Korleis bruka 3,5 milliardar?

Publisert:26. oktober 2017Oppdatert:26. oktober 2017, 14:46
Sektoren har hatt ein økonomisk vekst i fleire år. UiB har eit grunnbudsjett på 3,5 milliard. I tillegg kjem det ein hentar i eksterne midlar. Foto: Hilde Kristin Strand

Professor Kjersti Fløttum ønskjer seg fleire folk og mindre bygg inn i budsjettet. Universitetsstyret vedtok korleis UiB skal disponera 3,5 milliardar kroner i 2018.

-Me har ikkje nådd fram i anbodskonkurransen, sa Alf Erling Risa. Her saman med Marianne Møgster. Foto: Hilde Kristin Strand

–Kva er eg eigentleg med på å vedta, sukka Alf Erling Risa i universitetsstyremøtet torsdag.

–Det er mykje bygg og tekniske ting i dette budsjettet.

UiB sitt budsjett for 2018 er på vel 3,5 milliardar kroner i grunnbudsjett. I tillegg vedtok styret eit budsjett på nærare ein milliard i eksterne midlar gjennom bidrags- og oppdragsaktivitet.

Gøy, fint og attraktivt

Medan universitetsdirektøren sitt framlegg handla mykje om pengar sett av til strategi, husleigeauke og effektiviseringskrav frå staten, etterlyste Risa, som er økonomiprofessor og representerer dei vitskapeleg tilsette, og særleg Kjersti Fløttum, som òg er professor og representerer same gruppe, menneska.

–Det er mykje materielle ting i dette dokumentet, men det handlar mindre om folk. Dersom me skal oppnå gode resultat må me ta vare på folka våre slik at dei synest det er gøy, fint og attraktivt å jobba her, sa Fløttum i debatten.

–Korleis skal me rekruttera studentar og tilsette? Korleis skal tilsette koma vidare, og verta så gode at andre vil fanga dei opp? Dette synest eg er underkommunisert. I budsjettet ligg det inne 5,5 millionar kroner til rekruttering og likestilling. Dette hadde fortent mykje større plass.

Vil gi fakulteta ansvar

Menneska ved UiB, i alle fall forskarane, skal helst skaffa pengar å forska for. Men ikkje for pengane si eiga skuld, understreka prorektor Margareth Hagen.

–Me skal ikkje auka BOA for å auka BOA. Men me må verta sterkare på eksternfinansiert forsking fordi det gjer vår eiga forsking betre: Ein får tilgang til internasjonale nettverk og ein får tilgang til infrastruktur. Det handlar ikkje om å auka UiB sine inntekter, men om å forska godt. Det klarar ein ikkje dersom ein ikkje hevdar seg betre internasjonalt.

I budsjettet ligg det inne vel 119 millionar til forskingstiltak. Dette er pengane UiB brukar knytt til eksternfinansiert forsking.

Både rektor og prorektor peika på at UiB hentar ut færre eksterne midlar enn for nokre år sidan. Utviklinga er fallande sett i forhold til andre institusjonar.

–Me har ikkje nådd fram i anbodskonkurransen, og me har ikkje lukkast med forskinga i forhold til kva me ønskjer, kommenterte Alf Erling Risa.

Universitetsleiinga varsla at BOA-budsjettet skal gjerast meir forpliktande.

–Ein må ha eit meir aktivt forhold til budsjetta. Mykje skjer på institutta, men fakulteta må ta meir operativt ansvar. Dersom det vert svikt i BOA-budsjettet er det eit fakultetsansvar, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

–Og då vert det tiltak utover ein meir enn ubehageleg medarbeidersamtale på rektor sitt kontor, la rektor Dag Rune Olsen til.

700 av 2100

Dei siste åra har universitetsleiinga sett av ein sum til det som vert kalla eit sentralt handlingsrom. Før framlegginga av årets budsjettforslag har det vorte gjort ein ryddejobb som viser korleis desse pengane faktisk vert brukt. Fram til 2022 kan det totalt brukast ca 1,6 milliardar kroner på strategiske tiltak. Men den årlege summen for det reelle strategiske handlingsrom er om lag 50 millionar kroner i året. Når det gjeld årsverk, viser ei oppteljing at om lag 700 av 2 100 vitskapelege årsverk er knytt til satsingsområda hav, liv og samfunn.

Heile budsjettdokumentet kan du lesa her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed