Utsatte avgjørelse om flytting av psykolog-klinikker

Publisert:25. oktober 2017Oppdatert:25. oktober 2017, 13:43
UiO-rektor Svein Stølen var svært glad for at Universitetsstyret gjorde eit samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt. Foto: Ola Sæther

– Eg er svært nøgd for me har fått eit vedtak som me kan leva godt med.  seier rektor Svein Stølen etter at Universitetsstyret klarte å koma fram til eit samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt.

Det var ein svært glad UIO-rektor Svein Stølen møtte etter at det samrøystes vedtaket i Universitetsstyret var vel i hamn.

– Me kjem no til å jobba steinhardt for at både pasientar og studentar kan koma tilbake så fort som mogleg til ei god drift, lovar Svein Stølen.

 Synest du det var vanskeleg å sy saman eit forslag som alle kunne stemma for?

– Eg synest det var eit godt styremøte der det var ein god dialog, der me opna opp og torde å snakka med kvarandre og så kom me til ein konklusjon. Eg vil gi ære til alle i styret for å ha bidrege veldig konstruktivt til at me har nådd ei semje.

–Trur du at det blir ro rundt denne saka no i tida framover?

– Eg håpar det, og me skal absolutt jobba så godt me kan for å få bidra til det ved å involvera og informera også vidare. Me har sagt allereie fleire gonger at me ser at me ikkje har handtert denne saka godt når det gjeld kommunikasjon, og me har heller ikkje involvert studentar godt nok, slik også (instituttleiar.Red.merknad) Pål Kraft sa i dag.

Ser alvorleg på avvika

I det endelege vedtaket blir det understreka at Universitetsstyret ser alvorleg på avvika som er avdekte på klinikken ved Psykologisk institutt. I vedtaket heiter det også at Universitetsstyret ber universitetsdirektøren i samråd med fakultetsleiinga, instituttstyret, instituttleiinga, klinikkleiinga og  relevante styresmakter om å halda fram med arbeidet med å avdekkja omfanget av brot på relevant lovverk og handtera dei identifiserte avvika for å ta opp igjen studentpraksis og pasientbehandling så snart som mogleg. Dessutan skal arbeidet for å finna fram til modellar for mogleg framtidig organisering som sikrar fagleg autonomi i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare, heiter det. 

Når det gjeld den framtidige organiseringa av undervisningsklinikkane blir det vist til at det primært er eit ansvar for ordinære fag- og styringsorgan. Endeleg vedtak av modell vil gjerast av Universitetsstyret etter ein prosess som sikrar involvering av studentar og tilsette sin medverknad. Dette inneber handsaming i styra ved Psykologisk institutt og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Styret ber dessutan internrevisor om å gå gjennom rutinar for internkontroll knytt til klinikkdrift ved UiO, går det fram av det endelege vedtaket.

Internrevisjonen kom med hard kritikk

Behandlinga av situasjonen ved klinikken på Psykologisk institutt begynte klokka 14.00 i ettermiddag og heldt på heilt fram til kl. 17.45. Men eigentleg starta behandlinga i dag med at Internrevisjonen ved Universitetet i Oslo la fram sin rapport om  drifta ved klinikken på Psykologisk institutt.  

    • Les rapporten frå Internrevisjonen

I rapporten frå Internrevisjonen går det fram at det har vore store veikskapar i internkontrollrutinar og i etterleving av lover og reglar. Det har ikkje vore kontroll med kven som har tilgang til personsensitive data. Journalar og helseregister har vore opne for langt fleire enn det som krav og føreskrifter tillét. Risikoen for uautorisert tilgang har eksponert pasientar og UiO for uynskte hendingar i personvern. Det er sett i verk strakstiltak på området, heiter det i rapporten som blei lagt ut på UiOs nettsider klokka 10:16 i formiddag.

Saman med rapporten frå Kluges Advokatfirma AS, utgjorde rapporten frå Internrevisjonen ein viktig del av grunnlagsmaterialet som Universitetsstyret fekk på bordet, før dei skulle ta stilling til forslaget til vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt.  Begge rapportane blei tinga av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og resten av UiO-leiinga etter at dei hadde bestemt å stengja klinikken på dagen tysdag 10. oktober.

Det hende etter at dei hadde fått meldingar frå instituttleiar Pål Kraft om at det var alvorleg tvil om klinikkdrifta var i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter innanfor helse og personvern.  Kluge-rapporten dokumenterte at det var ni avvik på ti lover og føreskrifter.  Samtidig held den sjansen open for at klinikken kunne opnast igjen når dei naudsynte tiltaka var gjennomførte.

Begynte med usemje i Universitetsstyret

Under møtet i Universitetsstyret bylgja diskusjonen fram og tilbake om kva som burde med i eit forslag til vedtak. Utgangspunktet var det opphavlege framlegget til vedtak frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og resten av UiO-leiinga.

Det lyder slik: “Universitetsstyret ser svært alvorlig på de funn som er avdekket ved driften av klinikken ved Psykologisk institutt. En midlertidig stengning av driften av klinikken var helt nødvendig gitt situasjonen, samtidig som tiltak for ivaretakelse av pasienter og studenter ble igangsatt. Universitetsdirektøren gis fullmakt til å fortsette forhandlingene med Lovisenberg Diakonale Sykehus AS for å finne fram til modeller for fremtidig organisering. Universitetsstyret avventer rapporten fra Enhet for intern revisjon, og vurderinger fra Statens helsetilsyn/Fylkesmannen og Datatilsynet.”

Representant for dei vitskaplege tilsette Erling Sandmo var ein av dei som var mest kritisk til det opphavlege framlegget til vedtak:

– Kvar er rapporten frå Aslak Syse? Var det naudsynt eller ikkje? Det er ikkje vår oppgåve å ta stilling til det, meinte han. 

– Kvalitet på undervisning har aldri vore eit spørsmål. Flytting av klinikken til Lovisenberg, vil ha store konsekvensar for studentar og UiO. Omsynet til studentane si utdanning er usynleg her, sa han. 

Styrerepresentant Erling Sandmo var den som tok sterkast til orde for at klinikken på Psykologisk institutt burde opnast igjen. (Foto: Ola Sæther)

Erling Sandmo argumenterte også for at klinikken burde opnast igjen.

– I Internrevisjonens rapport er det også alvorlege avvik. Men alle tar det på alvor. Kluge konkluderte med å setja i verk tiltak, ikkje å gjennomføra tiltak. Det er sett i verk ei rekkje tiltak, difor kan eg ikkje skjøna noko anna enn at den informasjonen som er lagt fram og at internrevisjonen, som  har laga ein rapport dei har jobba med natt og dag, ja då bør konklusjonen bli at klinikkane kan opnast igjen, meinte han. 

Erling Sandmo fekk derimot ein del motbør frå ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer.

– For det første: Det er både i studentane si interesse og i UiOs interesse at pasientane sine behov blir tatt vare på.  Er dette i samsvar med dei krava som blir stilte? Det er viktig for finansnæringa, og derfor må dei same krava når det handlar om pasientar, slo han fast. Kreutzer insisterte på at det måtte bli tatt ei avgjerd av Universitetstyret i denne saka.

– Det er ingen problem om me tar ei avgjerd om dette i Universitetsstyret. Eg vil nok heller løysa den ekstraordinære situasjonen og få på plass det som manglar. Då vil den ekstraordinære situasjonen bli løyst.  Eg er overraska over at det har  vore så høg temperatur Det er viktig at det blir handla i ei slik sak, understreka han. Kreutzer fekk støtte frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe:

– Om me får dette mandatet frå styret, kan me halda fram med denne jobben. Det er viktig for oss å ha ein dialog med Helsetilsynet, slik at me har ein plan for å lukka avvika. Uansett kva som skjer, må me ha dialog med helsestyresmaktene, sa ho under debatten.  Representant for dei vitskaplege tilsette, Olav Gjelsvik tykte at det no såg lysare ut med tanke på å få retta opp avvika på klinikken.

– Det er stort medvit i fagmiljøet om å retta opp dei avvika som er avdekte.  Det er mange meiningar om stenginga er proporsjonal i høve til kor alvorlege avvika var. Det er stor merksemd i fagmiljøet rundt Psykologisk institutt for å få retta opp dei avvika som er kartlagde,  hadde han registrert.

Ekstern representant Anne-Marie Engel tok også ordet i diskusjonen:

– Universitetsstyret kan ikkje bestemma det faglege. Det må instituttet og fagpersonane gjera. Me bør gjera ei parallell prosess, slik at demokratiske fora også blir tatt med på råd. UiO må visa ansvar, sa ho.

To alternative forslag til vedtak

Etter den delen av debatten bad rektor Svein Stølen om ein liten pause.  Etter nok ein pause kom han tilbake med eit revidert forslag til vedtak frå universitetsleiinga. Samtidig kom også styrerepresentantane for dei vitskapleg tilsette  Erling Sandvik og Olav Gjelsvik med sitt eige forslag til vedtak.

Det reviderte forslaget til vedtak frå universitetsleiinga hadde denne ordlyden:

Revidert forslag til vedtak frå UiO-leiinga:

1. Universitetsstyret ser alvorleg på dei funna som er avdekte ved  drifta av klinikken ved Psykologisk institutt.

2. Universitetsstyret tar den mellombelse stenginga av drifta av klinikken ved Psykologisk institutt til informasjon

3. Universitetsstyret ber universitetsdirektøren om å halda fram med arbeidet med relevante styresmakter om å halda fram arbeidet med å avdekkja omfanget av brot på relevant lovverk og handtera dei identifiserte avvika med mål om å ta opp igjen studentpraksis og pasientbehandling så snart som mogleg.

4. Arbeidet for å finna fram til modellar for mogleg framtidig organisering som er i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk og som sikrar fagleg autonomi i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare.

5. Endeleg vedtak av modell vil gjerast av universitetsstyret etter ein prosess som sikrar involvering av studentar og tilsette sin medverknad. Dette inneber føregåande handsaming i styra ved Psykologisk institutt og Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

6. Styret ber internrevisor om å gå gjennom rutinar for internkontroll knytt til klinikkdrift ved UiO.

Det alternative forslaget blei kalla for forslag B, og har fylgjande ordlyd:

Forslag B:

1. Universitetsstyret ser alvorleg på dei funna som er avdekte ved  drifta av klinikken ved Psykologisk institutt.

2. Universitetsstyret tar den mellombelse stenginga av drifta av klinikken ved Psykologisk institutt til informasjon

3. Universitetsstyret ber klinikkleiinga ved PSI i samråd med Helsetilsynet/Fylkesmannen om å halda fram med arbeidet om å halda fram arbeidet med å avdekkja omfanget av brot på relevant lovverk og handtera dei identifiserte avvika med mål om å ta opp igjen studentpraksis og pasientbehandling så snart Helsetilsynet/Fylkesmannen gir grønt lys.

4. Arbeidet for å finna fram til modellar for mogleg framtidig organisering som sikrar fagleg autonomi  i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare. er i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk og som sikrar fagleg autonomi i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare.

5. Utforming av psykologiutdanninga ved Psykologisk institutt – under her permanent organisering av undervisningsklinikkane er primært eit ansvar for ordinære fag- og styringsorgan – dette inneber behandling i styra ved Psykologisk institutt og SV-fakultetet. 

6. Styret ber internrevisor om å gå gjennom rutinar for internkontroll knytt til klinikkdrift ved UiO.

Det endelege vedtaket:

Og etter ein ny diskusjon i plenum blei heile Universitetsstyret til slutt einige om å vedta fylgjande forslag.

1. Universitetsstyret ser alvorleg på dei funna som er avdekte ved drifta av klinikken ved Psykologisk institutt.

2. Universitetsstyret tar den mellombelse stenginga av drifta av klinikken ved Psykologisk institutt til orientering.

3. Universitetsstyret ber universitetsdirektøren i samråd med fakultetsleiinga, instituttstyret, instituttleiinga, klinikkleiinga og  relevante styresmakter om å halda fram med arbeidet med å avdekkja omfanget av brot på relevant lovverk og handtera dei identifiserte avvika for å ta opp igjen studentpraksis og pasientbehandling så snart som mogleg.

4. Arbeidet for å finna fram til modellar for mogleg framtidig organisering som sikrar fagleg autonomi i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare.

5. Framtidig organisering av undervisningsklinikkane er primært eit ansvar for ordinære fag- og styringsorgan. Endeleg vedtak av modell vil gjerast av universitetsstyret etter ein prosess som sikrar involvering av studentar og tilsette sin medverknad. Dette inneber handsaming i styra ved Psykologisk institutt og Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

6. Styret ber internrevisor om å gå gjennom rutinar for internkontroll knytt til klinikkdrift ved UiO.

Då gav heile Universitetsstyret kvarandre ein god applaus.

Også leiar for fagutvalet ved Psykologisk institutt, Karethe Hustad Hansen var svært glad for vedtaket, ifylgje Universitas.

– Me er veldig takksame for støtta me har fått i Universitetsstyret. Det har vore ein grundig og ryddig demokratisk prosess i styret for å koma  fram til eit tilfredsstillande resultat, seier Karethe Hustad Hansen til avisa.

Eit samrøystes universitetsstyre kom fram til eit endeleg vedtak om den vidare handsaminga av klinikkdrifta ved Psykologisk institutt. (Foto: Ola Sæther)

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed