– Slett ikkje verst budsjett

Publisert:12. oktober 2017Oppdatert:12. oktober 2017, 11:52
UiB-rektor Dag Rune Olsen vil ikkje klage på eit statsbudsjett som gir sektoren ein realauke på meir enn ein prosent. Foto: Tor Farstad

Ein realvekst på ein drøy prosent for universitets- og høgskulesektoren er UiB-rektor Dag Rune Olsen godt nøgd med.

At det framleis er vekst i sektoren var ikkje noko ein utan vidare kunne vente, utifrå dei signala regjeringa har sendt ut på førehand.

– Regjeringa har framleis trykk på forsking og høgare utdanning. Og sjølv med eit strammare budsjett er det naudsynt å prioritere forsking ot utdanning, konstaterer Olsen nøgd.

Opp på resultatmidlar

I dag er han på plass i Vandrehallen på Stortinget for å kommentere statsbudsjettet.

For Universitetet i Bergen (UiB) er budsjettet om lag som forventa.

– Det ligg ingen store endringar for vår del. Vi har tent noko på dei resultatbaserte midla, kanskje 10-15 millionar kroner. Modellen for tildeling er ikkje endra, så det hadde vi rekna med.

Olsen er dessutan nøgd med at løyvingane til ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) og Fripro-ordninga for forskingsmidlar frå Forskingrådet er styrka. Dessutan får sektoren 175 millionar kroner til nasjonal infrastruktur for forsking, som kan brukast til investeringar i større ting som skip og laboratorium ein må samarbeide om.

Usynleg humaniora

Men ein viktig ting manglar: Humaniora.

– Eg er mindre nøgd med at humaniorameldinga glimrar med sitt fråvær i budsjettet. Vi hadde som eit minimum forventa finansiering av 4-årige bachelorprogram for språkfag ein ikkje har opplæring i i vidaregåande skule, slik som japansk, fortel Olsen.

– Det einaste som er lagt inn for humaniora er fem millionar kroner til prosjekt for å sjå korleis teknologien påverkar oss. Her viser regjeringa eit litt for instrumentelt syn på humaniora si rolle, og Stortinget bør kjenne sitt ansvar, synest UiB-rektoren.

Han er heller ikkje nøgd med at regjeringa held fram med å kutte 0,5 prosent for å effektivisere administrasjonen, og ville heller hatt pengar til å investere i IKT-system som kunne gjort det muleg å effektivisere.

Ikkje så trangt og vondt

– Det er veldig gledeleg at det ligg 10 millionar kroner for å samlokalisere den marine forskinga i Bergen.

Summen er òg noko over det som var venta.

– Med ein realvekst er det vanskeleg å sjå kor trangt, vondt og vanskeleg dette budsjettet kan vere, seier Olsen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed