Lurt til å reisa på konferanse

Publisert:11. oktober 2017Oppdatert:11. oktober 2017, 15:39
Kjemiprofessor Tanja Barth føler ho gjekk på limpinnen. – Men det er nok noko fleire har eller kjem til å oppleva, så eg tenkjer det er viktig at eg åtvarar andre. Foto: Hilde Kristin Strand

– Kjekt at dei unge får prøva seg, tenkte Tanja Barth, då ein tidlegare ph.d.-student inviterte henne til ein konferanse. Problemet var berre at det gjorde han slett ikkje.

Allereie før ho hadde halde føredraget, var det laga diplom til professor Barth – skrive i eit temmeleg blomstrande språk. Foto: Hilde Kristin Strand

– Eg følte meg snytt. Det er litt som den eine gongen ein trykkjer på eit vedlegg ein ikkje burde, seier Tanja Barth.

Tidlegare i år vart kjemiprofessoren invitert til ein konferanse i Berlin, der ho skulle vera ein av dei som skulle halda føredrag. At det kjem slike tilbod til eposten hennar er slett ikkje uvanleg, og ho gjorde som ho ofte gjer – takka nei. Kjapt etterpå kom det ei purring. Då såg ho at det var eit kjent namn som hadde skrive under eposten, ein mannleg forskar som var i Bergen som ph.d.-student.

– Eg tenkte at det var kjekt at dei unge forskarane fekk prøva seg, og bestemte meg for å takka ja. Deltakaravgifta var 740 euro. Litt dyrt, tenkte eg, men ikkje avskrekkande, seier Barth.

– Krympa til seminar
Allereie før ho reiste til Berlin var det eit par ting ho stussa på. Ho syntest sjølve konferanseprogrammet var litt forvirrande. Og ikkje før like før avreise fekk ho vita kvar i Berlin ho skulle vera.

Så kom ho fram.

– Mykje av programmet vart ikkje noko av og det var inga møteleiing. Det som var sagt å vera ein konferanse var rett og slett krympa til eit lite seminar, arrangert i eit lite seminarrom. På ingen måte verd 740 euro, seier Barth.

Ho legg til:

– Men det var veldig skikkelege folk som kom, greie føredrag, og nokre av temaa har eg tenkt å følgja opp.

Forskaren kom ikkje
Forskaren ho kjende? Han var der ikkje. Då Barth sendte han ein e-post etter at ho kom heim til Noreg, fekk ho til svar at han ikkje visste noko som helst om dette.

Då skjønte ho det heile. Arrangør av konferansen var firmaet Conferenceseries. På nettsida deira kan ein lesa at dei kan tilby konferansar innan svært mange ulike tema. Då Barth var i Berlin, vart det side om side på det same hotellet arrangert konferansar om grønn energi, som ho var på, barnepsykologi og bilmotorar.

– Me har vore obs på dei opne tidsskrifta og problemstillinga med at nokre berre er ute etter å tena pengar. Eg tenkte at det var ei kopling då seks sider i konferanseprogrammet var sett av til å fortelja om dette firmaet sine opne tidsskrift. Men eg ante ikkje at ein hadde bevega seg over til konferansesegmentet, seier Barth.

Verst synest ho det er at firmaet har lånt identiteten til ein kollega. Då ho sjekka nærare, viste det seg at det var firmaet si epostadresse som var brukt, men det såg ut som om han ho kjende jobba for dei.

– Dette er misbruk av eit fagleg, kollegialt nettverk, seier Barth.

– Eg har reist på mange konferansar og eg har vore med på å arrangera konferansar. Det er mykje arbeid med det – og òg mykje dugnad. Eg synest det er uanstendig at nokon skal skumma fløyten og tena pengar på denne måten.

Måtte vera skarp i kantane
Barth fortel at det ofte kjem tilbod om konferansar og andre arrangement. Ofte takkar ho nei.

–No når eg har opplevd dette, tenkjer eg at eg ikkje kan ta for god fisk at ein invitasjon eller eit tips kjem frå ein kollega. Eg må laga meg betre rutinar for å sjekka kva det faktisk er for noko.

Allereie før avreise til Tyskland begynte ho å få epostar om noko som heiter Green Chemistry. Her skulle det arrangerast eit eller anna i Australia.

– Eg takka nei og sa at eg ikkje hadde høve til å vera med på dette. Avsendar ga seg ikkje, så til slutt måtte eg vera skarpare i kantane enn eg plar, seier kjemiprofessoren.

Tipp kven som var avsendar?

Instituttleiaren fekk òg
Tanja Barth fortalte instituttleiar Knut Børve om kva ho hadde opplevd. Eit søk i Børve sin eigen epostkasse viste at han òg har vorte invitert til konferansar i regi av Conferenceseries.

– Eg kan ha sletta noko. Men eg ser no at eg har vorte invitert til noko om lag ein gong kvar månad. Eg har vorte invitert til å halda føredrag på alle felt, nokon har tydelegvis gått gjennom ei liste og satsa på at eg til slutt bit på, seier Børve.

No vil han ta opp problemet med slike tilsynelatande falske konferansar neste gong instituttet har instituttsamling.

– Me har vore obs på utviklinga med dei opne tidsskrifta, og at nokon der berre er ute etter å loppa ein for pengar, men me har ikkje visst om at det òg gjeld konferansar.

Huffington post har verksemda på si liste over useriøse aktørar.

Reiserekning på 14 000
Børve seier at ein ting er å setja opp ein konferanse som ikkje er verd vatn.

– Men det å senda epost med falsk avsendar, det er svindel. Slikt burde nesten vore ramma av lovverk. Ein slik epost ser mykje meir ovetydande ut når han kjem frå ein kollega, så eg meiner det er reinhekla svindel når slikt skjer.

– Det er i alle fall lureri, seier Tanja Barth.

Ho meiner konferansen er lagt opp slik at det skal sjå bra ut på ein CV eller i ein prosjektrapport.

– Eg har førebudd meg på vanleg måte til denne konferansen, så eg kjem til å legga føredraget mitt inn i Cristin. I tillegg har eg levert reiserekning på over 14 000 kroner, seier Barth.   

Ikkje svar
På Høyden sendte før helga spørsmål til Conferenceseries på epost. Redaksjonen har så langt ikkje fått svar. På nettsida deira skriv dei om seg sjølve at <<Conference Series LLC is an open resource platform that conducts 3000+ global events including International Conferences, Workshops, Symposia, Trade Shows, Exhibitions and Science Congresses in all the major scientific disciplines, including Clinical, Medical, pharmaceutical, Engineering, Technology, Business Management and Life Sciences across America, Europe, The Middle East, and Asia Pacific. It is reaching over 25 million researchers, scholars, students, professionals and corporate entities all over the globe.>>

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed