Slik kan det verta på museet

Publisert:14. november 2017Oppdatert:14. november 2017, 09:12

Når dørene igjen opnar til Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar, er målet at publikum skal få ei estetisk kjensle av å vera i nettopp dette museet.

Paul Amble (t.v) og Terje Lislevand sit i gruppa som jobbar med innhaldet på museet. Neste haust overtek UiB bygget frå Statsbygg, og arbeidet med dei fysiske utstillingane kan starta. Foto: Hilde Kristin Strand

– Her vert det ikkje kosedyr og fargerikt. Digital interaktivitet vert òg fort gamalt, seier Paul Amble.

Han er prosjektleiar for utstillingsprosjektet ved Universitetsmuseet sitt bygg på Muséplass 3.

Om eit knapt år overtek UiB det då rehabiliterte bygget. Deretter går det eit nytt, knapt år før bygget kan opnast for publikum.

Midtbygget er freda

Mykje kjem til å verta som før. Riksantikvaren har freda midtbygget, det betyr mellom anna at mange av utstillingsmontrane vert ståande der dei har stått. Nokre dører vert justerte, og det vert gjort noko med lyset. Men elles er målet at dei som kjem inn skal få ei estetisk kjensle av å vera på nettopp dette museet.

– Bygget skal rett og slett oppgraderast til 2020-standard, og så skal me ha seksti års horisont fram i tid. Før Statsbygg gjekk i gang no var det mellom anna ikkje ventilasjonsanlegg i bygget. Det må òg gjerast mykje med tryggleiken og sikring av samlingane, seier Amble.

I statsbudsjettet, som rett nok endå ikkje er formelt vedteke i Stortinget, ligg det inne 80 millionar kroner til utstyr til museet. Det var det meste ein kunne håpa på å få. Men samstundes kunne Amble godt tenkja seg å få fleire med på laget. Eksterne finansieringskjelder er noko han håpar å kunne få på plass.

–Me har 80 millionar kroner som skal fordelast på 2500 kvadratmeter utstillingar, samt mykje anna. Materialvala skal vera skikkelege, me brukar dei materiala som konservatoren bestemmer. Og inni dei 80 millionane ligg pengar til til dømes både stolar, bord og lampar og alt til skulelaben i kjellaren, fortel Amble.

Rydding - og kasting

Mykje av gjenstandane som var i museet skal tilbake til gjenopninga. Ein del av dei er rett og slett spesiallaga til utstillinga.

– Men det er mykje restaureringsarbeid som må gjerast. Då me flytta ut fann me ut at me ikkje visste kor alt var – eller kor mykje det faktisk var, fortel Terje Lislevand. Han er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet.

– Tek ein vare på alt?

– Me har teke vare på alt av museumsobjekt. Men det er mykje anna som har vorte kasta.

Studentar som målgruppe

– Det skal ikkje vera vitensenter. Og ikkje tivoli, slær Amble fast.

Han meiner det er viktig å visa at universitetsmuseet er nettopp det – eit vitskapeleg museum.

– Når ein snakkar om målgruppe, vil me plassera oss nærare studentane enn barnefamiliane. Me ønskjer å forklara naturen sine prosessar, og visa kvifor me driv med forsking og samlingar. Kva kan me forklara – og kva veit me ikkje endå?

På nettsidene til museumsprosjektet ligg det idear til nye utstillingar. Amble seier at målet er å få forskarar til å formidla på museet, og unngå at museet berre vert ei opphoping av gjenstandar. Planen er å få med heile UiB, og ha skiftande utstillingar i større grad enn det ein hadde tidlegare.

– Kva er det som skil eit universitetsmuseum frå eit anna museum? Stereotypien er jo at eit slikt museum fortel ei fastlåst historie. Men me ønskjer å visa ei rørsle – ikkje eit skap.

Ville ha Havnesjefen

Lislevand er ornitolog og håpar dei utstilte dyra kan vera med på å formidla kunnskap om levande dyr og fuglar. I det nyrestuarerte trapperommet skal det hengja mange fuglar. Elles er planen at ein del av dei gamle dyra skal på plass.

– Men me veit førebels ikkje alt som er aktuelt å visa fram, seier Lislevand.

Museet er interesserte i å få tak i nye dyr. I frysen på realfagsbygget ligg det mellom anna ulv som skal gjerast klare for utstilling.

– Eg prøvde å få tak i den kjente svanen «Havnesjefen» frå Os. Men etter at den vart drepen, var det Veterinærinstituttet som fekk han for obduksjon. Då var det ikkje så mykje att for oss, humrar Amble.

Han seier at museet ønskjer å visa fram relevant forsking. Og sjølv om han meiner interaktivitet i form av å trykkja på noko digitalt fort vert utdatert, er planen at publikum skal kunne få prøva og ta del.

– Kanskje kan me ha noko dei kan flytta på? Kanskje kan me visa ulike eksperiment? Me har òg snakka om å ha ei ordning med ein vakthavande forskar, som kan vera til stades for publikum – til dømes ei veke om gongen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed