Størst lønsauke for administrasjonen

Publisert:1. november 2017Oppdatert:1. november 2017, 12:14
Nokre administrativt tilsette har hatt ein god lønsauke dei siste åra. Men fagforeiningane peikar på at det ikkje gjeld alle. Arkivfoto: Magnus Vabø

Sidan 2012 har dei teknisk-administrativt UiB-tilsette hatt størst lønsauke.

Vitskapeleg tilsette har i gjennomsnitt hatt mindre lønsauke enn dei administrativt tilsette, viser tal frå Forskerforbundet. Leiinga skviser løna for dei vitskapeleg tilsette, meiner Steinar Vagstad i Forskerforbundet. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Administrativt tilsette ved UiB har i 2017 ei snittløn på 501 905 kroner. Samanliknar ein med løna for fem år sidan, altså 2012, har auken vore på 16 prosent. Dei vitskapeleg tilsette har no i gjennomsnitt ei løn på 589 968 kroner. Det er opp 12,3 prosent sidan 2012. Dette viser tal frå Forskerforbundet, som igjen er basert på tal frå UiB sitt lønsregister for 2012 og 2017.

–Dette viser at me har ei leiing som held attende lønsveksten for vitskapelege stillingar. Dersom ein ser på tala for ulike stillingskodar, ser ein at både førsteamanuensar og særleg rekruteringsstillingar har hatt ein nedgang i kjøpekrafta, seier Steinar Vagstad.

Han er hovudtillitsvalt i Forskerforbudet.

Vagstad seier at ein nytilsett stipendiat eller postdoktor i dag har om lag åtte prosent lågare realløn enn for fem år sidan. Førsteamanuensar har hatt ein lønsvekst som er litt for liten til å halde tritt med inflasjonen. Professorar har hatt ein lønsvekst på linje med gjennomsnittet for dei teknisk-administrative stillingane.

Mest til sjefane

Men det er langt frå alle undergruppene i administrasjonen som har hatt like stor lønsvekst. Som På Høyden skreiv førre veke, er det dei med høgast løn som kjem best ut. Underdirektørar, til dømes assisterande fakultetsdirektørar, har hatt ein lønsauke på 27,5 prosent, og har no ei snittløn på 755 468 kroner. Avdelingsdirektørane, som eigedomsdirektør, IT-direktør og fakultetsdirektørar, tener i gjennomsnitt 980 600 kroner. Det er 24,4 prosent – eller 200 000 kroner – meir enn i 2012.

Prisstiginga i same periode har ifølgje SSB vore 12,8 prosent.

–For det første er det viktig å legga merke til at tala er i prosent. Mange vitskapeleg tilsette tener betre enn teknisk- og administrativt tilsette. For det andre er det store grupper som ikkje har hatt nokon stor reallønsvekst, seier Jørgen Melve, hovudtillitsvalt i NTL.

Han viser til at lønsveksten er svært ujamnt fordelt på teknisk og administrativ side.

–Dei høgare stillingskodane som direktør, administrasjonssjef og seksjonssjef har hatt ei veldig god lønsutvikling dei siste åra, med kronemessig utteljing skyhøgt over det breie lag av tilsette. Lønsoppgjer og lønsendringar flyttar lønsmidlar oppover i organisasjonen, seier Melve.

Randi Heimvik i Parat peikar på noko av det same. Ho skriv i ein e-post til På Høyden at det er leiarløningane som gjer at dei teknisk-administrativt tilsette kjem godt ut. Parat organiserer til dømes tannhelsesekretærar, ei av gruppene med dårlegast løn ved UiB. Men dei siste åra har lønsutviklinga deira i prosent vore god.

–Ein tek i større grad i bruk «høgare» stillingar som seniorkonsulent, rådgivar og seniorrådgivar, og overingeniør, senioringeniør og sjefsingeniør på teknisk side. Ved nytilsetjingar er det no desse stillingane som vert brukt, og då vil lønene auka i forhold til å vera attraktive for dyktige søkjarar, seier Heimvik.

Skvisa løn

All lønsgliding skjer ikkje i lønsoppgjera. Dei siste åra har talet på seniorkonsulentar, rådgivarar og seniorrådgivarar auka – talet på førstekonsulentar har vore temmeleg stabilt.

–Dersom ein førstekonsulent sluttar, lyser ein gjerne ut ei ny stilling som seniorkonsulent. I tillegg får tilsette gjerne endring i stillingskode dersom dei får nye oppgåver. Men det er ikkje alltid løna vert betre, seier Melve.

Vagstad peikar på at kjeldene til underlønsutvikling på vitskapeleg side er nettopp at mykje av lønsdanninga skjer utanom lokale lønsforhandlingar.

– For rekrutteringsstillingane sin del er problemet at startløna ikkje har vorte oppjustert på mange år. For førsteamanuensane har startløna vorte oppjustert, men berre i takt med prisveksten, ikkje i takt med den generelle lønsveksten, seier Vagstad.

Han seier at noko tilsvarande gjeld for professorane, men desse kjem ut med normal lønsutvikling takka vera at denne gruppa plar få godt gjennomslag i dei lokale lønsforhandlingane.

Vagstad peikar på at ein endring i stillingskode skjer ein gong i livet for ein vitskapeleg tilsett; dersom ein får opprykk til professor. Då følgjer det òg ein del pengar med. 

–Men professorar er jo ikkje lågtløna uansett?

–Isolert sett tener me godt nok. Men ein bør ikkje sjå dette i isolasjon, seier Vagstad, og peikar på tre faktorar:

Eit professorat er å rekna som eit vinnarlodd i lotteriet det er å satsa på ein karriere som forskar. Men dårleg lønsutvikling kan gjera forskarkarrierer mindre attraktiv.

Det andre punktet er at ein bør sjå kva talentfull, velutdanna og hardtarbeidande arbeidskraft tener i resten av samfunnet. 

– Då framstår til og med ei profesorløn som låg, seier Vagstad.

– For det tredje treng ein eit lønshierarki i vitskaplege stillingar. Det må løna seg å ta doktorgrad og å kvalifisera seg til professorat. 

Dårlegare løn enn i Oslo

Forskerforbundet har sett på kva UiB-tilsette i ulike stillingskategoriar tener samanlikna med kollegaer ved Universitetet i Oslo. Med unntak av jussprofessorane, har professorar ved UiB dårlegare løn enn dei i Oslo. Òg dersom ein ser på førsteamanuensar, førstekonsulentar og overingeniørar, finn ein at løna er betre i hovudstaden.

Eg trur lønsnivået skremmer flinke kandidatar frå å søkja seg arbeid her.

– Misser UiB tilsette fordi løna er for dårleg?

– Vitskapeleg personale er høgt spesialiserte som ofte må svært langt av garde for å finna se ein annan jobb, så få sluttar. Men eg trur lønsnivået skremmer flinke kandidatar frå å søkja seg arbeid her. På det medisinske fakultetet har ein inntil nyleg lyst ut profesorat med lønstrinn 72-75. Det er verkeleg ikkje sikkert ein får dei beste kandidatane då, seier Vagstad.

Lønstrinn 72 er om lag 650 000 kroner.

Jørgen Melve seier at innan nokre teknisk-administrative stillingar slit ein med å få tilsett dei ein ønskjer. Konkurransen kjem frå andre offentlege etatar, men for nokre yrkesgrupper òg for det private næringslivet.

–Tilsette med god kompetanse på til dømes innkjøp, økonomi, arkiv og ingeniørar er ettertrakta. IT-avdelinga har tilsette som kan gå fleire hundre tusen opp i løn andre stader. Offentleg sektor er ingen lønsvinnar, så då må ein ha andre goder som gjer at ein ønskjer å verta verande, seier Melve.

–Ein må tilby interessante oppgåver, og dei tilsette må føla engasjement og at dei har fridom på jobben. Dersom ein tek dette vekk, vert det vanskelegare å halda på folk.

Her kan du lesa universitetsdirektør Kjell Berntrøm sine svar på lønsutviklinga.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed