Hevdar han fann vikingskatt i pose ved Strax-huset

Publisert:10. november 2017Oppdatert:13. november 2017, 08:50
Politiadvokat Linn Revheim ba om fire vekers varetekt for klienten til advokat Kathrine Liland.

51-åringen hevda at han fann ein vikingskatt i ein plastpose utanfor Strax-huset, men blei ikkje trudd av retten. 

Mannen samtykka i varetektsfengsling i Bergen tingrett i dag, og innrømmer skuld for grovt heleri, men ikkje tjuveri. 

Til politiet har mannen forklart at han ikkje kjende til innbrotet på Universitetsmuseet. Ein del av tjuvegodset blei funne heime hos mannen, som bur i Bergen. Det er desse gjenstandane han hevdar at han kom over ved Strax-huset, berre 600 meter frå museet. 

Men retten festar ikkje lit til forklaringa hans: Forklaringa framstår som tilpassa, skriv retten i fengslingsavgjerda. 

Han er så langt den siste som er tatt for innbrotet på museet. Politiet meiner å ha oversikt over kva roller dei fire involverte har hatt: 

  • Mann, 49 år: I oktober kom han inn på politistasjonen i Bergen sentrum og fortalde at han hadde gjort tjuveriet på Universitetsmuseet, men angra kraftig. Han blei lagt inn på sjukehus på grunn av sin psykiske helsetilstand, og har ikkje blitt formelt avhøyrd av politiet enno. Politiet trur han er ein av to som har vore med på sjølve tjuveriet. 
  • Mann, 41 år: Han blei varetektsfengsla for fire veker torsdag 9. november, sikta for grovt tjuveri eller grovt heleri. Mannen har innrømma delvis straffskuld, og politiet trur at han utførte innbrotet saman med 49-åringen. 
  • Mann, 47 år: Politiet fann størstedelen av dei stolne gjenstandane i ein Ikea-pose heime hos mannen. Han er sikta for grovt tjuveri eller grovt heleri, og har innrømma straffskuld. Politiet trur ikkje han har vore med på sjølve innbrotet. Mannen blei fengsla for fire veker torsdag 9. november. 
  • Mann, 51 år: Heime hos denne mannen fann politiet ein del gjenstandar. Han hevdar at han fann dei i ein plastpose utanfor Strax-huset, men blei ikkje trudd på dette i retten. Han er og varetektsfengsla i fire veker, og har innrømma straffskuld for heleri. 

Dei tre mennene er fengsla med restriksjonar på kontakt, slik at dei ikkje skal samkøyre forklaringane sine. Framleis manglar nær 100 gjenstandar, ein del av dei i gull eller materiale som kan minne om gull. 

– Eg trur nokre av dei som er varetektsfengsla veit meir om kor resten av gjenstandane er, seier politiadvokat Revheim.

Ho håper at personar som kan sitte med gjenstandar melder seg, eller leverer dei tilbake til museet eller politiet på andre måtar. 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed