Opprettar senter for den langsame, kostbare journalistikken

Publisert:16. november 2017Oppdatert:16. november 2017, 13:26
Per Christian Magnus jobbar 50 prosent ved UiB og 50 prosent i NRK. No leiar han gruppa som planlegg det nye senteret for undersøkjande journalistikk. Foto: Hilde Kristin Strand

UiB sitt nye senter for undersøkjande journalistikk skal gi norske journalistar ein luksus dei ikkje har i kvardagen.

UiB har fått to millionar kroner frå Fritt Ord til å etablera det første norske senteret for undersøkjande journalistikk. Målet er at senteret skal vera oppe og gå til våren.

– Dette skal vera eit kompetansesenter for norske journalistar. Her kan ein arrangera kurs, seminar og ulike workshops. Målet er òg at journalistar kan få stipend og hospitera ved senteret ein periode. Slik kan dei fordjupa seg i eitt emne over ein lengre periode.

Det seier Per Christian Magnus, universitetslektor ved UiB. Han leiar arbeidsgruppa for senteret.

Ny mastergrad

I 2013 fekk Fritt Ord laga ein rapport om vilkåra for kvalitetsjournalistikk i framtida.

– Det vart då peika på at universitet og høgskular som utdannar journalistar bør ta ei aktiv rolle for å fremja den langsame, kostbare journalistikken som har stor samfunnsmessig viktigheit, seier Leif Ove Larsen.

Han er instituttleiar ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Denne hausten starta instituttet ei masterutdanning i undersøkjande journalisikk. Alle studentane har bachelorgrad i journalistikk eller har røynsle frå redaksjonelt arbeid.

– Me valte å spissa mastergrada fordi det er viktig med spisskompetanse på dette området av journalistikken. Plasseringa i Media City Bergen gir gode vilkår for ei slik utdanning, seier Larsen.

Mastergrada er tydeleg innretta mot metode og arbeidsmetodar. Utdanninga er ikkje ein del av det nye senteret, men Larsen håpar på samarbeid.

Idé frå USA

Senter som det som no vert oppretta frå UiB, er det første i sit slag i Norge. Men eit slikt senter er ingen ny idé. Til dømes finst det fleire av dei i USA. Felles er at dei har vorte starta ved eit universitet.

– Eit viktig premiss for oss er at deler av akademia har flytta inn under same tak som dei store redaksjonane i Bergen, seier Magnus.

Han har tidlegare sagt at han meiner forskarar og undersøkjande journalistar langt på veg nyttar dei same metodane.

– Journalistane lånar frå forskarane. Resultatet er undersøkjande journalistikk. Alle masterstudentane skal til dømes jobba med kvart sitt graveprosjekt, seier Magnus.

Senteret er ikkje eit forskingssenter. Men instituttleiar Larsen håpar det kan stimulera interessa for undersøkjande journalistikk, òg blant forskarar.

Magnus peikar på at det ikkje er målet at senteret skal verta allment kjent.

– Men det skal vera der for journalistane og gi norske journalistar ein luksus dei ikkje har i kvardagen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed