Berre tre søkarar vil bli energidirektør ved UiB

Publisert:3. november 2017Oppdatert:3. november 2017, 12:48
Den nye energidirektøren vil etter planen ha administrativt ansvar for UiB si satsing på energiomstilling. Foto: Colourbox

Den nyoppretta stillinga skilta med direktørløn og gode høve til å sette sitt preg på energisatsinga til UiB. Tre søkte. Dekan Helge K. Dahle legg ikkje skjul på at han gjerne skulle hatt fleire søkjarar å velje i. 

Energidirektøren rapporterer til ansvarleg dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. I dag er det Helge K. Dahle som har denne stillinga. Han meiner søkarlista inneheld god kompetanse, trass i få navn. Foto: Dag Hellesund

Klima og energiomstilling er eitt av dei tre tematiske satsingsområda ved UiB. Med satsinga kjem ei tilsetting i stilling som fagdirektør for energi.

«Vi ser etter deg som kan vere ein pådrivar for at gode konsortium blir etablerte i større satsingar som Senter for framifrå forsking, Senter for forskingsbasert innovasjon og Forskingssentre for miljøvenleg energi», står det i utlysinga.

Stillinga er løna som fagdirektør kode 1538, noko som betyr ein plass på stigen mellom kroner 792700 (lønstrinn 80) og kroner 910900 (lønstrinn 85).

Då fristen gjekk ut 1. november, hadde tre personar søkt stillinga:

  1. Ranveig Bjørk (47), seniorforskar ved Christian Michelsens Research, Bergen.
  2. Kristin Guldbrandsen Frøysa (52), seniorforskar ved Christian Michelsens Research og førsteamanuensis II ved UiB
  3. Veronique Bugnion (44), CEO ved ClearlyEnergy, Severna i Maryland, USA  

– Gode søkarar

– Mi første vurdering er at det finst god kompetanse blant dei som har søkt, seier dekan Helge K. Dahle.

Dahle legg til at komiteen ikkje har møttest enno, og at difor må ta eit atterhald når han uttaler seg om søkjarlista.

– Dette ser ut til å vere ei spennande stilling med god løn. Hadde du venta fleire søkarar?

– Eg kunne tenkt meg ei lengre søkarliste. Men som sagt er det gode søkarar vi har i bunken, seier han.

Eit lite segment

Ifølge utlysinga bør søkarar mellom anna ha doktorgrad innan energi, erfaring med forhandlingar og prosjektleiing, eit internasjonalt kontaktnett og god innsikt i forskingspolitikk og forskingspolitiske spørsmål.

– Ber de om ein samla kompetanse som få kan skilte med? 

– Det er nok eit segment av søkarar der utvalet er noko avgrensa. Vi skal starte prosessen no, og vil så gjere ei vurdering.

Ifølge UiB.no skal energidirektøren, saman med klimadirektør og den faglege leiinga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, koordinere samarbeidet om forsking, innovasjon og utdanning innan energi og klima. 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed