Kva skjer når forskarar og journalistar jobbar saman?

Publisert:9. november 2017Oppdatert:9. november 2017, 11:27
Per Christian Magnus er både UiB- og NRK-tilsett. Han håpar på meir samarbeid med forskarar no når Institutt for informasjons- og medievitskap sit saman med journalistar i Media City Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

–Kva er eigentleg skilnaden mellom forsking og undersøkjande journalistikk, spør dokumentarfilmskapar og journalist Per Christian Magnus.

Per Christian Magnus har flytta inn i Media City Bergen. Den røynde journalisten og dokumentarfilmskaparen jobbar no halv stilling som universitetslektor ved UiB og halv stilling i NRK. Gjennom mange år har han hatt eit tett samarbeid med forskarar, særleg Terje Tvedt. Dette har resultert i fleire dokumentarfilmar, og nokre av dei har vunne prisar. Men korleis vert det når to tilsynelatande ulike profesjonar treffest og skal jobba tett saman? Det skal Magnus og Tvedt fortelja om på frukostmøte i Media City Bergen fredag.

Forskaren kom til journalisten

– Gjensidig tillit, seier Per Christian Magnus.

– Tillit er nøkkelordet.

Det var Tvedt som kom til Magnus. Magnus jobba då i TV2 og var leiar for Dokument2-redaksjonen.

– Han kom med tips til to gode saker. «Visste du at 40 prosent av den norske misjonen er betalt over bistandsbudsjettet», spurte han. Det visste eg ikkje, fortel Magnus.

Det vart starten på eit samarbeid. Frå 2003-2010 laga dei to, saman med Robert Reinlund og Anne Marie Groth, filmane «Leiediplomatene», «Statsmisjonærene», «De hvite hjelperne», «Sultbløffen» og «En dråpe luksus».

– Ein må akseptera nokre prinsipielle grenser. Forskaren må akseptera eit redaksjonsregime, det vil i praksis seia oss som er journalistar. Journalistane må akseptera at forskaren må få godkjenna at faktaelementa stemmer og er noko han kan stå inne for, seier Magnus.

– Det spesielle med samarbeidet med Tvedt er at me som journalistar vart ein del av hans forskingsprosjekt. Samstundes såg me på han som ein journalistkollega. Han skjønar kva som er ei sak og han skjønar kva ei vinkling er. Og kva er eigentleg skilnaden mellom undersøkjande journalistikk og forsking? Metoden er temmeleg identisk.

Bør tilby sitatsjekk

Forskarar skal forska, formidla og undervisa. Formidling kan vera så mangt, men for mange forskarar skjer det i form av kontakt med journalistar. Magnus meiner det finst ulike typar forskarar, og plasserer dei mellom «medievennlege», altså utan fordommar mot journalistar, og til dei som er regulært skeptiske og ikkje vil uttala seg til pressa.

– Eg trur nøkkelordet her òg er tillit. Eg kan forstå at enkelte forskarar kan vera skeptiske dersom dei møter ein ung sommarvikar som skal framstilla eit komplekst saksfelt. Det er viktig at ein som journalist tilbyr sitatsjekk, meiner Magnus.

– Kva gjer ein dersom det vert usemje i etterkant?

– Dersom ein har gjennomført eit intervju har ein som journalist eit sterkt kort: Ein kan visa til at forskaren faktisk har sagt dette. Det er nok annleis når ein har jobba så tett med ein forskar som eg har gjort. Tvedt har vore med i klipperommet, og har ikkje prøvd å stoppa noko eller endra noko. Eg opplever ikkje at det er noko interessemotstand mellom oss.

Redaktøransvar

I Sverige laga Bosse Lindquist tre timeslange filmar om forskaren Paolo Macchiarini. Han opererte inn kunstige luftrør på fleire pasientar. Etter å ha kome i kontakt med fleire av pasientane avslørte Lindquist forskingsjuks. I ettertid har Macchiarini fått sparken og vore etterforska av politiet. Fleire i leiinga ved Karolinska institutet har gått av – men verst av alt: Pasientane som fekk nye luftrør er døde. Lindquist hadde kontakt med forskaren lenge, og fulgte han tett, før han til slutt konfronterte Macchiarini med det han hadde funne ut.

–Når ein som journalist jobbar tett saman med ein forskar, kva gjer ein dersom det skjer seg?

–Ein inngår ingen blodspakt. Dersom tilliten opphøyrer, så er samarbeidet over. Det som òg er viktig, er at ein har ein redaksjon og ein redaktør som går nøye gjennom det ein har laga før publisering, seier Magnus.

Håpar på fleire prosjekt

I tillegg til Magnus sitt samarbeid med Tvedt, har professor Elisabeth Ivarsflaten og miljøet som jobbar med Medborgarpanelet hatt eit tett samarbeid med journalistar. Bergens Tidende presenterte fleire saker knytt til data frå panelet før stortingsvalet i haust. Frank Aarebrot hadde eit samarbeid med NRK.

No lever forskarar og journalistar side om side i Media City Bergen. Den røynde journalisten meiner det opnar for meir samarbeid.

– Maktkritisk journalistikk er dyr, og gir ikkje nødvendigvis pengar i kassa for redaksjonane. Her sit ein i same bygg som forskarar med djuptpløyande prosjekt som det kan verta god journalistikk av. Så min kanskje naive tanke er at det kan verta meir samarbeid no når ein sit under same tak. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed