Spøkte om å voldta transperson, begge fekk skuld

Publisert:9. oktober 2017Oppdatert:16. oktober 2017, 13:48
Dei to studentane i Sogndal var så grove i språket at begge fekk beskjed om å ta seg saman. Foto: Ida Bergstrøm

Då Høgskulen på Vestlandet fekk inn ei sak om seksuell trakassering, enda det med tilsnakk til begge studentane.

Ein transperson melde i haust ein medstudent for seksuell trakassering, etter at han over tid hadde hatt eit særs grovt og seksualisert språk overfor ho. Ho melde medstudenten etter ein særleg episode i august. Begge studerer ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ved campus Sogndal.

Men etter å ha undersøkt saka, enda det opp med at begge fekk tilsnakk og klar melding frå høgskulen om at dei begge hadde bidrege til den grove omgangsforma, og at dette måtte ta slutt.

Sjølv om medstudenten mellom anna hadde spøkt med at han kunne valdta ho på do, og liknande grove, seksuelle forslag, fann HVL likevel ikkje at dette var seksuell trakassering. Grunnen var at ho og den mannlege medstudenten «har hatt ein ekstremt vulgær og seksualisert sjargong seg i mellom over lengre tid», og at det ikkje var opplagt at medstudenten difor forsto at ho følte seg trakassert.

– Ikkje greitt å tru

Ho er ikkje nøgd med utfallet.

– Medstudenten sa at han hadde meinte dette som oppmuntring og inkludering. Men det er ikkje greitt å tru at slikt er oppmuntrande og inkluderande, seier ho.

Ho seier at det å svare på grovt, seksualisert språk og vise sjølvironi kan vere ein måte å beskytte seg på som transperson. Men at det ikkje tyder at det er fritt fram for andre å snakke særleg grovt om eller med transpersonar, og er misnøgd med at høgskulen ikkje forstår at dette blir opplevd annleis av ho.

– Kva er trakassering, og kven skal få lov til å definere det? Er det meg som mottakar, eller er det ein visedirektør på ein høgskule? Dette handlar litt om mangel på kunnskap til å forstå den typen problematikk som oppstår, seier ho.

– Manglar rutiner

Ho ønskjer at HVL no får gode rutinar for å behandle meldingar om seksuell trakassering av studentar.

– Verken Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund eller Høgskulen i Sogn og Fjordane har hatt slike rutinar. Det må ein ha!

For ho er utfallet uansett dårleg. Ettersom begge studentane fekk skuld for omgangsforma føler ho seg uglesett på studiet, og deltek ikkje meir i felles undervisning.

– Eg er rett og slett dritskuffa. Eg blir nesten bekymra dersom andre hamner i same situasjon som meg, seier ho.

På Høyden har vore i kontakt med medstudenten, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

Studentombod vil vurdere saka

Det nyoppretta studentombodet til HVL, Sindre Dueland, har òg vore inne i saka.

– Ein må gjere seg erfaringar i ei slik sak, som i alle andre typar saker ein ikkje har behandla før. På grunn av bekymringane til hennar vil eg ta ei vurdering av om saksbehandlinga har vore forsvarleg. Det er viktig at høgskulen behandlar slike saker seriøst, og tek tak i dei på ein god måte, seier Dueland.

– Har rutiner

Prorektor Bjørg Kristin Selvik er ikkje einig i at HVL ikkje har rutinar for å ta hand om seksuell trakassering

– Utfrå det vi får melding om, prøver vi å ha ei god oppfølging av det. Men vi har sagt at vi skal gå gjennom rutinane våre, og det er alltid vanskelege og alvorlege saker, som må takast på alvor, seier Selvik til På Høyden.

Det kan likevel vere skilnader mellom korleis saker som involverer studentar og tilsette blir handsama, då dei sorterer under ulike lovar.

– Eg tenkjer at studentar ikkje får dårlegare oppfølging enn tilsette. Men vi har ulike reaksjonsmulegheiter overfor tilsette og studentar.  Vi ønskjer at det skal vere skikkelege omgangsformer mellom både tilsette og studentar.

I denne saka meiner Selvik dei har fått til ei tilfredsstillande løysing.

– Vi har funne ei løysing som begge partar har slutta seg til. Vi har lytta til og skal ivareta begge.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed