Alle lågtløna har fått

Publisert:23. november 2017Oppdatert:23. november 2017, 09:20
Eit lønstrinn utgjer ikkje så mange kroner langt nede i lønstrinnsystemet. Men i år har alle med lågast løn fått tillegg, det er eit viktig signal til leiinga, meiner Parat-leiar Randi Heimvik. Arkivfoto: Paul-Erik Rosenbaum

– Ein skal ikkje måtte ha ein velståande partner for å kunne leva av UiB-løn, seier Jørgen Melve.

Årets lønsoppgjer ved UiB er i hovudsak avslutta. Totalt 15 371 532 millionar kroner skulle fordelast. I år vart nesten 600 000 kroner trekt ut av potten. Desse pengane skulle fordelast på dei som tener minst.

I praksis betyr dette at alle som før oppgjeret var plasserte i lønstrinn opp til 43 (392 100 kroner), fekk eitt ekstra lønstrinn. Dei med aller lågast løn, opp til lønstrinn 37 (361 700), har fått to lønstrinn.

Fire grupper tener dårleg

– Ein skal ikkje måtte ha ein velståande partner for å kunne leva av UiB-løn, seier NTL-leiar Jørgen Melve.

Han seier at det er særleg fire grupper som tener dårleg ved UiB: Tannhelsesekretærar, driftspersonale, forskingsteknikarar og dei som er tilsette som betjentar på Universitetsmuseet.

– Alle dei med lågast løn har altså fått minst eitt lønstrinn. Men nokre av dei har fått meir, fordi dei òg har vore forhandla om individuelt, seier Melve.

Men dersom ein vert flytta frå til dømes lønstrinn 39 til 40, er skilnaden berre om lag 5 000 kroner i året.

– Desse gruppene tener framleis ikkje godt, kva kan de gjera med det?

– Me vil ha dei opp. Det som konkret er gjort, er at me til dømes har fått til avtalar om at dei ikkje skal plasserast i for lågt lønstrinn når dei vert tilsett. Det har vore tilfelle der tannhelsesekretærar har vorte tilsett i lønstrinn 32 (340 900), fortel Melve.

Flest kvinner

Melve har nokre medlemmer med låg løn, men det er ikkje dei det er flest av i NTL. Mange av dei som tener dårlegast, er organisert i i Parat. Randi Heimvik er hovudtillitsvalt.

– Mange av dei med lågast løn er kvinner, og mange har jobba lenge ved UiB. Dei som i dag har tittelen forskingsteknikar, er gjerne dei som tok utdanning som laborant på 1970- og -80-talet. Dei har jobba ved UiB heilt sidan dei hadde læretida si her.

Heimvik seier problemet er at denne gruppa har vorte plassert i låg lønstrinn ved tilsetjing. Slik har dei vorte hengjande etter.

– No snakkar ein ofte om å gi folk ei skikkeleg løn når dei vert tilsett. Det er viktig. Men arbeidsgivar ivaretek ikkje dei som har vore tilsett lenge. Når ein i år har gitt alle med lågast løn eit løft, er det eit sterkt signal til leiinga om at ein må ta vare på òg dei som har vore her i mange, mange år, seier Heimvik.

Ho meiner at ved å til dømes ikkje lenger bruka forskingsteknikar som tittel, men heller avdelingsingeniør, kan ein få løfta løna for denne gruppa. I tillegg kan ein gjera stillingane meir attraktive for søkjarar.

– Ein skal kunne leva av UiB-løna si. Ein skal ikkje nødvendigvis leva i overflod, men ein skal kunne ha råd til eigen bustad – òg dersom ein ikkje har ein mann som tener godt. Som utdanningsinstitusjon meiner eg at UiB har eit særleg ansvar for dette, seier Heimvik.

Tillegg til stipendiatar

Frå 1. mai fekk alle i LO Stat, Unio og YS Stat eit generelt tillegg frå sentralt hald på 0,33 prosent. Det vart gjort gjennom ei justering av lønstrinna. 0,8 prosent av lønsmassen vart sett av til lokale forhandlingar. Akademikerne skulle forhandla om 0,85 prosent av lønsmassen lokalt. Ved UiB enda dei på eit flatt tillegg på 0,94 prosent.

I tillegg til at dei med lågast løn ved UiB fekk eit eige tillegg, vart det bestemt at stipendiatar, postdoktorar og kandidatar i spesialisering skulle få ein flat lønsauke på 0,7 prosent.

– Dette er ei gruppe som passar dårleg inn i lokale forhandlingar, der ein forhandlar på individbasis, seier Melve.

Mange i denne gruppa er plassert i lønstrinn 50-55, det vil seia rundt 450 000 kroner i årsløn.

Lågtlønsprofil hos professorane

– Eg synest det er fint at ein spreier lønstillegga på mange personar, seier Steinar Vagstad.

Han er hovudtillitsvalt i Forskerforbundet og har forhandla for dei gruppene som tener best. Men òg her er det variasjonar. Ein professor ved Det juridiske fakultetet tener no om lag ein million kroner, fortel Vagstad. Ved dei andre fakulteta er professorane plasserte i hovudsak mellom lønstrinn 75 og 82, det vil seia frå knappe 700 000 til vel 850 000.

– Det litt spesielle i år var at arbeidsgivar hadde lagt opp til ein slags lågtlønsprofil i professorgruppa. Deira forslag var kandidatar med lønstrinn på 70-talet, seier Vagstad.

– I fjor gjekk mykje av pengane til professorar som tente godt frå før. Det vert gjerne slik når ein belønner innsats og resultat, dei som er flinke eitt år, er gjerne flinke også over tid.

Det er vanskeleg å verta professor, men lett å vera professor

– Ein ting er at det er noko variasjon mellom fakulteta. Men kvifor skal to professorar som sit vegg i vegg ha ulik løn?

– Det kan vera så enkelt som at den eine står meir på enn den andre. Det er jo sagt at det er vanskeleg å verta professor, men lett å vera professor. Dersom ein verkeleg jobbar og får inn store, eksterne prosjekt med mykje pengar involvert, meiner eg det er ein god grunn til at arbeidsgivar òg skal betala ein betre, seier Vagstad.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed