Flyttar administrasjonen hit, så kan ein selja andre bygg

Publisert:30. november 2017Oppdatert:30. november 2017, 12:34
Gamle BT-bygget, eller Stein Rokkans Hus. I bygget med adresse Nygårdsgaten 5 skal sentraladminsitrasjonen etter planen samlokaliserast. Arkivfoto: Magnus Vabø

UiB ønskjer å legga ut totalt 14 bygg for sal. Det vil kunne gi ei inntekt på 600 millionar kroner.

Sentraladministrasjonen skal etter planen samlokaliserast i Nygårdsgaten 5. Det betyr at forskingsadministrativ avdeling, eigedomsavdelinga, HR-avdelinga, kommunikasjonsavdelinga, studieadminsitrativ avdeling, IT-avdelinga og økonomiavdelinga alle skal ha arbeidsplassane sine her. Når dette er gjort, vil lokala i Christies gate 18 og 20, Langes gate 1 og Professor Keysers gate 6 og 8 verta frigjort.

Kan selja meir

Det er allereie vedteke at bygga i Professor Keysers gate skal seljast. Dei står på salslista saman med ei rekkje andre UiB-bygg (sjå faktaboks). Men kva som skjer med dei to bygga i Christies gate og det i Langes gate, er førebels uvisst. I masterplanen for areal, som skal handsamast i universitetsstyremtøet torsdag, heiter det at ein kan vurdera alternativ bruk av desse bygga, og så selja andre og mindre hensiktsmessige bygg. Du kan sjå styremøtet direkte her i På Høyden frå kl. 1000:

Del 2

Del 1

– Ser ein fem-ti år fram i tid, kan det vera aktuelt å selja fleire bygg enn dei som står på lista no, stadfestar universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Bernstrøm seier at det er dei bygga der det er vanskeleg å få til universell utforming eller utfordrande å tilpassa dagens behov som vert vurdert for sal. Det same gjeld bygg med låg energikarakter.

– Over tid har me gått frå mindre til større bygg, seier Bernstrøm.

Tømming?

Å bygga om Nygårdsgaten 5 vil kosta om lag 200 millionar kroner. Kostnaden skal dekkast over eiga budsjettramme, men målet er å få inn pengar gjennom sal av eigedommar og i tillegg spara fordi ein nyttar mindre areal. Inntekta frå salet av dei 14 eigedommane som no står på lista er estimert til nærare 600 millionar kroner.

I masterplanen for areal står det at bygget skal byggast om frå cellekontor til såkalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

– Vert det ingen cellekontor i bygget?

– Det vert ei blanding. Det er sett ned ei prosjektgruppe som er leia av HR-direktør Sonja Dyrkorn som ser på utforminga av bygget. Denne gruppa skal òg sjå på om ein skal bygga om etasje for etasje eller om ein skal tømma bygget medan ombygginga går føre seg, seier Bernstrøm.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed