Trur fire sto bak museumsinnbrotet

Publisert:10. november 2017Oppdatert:10. november 2017, 15:57
Den fjerde mannen politiet trur er involvert i museumsinnbrotet blir framstilt for varektektsfengsling fredag. Han har erkjent straffeskuld for heleri.

Politiet trur fire menn frå Bergen er involvert i tjuveriet av vikingskatten, men at berre nokre av dei har vore inne i bygningen. Den fjerde personen som blei pågripen har erkjent straffeskuld for heleri, og blir varetektsfengsla. 

To menn blei i går varetektsfengsla for fire veker, sikta for grovt tjuveri eller heleri. I tillegg er ein annan innlagt på sjukehus, men politiet har ikkje begjært han fengsla. Det var denne mannen som sjølv oppsøkte politiet i oktober, og forklarte at han hadde vore med på tjuveriet, men angra

Ein fjerde mistenkt blei arrestert onsdag. Han blir framstilt for fengsling i fredag, og er sikta for heleri. Den sikta har erkjent straffeskuld, og har akseptert varetektsfengsling i fire veker. 

– Dei har hatt noko ulike roller i saka, fortel politiadvokat Linn Revheim til På Høyden. 

Politiet trur at berre nokre av mennene har vore inne i museet. Mannen som er innlagt på sjukehus er ein av desse, men Revheim vil ikkje konkretisere kor mange dei trur var med på sjølve innbrotet. 

– Mannen fortalte at han hadde gjort innbrotet, seier Revheim. Han er framleis ikkje formelt avhøyrt av politiet. 

Det blei funne DNA-profilar på to personar i etterforskinga, men politiet har ikkje fått treff på desse enno. 

– Trur de no at de har tatt alle som har vore involvert?

– Det er litt vanskeleg å seie, men vi har ikkje nokon konkret i søkjelyset. Det kan likevel dukke opp fleire i saka, seier ho. 

Tre av mennene har formelt eller faktisk innrømma å ha hatt ei rolle i tjuveriet. Fjerdemann, som altså blir framstilt for fengsling i dag, har ikkje innrømma skuld. 

– Han har ikkje vore så villig til å forklare seg, seier politiadvokaten. 

Omkring to tredelar av dei stolne gjenstandane blei funne i ein bustad i Bergen. 

– Vi leitar så godt vi kan etter resten, og vil veldig gjerne finne alt, seier Revheim. 

Så langt tyder etterforskinga på at innbrotet ikkje er særleg planlagd: Tjuvane har sett eit stillas, og klatra opp i det for å sjå kva dei fann. 

– Eg synest det heile virkar litt tilfeldig. Eg har inntrykk av at dei etterpå har tenkt at det var litt dumt. Ei viss form for anger har dei gitt uttrykk for, seier ho. 

Politiadvokat Linn Revheim trur innbrotet skjedde litt tilfeldig. Foto: Dag Hellesund

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed