Skauge sto aleine mot opne landskap

Publisert:26. oktober 2017Oppdatert:26. oktober 2017, 11:41
Tom Skauge engasjerte seg sterkt mot ein stor del opne kontorlandskap i det nye bygget på Kronstad. Men resten av styret meinte at prosessen er god. Biletet er tatt ved eit tidlegare styremøte.

Berre Tom Skauge gikk inn for å styre Høgskulen på Vestlandet (HVL) vekk frå såkalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar i det nye bygget som er under planlegging.

– Eg synest ikkje dette er ein god prosess. Målet om at halvparten av arbeidsplassane skulle vere i cellekontor, og halvparten i landskap, er klipt vekk i løpet av sommaren. Dette er ein veldig dårleg prosess, og det er uklokt at vi tek han midt oppi alle dei andre prosessane, sa Skauge på styremøtet i går.

Aktivitetsbasert kontor

Han går sterkt imot at det stadig blir lagt opp til færre cellekontor i det nye prosjektet, Kronstad 2. Det nye bygget skal samle mange tilsette ved HVL, som i dag ikkje får plass i bygga på Kronstad.

Bak ligg den statlege normen for arbeidsplassar, set eit tak på 23 kvadratmeter per tilsett, inkludert fellesareal som kantine, gangareal, møterom og toalett. Normen gjer det vanskelegare å ha cellekontor, og skal sikre effektiv arealbruk. På den annan side finst det mykje forsking som viser at opne kontorlandskap gir lågare effektivitet, og andre uønska effekter.

I aktivitetsbaserte kontorløysingar er det gjerne ulike soner, der ein kan byte plass i takt med kva arbeidsoppgåver ein gjer. Ofte kan ein ha fast plass i ein <<base>>, mens i andre løysingar er det rein pult som gjeld: Ein har ikkje faste pultar, og alle må rydde pulten når dei ikkje sit der, og oppbevare alle eigedelar i ei eske eller eit skap.

Skauge meiner at det er ein stor risiko for HVL å satse på aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

– Om vi følger forskinga, så ser vi at vi risikerer eit stort produksjonstap, som vil koste høgskulen meir enn husleigeutgiftene vi sparer. Eg synest styret skal bry seg om dette, sa Tom Skauge.

– Misbruk av styret si rolle

Men argumenta hans fekk ikkje gjenklang i resten av styret:

– Når det gjeld forsking er den meir balansert, og vi kan ikkje her i styret ta korte avgjerder i høve til kva som er bra. Mitt ønske er at vi skal ha gode prosessar. Det er ikkje gitt at nokon skal dragast inn i det nye bygget om dei ikkje ønskjer å vere der, og vi må sjå på Kronstad 1 og Kronstad 2 samla når vi snakkar om ulike typar rom og areal. Det er i alle fall ikkje mitt ønske at folk skal oppleve at dei ikkje har ein god arbeidsplass, seier rektor Berit Rokne.

Styreleiar Arvid Hallén åtvara styret mot å detaljstyre prosessen med det nye bygget.

– Det ville vore eit misbruk av styret si rolle. Vi må sikre oss at prosessen har høg kvalitet, men ikkje gå inn og blande oss inn i det arbeidet som no skjer, seier han.

Verken studentar, eksterne styrerepresentantar eller interne tilsetterepresentantar såg problem med prosessen.

– Eg synest prosessen som er skissert er heilt grei. Eg har inntrykk av at det er manglande forståing for det aktivitetsbaserte arbeidsplass-konsetptet, sa Marit Ubbe, som representerer dei tekniske og administrativt tilsette i styret.

Etterlyser forsking og innsparing

Sissel Johansson Brenna var heller ikkje kritisk til prosessen, men stilte spørsmål ved den eventuelle innsparinga.

– Sparer ein eigentleg så mykje plass? For meg er det uklart kva konklusjonen på det er, sa Brenna.

Tom Skauge understrekar at han ikkje er negativ til opne kontorlandskap, dersom nokon kan vise fram forsking som  viser at det faktisk er bra:

– Dersom dette er ein god måte å jobbe på, så vær så god!  

Skauge hadde eit eige tilleggforslag i saka, som berre var til orientering, men forslaget fekk berre hans røyst. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed