Om lag førti prosent har fått lønsauke

Publisert:23. november 2017Oppdatert:24. november 2017, 06:00
Randi Heimvik i Parat meiner dei tilsette sjølv har eit ansvar for eiga løn. - Søk lønsauke, er hennar råd.

Om lag førti prosent av dei tilsette ved UiB fekk tillegg i dei lokale lønsforhandlingane. Mange søkjer ikkje om opprykk.

– Dei fleste fekk ikkje opprykk, seier Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, etter at årets lønsforhandlingar er avslutta.

Som På Høyden har skrive fekk alle med løn frå lønstrinn 43 og nedover i år minst eitt lønstrinn i tillegg. Dessutan vart stipendiatar, postdoktorar og kandidatar i spesialisering løfta. Men totalt sett er det berre vel førti prosent av dei UiB-tilsette som vart løfta.

– Dei andre har berre fått dei 0,33 prosenta som vart plussa på det lønstrinnet dei allereie hadde. Samstundes ruslar og går prisveksten. Ein del tilsette vert demotiverte av dette, seier Vagstad.

Mange søkjer ikkje

– Men har dei søkt om opprykk?

– Mange har ikkje søkt sjølve. Nokre søkjer ikkje fordi dei reknar med at dei ikkje kjem til å nå opp. Men det viser seg at dersom ein søkjer, aukar sjansen for å få tillegg frå om lag ein fjerdedel til tre fjerdedelar, seier Vagstad.

Randi Heimvik frå Parat peikar på noko av det same. Ho seier at mange tilsette ikkje søkjer, og grunngir det med at det er vanskeleg å skryta av seg sjølv.

– Men det er ikkje det du skal gjera. Du skal senda eit brev til di fagforeining der du fortel kva du har jobba med det siste året. Har du til dømes fått nye oppgåver? Det må med – men me skal ikkje vita noko privat, understrekar Heimvik.

Ho seier at det var lite pengar i årets oppgjer. Det hadde ikkje vore nok pengar til at alle UiB-tilsette kunne fått eit ekstra lønstrinn.  Det betyr at sjølv om ikkje alle har søkt om lønsauke, er det òg nokre av dei som har søkt som ikkje har fått.

Må verta diskutert

– Å ikkje få lønsauke når ein har søkt om det er kjipt. Skikkeleg kjipt. Men då har ein rett på ein lønssamtale. Det er klokt å då ikkje spørja «kvifor fekk ikkje eg høgare løn», men i staden spørja om kva som skal til for at ein skal kunne få ein lønsvekst, tilrår Heimvik.

Alle som har søkt om lønsauke via fagforeiningane vert diskutert i dei lokale lønsforhandlingane. Dersom ein ikkje søkjer sjølv, må ein satsa på at arbeidsgivar har plassert ein på si liste over dei dei meiner fortener høgare løn.

Heimvik meiner det luraste er å søkja år etter år.

– Ein må ta ansvar for si eiga løn. Og når ein søkjer, får arbeidsgivar høyra namnet ditt, år etter år. Det er viktig. Eg trur det er mange tilsette som ikkje føler seg sett.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed