Me har ei havørn i taket

Publisert:9. november 2017Oppdatert:9. november 2017, 11:27

Endå godt at tranen skal henga i taket på Universitetsmuseet. Elles kunne ein fått hakk i panna.

«With licence to kill». Nei, det handlar om ikkje om James Bond. Men klørne til ei havørn er verkeleg laga for å drepa. Heldigvis er fuglen på Universitetsmuseet heilt død – og utstoppa i tillegg. Medan dei naturhistoriske samlingane er ein byggeplass har dei som tidlegare heldt til i kjellaren i museet fått nye lokale i realfagsbygget.

Her held mellom andre Ari Puolakoski til. Taksidermisten har ein svær hubro på bordet.

–Først flår eg fuglen. Så teiknar eg ei skisse der eg merkar av viktige punkt og set opp mål. Sjølve fuglekroppen lagar eg ein modell av i skumplast, forklarar Puolakoski.

Han pussar vekk feitt og anna, slik at det berre er skinn og fjør att. I tillegg er kraniet, bein og vengjer ekte. På større dyr, som rovdyr, er det berre skinnet som er originalt.

Klør for å drepa

Ei gås er ofte så feit at det tek fleire dagar å pussa vekk alt feittet. Når det er gjort, og fuglen fylt, vert han hengt opp i taket. På undersida er det mange nåler for å halda skinnet i posisjon saman medan fuglen tørkar heilt.

Havørna heng lenger bak i lokalet, ferdig montert.

1,92 i vengjespenn, målar Puolakoski og Terje Lislevand. Lislevand er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet og ornitolog.

Alle som har sett flygande ørn veit kor imponerande synet er. På nært hald ser ein at fuglen er diger, og at klørne ikkje er noko å leika seg med.

–Klørne er laga for å drepa. Nebbet er konstruert for å riva, forklarar Lislevand.

–Kor farlege er dei? Me har vel alle høyrt historia om jenta som vart tatt av ei ørn – men det har vel kome fram at det kanskje ikkje er heilt sant…

–Det var nok ikkje det. Det er gjort forsøk der ein har festa lodd til ørneføtene. Noko som er meir enn to kilo tungt slit dei å få med seg. Men ei kongeørn drepa både små husdyr, lam, ja til og med rev. Men då drep dei dyret på staden og tek med seg mindre stykke – eller et det der dei er.

Ørnene er dessutan åtselsetarar. Det betyr at det ikkje er sikkert at det er ørna som har ete det lammet ho kosar seg med – lammet kan ha døydd av anna årsak.

Skal fly i trapperommet

I taket heng det mellom anna grågås, krikkand og ein flokk heilo. Tranen har fått ein liten isoporbit festa på nebbet. Det spisse fuglenebbet hang nemleg såpass lågt at Puolakoski krasja med det – og fekk eit blodig hakk i panna.

Fuglane skal flyttast om eit års tid. Dei skal fly inne i trapperommet i det då nyoppussa museet – og då så høgt oppe at ingen kolliderer med dei.

–Me har mellom anna tenkt å montera dei slik at heiloane vert jakta på av ein rovfugl. Ein falk til dømes, seier Lislevand.

Finsk hubro

Kunstarbeid utan kunstnarleg fridom, kallar Puolakoski det han driv med. Når fuglane er fylte og sydd saman, prøver han å få dei til å sjå mest mogleg naturlege ut.

–Eg søkjer på nettet for å finna dei bilete som viser dei rette posisjonane. Målet er å gjera fuglane mest mogleg levande, seier Puolakoski.

Av og til må han vera litt ekstra kreativ.

–Grågåsa kom inn med ganske store skadar. Då må eg finna ein posisjon der ein kan skjula litt.

Fuglane kjem til UiB på høgst ulikt vis. Flokken med heilo kolliderte til dømes med eit fly på Flesland.

–Det var fleire fuglar i den flokken enn det som heng her hos oss, seier taksidermisten tørt.

Han er finsk og har tidlegare jobba på naturhistorisk museum i Helsinki. Både hubroen og tranen fekk han frå kollegaer der og tok med til Bergen.

–Me har god kontakt med fuglekikkarar, og elles er det mange som tek kontakt om døde fuglar, særleg dersom dei finn noko spesielt. Det viktige er at fuglane er ferske, seier Lislevand, og fortel om austlendingen som i vår fann ein død ramn:

–Den kom i posten, nedfrosen og godt innpakka i plast.

Fann hundre fuglar i skap

Då universitetsmuseet rydda ut smått og stort før Statsbygg overtok for rehabilitering, fann dei hundre fuglar inni eit skap.

–Dei hadde nok ingen sett på nærare søtti år. Ein av dei hadde ein leita etter, humrar Lislevand.

Men fuglane var ikkje i veldig god stand, og vert no erstatta av nye. Kor mange av dei store dyra som kjem tilbake, er framleis ikkje heilt avklart. Ein del av dei treng rett og slett litt sørvis.

Utstoppa dyr har ein først og fremst for å formidla, men det er mogleg å bruka dei til forsking òg. Og det er mogleg å bruka same dyr til begge deler, dersom ein har ein god plan: Då flår ein først dyret og tek vare på skinnet for å kunne stilla dyret ut. Skrotten kokar ein og brukar beina i forsking.

Ugle i frysen

Havsule, and og ærfugl er ferdig montert. Men kor er måsane? I frysen. Puolakoski og Lislevand viser veg.

Det er ingen vanleg fryseboks, men eit heilt fryserom. Øskjene er sirleg merka: «Ugle», «måke» «alker». Her ligg òg spurv og små pattedyr. Og to ulvar. Men det er ei anna historie.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed