Løyvar pengar til gigantbygg ved UiO

Publisert:12. oktober 2017Oppdatert:12. oktober 2017, 14:05
Det nye bygget for livsvitskap ved Universitetet i Oslo får 50 millionar kroner i startløyving. Illustrasjon: UiO

Universitetet i Oslo får 50 millionar kroner til nyt livsvitskapbygg. Totalt skal staten byggje for 6,8 milliardar kroner i 2018.

Dét er ein auke på ein halv milliard kroner meir enn i år.

Men det gigantiske livsvitskapsbygget til UiO, på heile 66 000 kvadratmeter, får berre småpengar til neste år, men kjem til å prege budsjetta i ei årrekkje. Prislappen er på 6,8 milliardar kroner, og kunne altså slukt heile byggjebudsjettet til Staten i eitt år.

– Det er ein stor dag for UiO. Ja, for heile forskings-Norge, seier rektor Svein Stølen til Uniforum.

Bygget skal huse Kjemisk institutt og Farmasøytisk institutt, i tillegg til forskingsgrupper innan livsvitskap frå mellom anna Det medisinske fakultetet. Visjonen er å løyse store samfunnsutfordringar innan helse og miljø.

Hit går pengane for bygg i 2018:

NMBU   Vidareføring av byggeprosjekt                                                1 698 millionar

UiB        Vidareføring av rehabilitering av Universitetsmuseet       106 millionar

UiT         Vidareføring av nybygg for medisin og helsefag                100 millionar

NMBU   Utstyr og inventar til nybygg                                                   95 millionar

UiO        Startløyving Livsvitskapsbygget                                              45 millionar

UiT         Prosjektering av nybygg for Tromsø museum                     19 millionar

UiO        Prosjektering av Vikingtidsmuseet                                         15,5 millionar

Nord u. Prosjektering av nybygg for biovitskap og akvakultur       14,4 millionar

UiO        Prosjektering av nytt odontologi-bygg                                 10 millionar

UiB        Prosjektering av nybygg for Griegakademiet                      6 millionar

UiO        Startløyving utstyr i Livsvitskapsbygget                                5 millionar

NHH      Prosjektering av rehabilitering av hovudbygget                 3,1 millionar

Kurantprosjekt

I tillegg kjem kurantprosjekta, altså prosjekt der Statsbygg forvaltar eigedomen, mens den offentlege etaten må leige bygget innanfor sitt eige budsjett. Det gjer mellom anna at bygget kan oppførast fortare.

Desse pågåande kurantprosjekta blir førte vidare:

• Ombygging og nybygg for Høgskolen i Søraust-Noreg, campus Ringerike

• Ombygging av Gymnasbygget for Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

• Nytt bygg for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, campus Gjøvik

• Tilbygg til Hulda Garborgs hus, Universitetet i Stavanger

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed