me kan samlast her og visa at me set stor pris på dykk som har jobba lenge ved UiB, sa rektor til jubilantane.

Dei som har vore tilsett i 25 år får ei ugle i gåve, og dei som har vore tilsett i 40 år får ein vase.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed