Handplukkar framtidige forskingsleiarar

Publisert:7. desember 2017Oppdatert:7. desember 2017, 09:45
Pål Antonsen, Mali Husby Rosnes og Selina Våge ønskjer alle ein karriere innan akademia. Dei er plukka ut til UiB sitt Momentum-program. Foto: Hilde Kristin Strand

16 unge forskarar er handplukka for å verta neste generasjons forskingsleiarar og dei som dreg inn eksterne midlar til UiB.

Kvifor når forskarar med utanlandsk bakgrunn i større grad opp i kampen om eksterne forskingsmidlar, spør ph.d.-koordinator Espen Dahle. Foto: Hilde Kristin Strand

I eit møterom på Bjørnefjorden hotell sit 16 forskarar samla i ein hesteskoformasjon. På veggene heng plakatar med stikkord. I tre dagar skal dei vera samla her, på det som er den første samlinga i karriereprogrammet Momentum.

– Me veit kva me bør gjera for å oppnå det me vil. Men alle har individuelle utfordringar, vert det sagt frå hesteskoen.

Forskargrupper og nettverk

Dei 16 er plukka frå ein søkjarbunke på om lag 60. Felles er at dei er postdoktorar eller førsteamanuensar. Søknadskriteriet var å vera under 40 år eller at det hadde gått mindre enn fem år frå dei tok doktorgrad.

Nokre av dei 16 har fast stilling, andre har det ikkje. Men alle ønskjer ein karriere innan akademia. Med søknaden sin måtte dei òg legga ei tilråing frå instituttleiinga.

– Når ein ser på dei som når opp i dei gjevaste konkurransane om eksterne forskingsmidlar, ser ein at dei ofte har utanlandsk bakgrunn. Dei har gjerne kome til UiB med bakgrunn frå eit anna land. Kvifor er det slik? Truleg er svaret at ein i andre land byrjar tidlegare med å søkja eksterne midlar, seier Espen Dahle.

Han er seniorrådgivar og ph.d.-koordinator hos forskingsadministrativ avdeling.

–  Gjennom Momentum vil me dyrka dei unge forskarane som er i stand til å danna forskargrupper og nettverk, seier Dahle.

Han understrekar at eksterne forskingsmidlar er langt meir enn pengar.

– Men gjennom eksterne midlar får ein ressursar til å gjera forsking, ein kan mellom anna få tilsett stipendiatar og postdoktorar og ein kan få eit nettverk ute. Det som kjem ut i den andre enden er meir og betre forsking, seier Dahle.

Tryggare på seg sjølve

Framfor hesteskoen sit Are Hallan Syversen og Katrine Borgen. Dei kjem frå Mobilize Nordic, som har spesialisert seg på leiarutvikling. Syversen og Borgen jobbar mykje med offentleg sektor, og har ansvar for den første Momentum-samlinga. Dei skal òg delta på dei seinare samlingane.

– Dette er karriereutvikling. Me skal gjera forskarane tryggare på seg sjølve og læra dei å skjøna ein kontekst. Kva ambisjonar har eg som akademikar? Kor er eg i dag? Er det samsvar mellom mine og miljøet sine problem, nemner Syversen som viktige problemstillingar.

– Kva lærer de dei?

– Me lærer dei å oppdaga meir av seg sjølve. På denne første samlinga har me eit fokus innover, på utviklinga deira som heile menneske, ikkje berre som forskarar, seier Borgen.

Ho legg til:

– Meir konkret lærer med ei òg å sjå kva moglegheiter som finst. Korleis kan ein søkja pengar? Korleis kjem ein seg oppover i systemet?

Eit fåtal av dei 16 som er plukka ut har fast jobb, noko som slett ikkje er uvanleg i akademia når ein er mellom 30 og 40 år. Men likevel er det noko usikkert knytt til det.

– Mange er opptekne av dette kortsiktige. Kor lenge har eg jobb? Kor mykje må eg prestera for å få fast jobb, skildrar Borgen.

– Det er sagt mykje om det ein kan kalla eit «fråfall» frå akademia, særleg blant kvinner. Kan dette programmet motverka at folk søkjer seg vekk?

– Det handlar om å trivast og lukkast, og om å ikkje missa dei på vegen. Dersom ein vert sett og høyrt og forstått er det større sjanse for at ein vert verande og lukkast, seier Syversen.


Are Hallan Syversen og Katrine Borgen har deler av opplæringa av dei unge forskarane. Foto: Hilde Kristin Strand

Har vore ute

Tre dagar med utsikt mot fjell og fjord og vekke frå kvardagens plikter. Attende på UiB og kvardagen har ein fått nye bekjentskap og kanskje nye idear.

– Eg synest det er flott at instituttleiaren min viser at han har trua på meg, seier Mali Husby Rosnes.

32-åringen har bachelor i kjemi frå UiB. Deretter ville ho ut, og tok doktorgrad i Glasgow. Tilbake i Bergen hadde ho først eit personleg postdok-stipend frå Forskingsrådet og no har ho eit treårig vikariat som førsteamanuensis ved UiB.

– Eg fekk tilbod om eit doktorgradsprosjekt i Glasgow. Eg tenkte først at det kunne eg jo ikkje. Men det kunne eg, og når eg først har oppnådd ein doktorgrad, vil eg jo gjerne bruka han til noko.

Rosnes sin plan var ikkje klar tidleg. Selina Våge (32) og Pål Antonsen (35) visste nok tidlegare kva dei ville. Våge er sveitsisk og har med seg utdanning frå både Sveits og USA. Ho kom til Bergen for å ta doktorgrad. I dag er ho postdok ved Institutt for biologi. Antonsen gjorde det motsett. Han tok mastergrad i filosofi i Bergen og doktorgrad i Dublin.

– Eg visste kven eg ville ha som rettleiar på doktorgraden, så då søkte eg meg dit. Meir strategisk enn det var ikkje valet mitt, men eg trur det er essensielt at ein kjem seg ut, seier Antonsen.

Midlar til logikk-prosjekt

– Å søkja eksterne midlar er allereie ein del av kvardagen, seier Antonsen.

Han er postdoktor ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier og har allereie, saman med førsteamanuensis Ole Hjortland, fått eksterne midlar til eit prosjekt om logikk. Han seier at målet hans på sikt er å kunne bidra til humanistisk forsking og kunne vera med å bygga opp eit miljø i Bergen, særleg innan logikk- og språkfilosofi.

– Eg har konkrete mål om kva eg skal søkja av eksterne midlar, når eg skal søkja og saman med kven, seier han.

Våge er òg van med å søkja om forskingsmidlar. Ho seier at ho allereie frå ho var barn har hatt lyst til å verta forskar.

– Eg likte godt å ta doktorgrad, og tenkte då at det ikkje berre var ein naiv tanke om at forskar var noko ein kunne verta. Men ofte trur eg det er medan ein er postdok, som eg er no, at ein verkeleg finn ut om det er dette ein vil, seier Våge.

Sjølvstendig

– Forskarane vert kursa i mellom anna korleis dei skal bygga opp ein akademisk CV og dei får læra om kva som vert lagt vekt på av dei som les søknader, seier Dahle.

For mange utlysingar er det mykje formalia som skal på plass. Seniorrådgivaren seier at det er viktig at ein har med noko på alle punkt. Nokre utlysingar er så strenge at dersom det er felt som ikkje er fylt ut, så vert søknaden skrota.

– Norske universitet er ganske godt finansiert. Andre stader må ein tenkja ekstern finansiering heilt frå starten av forskarkarrieren. Men noko av det viktigaste når ein skal nå opp i kampen om både eksterne midlar og faste stillingar, er å visa at ein er sjølvstendig. Ein må òg visa at ein har ein eigen karriere, seier Dahle.

Får mentor

– Eg ser på Momentum som ein arena for å diskutera og reflektera. Kva må me prioritera for å oppnå det me har ambisjon om, spør Våge.

Rosnes seier at alle dei unge forskarane som er plukka ut til Momentum har klare mål. Spørsmålet er korleis ein skal få det til. På slutten av første samling får alle ein mentor dei kan støtta seg på, og som kan hjelpa til med konkrete problemstillingar.

– Er det ei professorstilling som er målet?

– Ei professorstilling vil dekka dei ambisjonane eg har. Ikkje professortittelen i seg sjølv, men det å kunne forska og formidla – og gjera ein skilnad, seier Våge.

– Så lenge eg får driva med det eg er interessert i og har trua på, spelar det inga rolle kva stillinga heiter, seier Rosnes.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed