Jusstudent observerte menneskerettsbrot i Marokko

Publisert:6. oktober 2017Oppdatert:6. oktober 2017, 07:03
– Eg blir sint. Samtidig er det dette eg vil. Eg begynte å studere juss for å kunne hjelpe dei svakaste i samfunnet, seier Tone Moe, fjerdeårsstudent ved Det juridiske fakultet. Foto: Ida Bergstrøm

Jula, 2016. I eit glasbur i Marokko sin hovudstad Rabat står 24 menn, tiltalt for grove brotsverk. På tilhøyrarbenken sit Tone Moe, jusstudent ved UiB.

Straffesaka mot 24 av dei arresterte politiske aktivistane frå Vest-Sahara starta andre juledag 2016. Dei tiltalte var isolert i eit glasbur, ute av stand til å snakke med forsvararane sine. Heller ikkje kunne dei høyre det som blei sagt i rettssaka der dei var tiltalt for grove brotsverk. 

– Eg var til stades som observatør. I ettertid har eg skrive fleire rapportar om det eg såg, seier Tone Moe.

Ein av mennene i glasburet mangla begge fortennene. Ein annan hadde vanskar med å gå.

Dette er ei svært stygg sak

– I rapporten konkluderer eg med at desse menneska blir utsette for vilkårleg fengsling. Når domstolen ikkje er uavhengig, og forsvaret ikkje får kome til orde, vert dei tiltalte utsette for eit nytt overgrep, seier Moe.

Rapportane frå Moe avdekker det som den marokkanske leiinga ikkje vil innrømme: At borgarane i landet manglar elementær rettstryggleik. At politiske fangar vert utsette for mishandling og valdtekt. At fabrikkerte bevis blir lagt fram for retten. Og at tilståingar framkome under tortur blir lagt til grunn for vidare fengsling. Kort sagt: At Marokko ikkje har mykje til felles med ein rettsstat.

Vil tene på å utvinne fosfor

Dei tiltalte hadde tilknyting til Gdeim Izik, ein protestleir I Vest-Sahara. Det finst ikkje sikre tal på kor mange som budde i leiren som blei etablert i 2010, men ein anslår at det var mellom ti og tjue tusen personar. Det uttalte målet var først å protestere mot den pågåande diskrimineringa, fattigdomen og brota på menneskerettane som menneska i Vest-Sahara hadde blitt utsett for. Seinare kom også kravet om sjølvstende.

– Dette er ei svært stygg sak. Dei som bur i Vest-Sahara har ingen ting. Marokko, med sine sterke støttespelarar i Spania og Frankrike, har okkupert området i førti år. Området i Vest-Sahara er svært rikt på fosfat. Marokko har ønska å tene på å utvinne desse ressursane, og har heldt fast på kontrollen over området, samtidig som dei undertrykker folket.

Marokko meiner dei har suverenitet over området, og tåkelegg dei rettslege kjeldene som indikerer at det kanskje ikkje er slik

Jamna protestleir med jorda

Mot slutten av 2010 eskalerte situasjonen. Då skaut marokkanske styrkar mot eit køyretøy med mat og medisinar som var på veg inn i Gdeim Izik. Ifølge marokkanske politiske leiarar var det nokon i køyretøyet som skaut først. Hendinga markerte starten på slutten for protestleiren. Seinare same år storma marokkansk politi leiren, jamna den med jorda og arresterte tre tusen menneske.

Fleire land protesterte mot valdsbruken. African Union oppmoda den marokkanske regjeringa om å halde seg til dialog. FN fordømde valdsbruken. EU uttrykte uro for den forverra situasjonen i området, og bad begge partar om å halde fred.

– Marokko meiner dei har suverenitet over området, og tåkelegg dei rettslege kjeldene som indikerer at det kanskje ikkje er slik. Politiske aktivitstar som arbeider med å avdekke korleis Marokko opptrer i området, blir forfølgde, seier Moe.

Gdeim Izik var heimen til opp mot tjue tusen menneske. I november 2010 brann før marokkanske styrkar  både telt og eigendelar til dei som budde der. Foto: Privat

– Dei har ingen ting

Moe har intervjua aktivistar som har budd i området. Alle har dei på eit tidspunkt i livet blitt arresterte eller blitt utsatt for brot på menneskerettane.

– Fengsling, tortur og bortføringar er ein del av kvardagen til desse menneska. Dei blir utsette for umenneskeleg behandling. Dei har ingen ting.

Journalistar eller observatørar er ikkje velkomne i området. Det har vore vanskeleg å få ut påliteleg informasjon om kva som eigentleg skjer i det lukka området.

Les også: Studentpolitikarar nekta innreise til Vest-Sahara

I arbeidet som observatør har jusskunnskapane vore av uvurderleg verdi

Ber den politiske leiinga i Norge ta ansvar

Ein FN-styrke er på plass i området. Slik det er i dag, har ikkje denne styrka den nødvendige kompetansen til å rapportere om brot på menneskerettane. Alle forsøk på å utvide mandatet til FN-personellet i området har blitt torpedert av den marokkanske leiinga, seier Moe.

Ho ønsker at den norske politiske leiinga kan ta til orde for å stoppe brotsverka i Marokko.

EU forhandlar no om ein ny handelsavtale med Marokko. Eg vil at Norge skal kome på bana og gje klare signal om at Marokko ikkje kan få vere ein viktig handelspartnar utan å følgje dei mest grunnleggande retningslinjer for ein rettsstat.

Eg blei vant til at politifolk venta utanfor leilegheita eg budde i

Fotfølgd av marokkansk politi

Sidan jula i fjor har det blitt fleire reiser til Marokko. I arbeidet som observatør har jusskunnskapane vore av uvurderleg verdi, meiner Moe.

– Eg bygger rapportane mine på rettslege kjelder, og vurderer observasjonane mine opp mot rettslege kjelder. Jussutdanninga har gjort meg godt rusta til å takle problemstillingar som har dukka opp undervegs. Utdanninga har rusta meg til å sjå rettsprosessen på ein heilt anna måte.

– Kvifor får du eigentleg lov å kome inn i landet, gang på gang?

– Rettssaka har fått mykje merksemd internasjonalt. Før avreise varslar eg også alle utanlandske ambassadane i hovudstaden Rabat. Eg skriv at ei ny runde av rettssaka skal starte, og at eg er på veg som observatør. Då blir det vanskeleg for Marokko å stenge meg ute.

Det var ikkje berre diplomatane i Marokko som visste at Moe var på veg. Det marokkanske politiet var også på saka. Og dei sleppte ho ikkje av syne.

– Eg blei vant til at politifolk venta utanfor leilegheita eg budde i. Skulle eg på butikken, luska dei etter. Dei gjorde oss aldri noko. Dei følgde berre med.

«Vi kan ikkje kalle det valdtekt, for han protesterte ikkje noko særleg»

19 av dei 24 tiltalte blei dømt til fengsel på livstid, i 25 år, i 30 år, i 35 år. Dei kjem til å rotne i dei marokkanske fengsla, viss dei ikkje først døyr som følgje av vilkåra dei lever under, eller av sveltestreiken som sju av dei dømte har gått inn i.

Ei avgjerd frå FN sin torturkomité, viser at opplysningar i saka er kome fram under tortur.

Fleire av dei tiltalte har namngjeve enkelte politifolk, og skulda dei for å utsett dei for tortur. For slag, spark, brenning og valdtekt.

I retten nekta politimennene for alt. Det er umogleg å torturere nokon på ein politistasjon, sa den eine. Tiltalte fekk servert kaker og te, og tilsto med stoltheit å ha laga bomber som han skulle bruke i eit attentat mot oss, sa den andre. Vi kan ikkje kalle det valdtekt, for han protesterte ikkje noko særleg, sa den tredje. Til latter frå aktoratet.

– Eg vil synleggjere maktmisbruket og kva som skjer når ein stat heilt fritt får lov til å forfølgje sine eigne borgarar og utsette dei for bortføring, tortur og grunnlaus fengsling. Dette er ei politisk rettssak. Forsvaret blir hindra frå å legge fram bevis som kan vere frifinnande, seier Moe.

– Verda er grå

– Mi oppgåve er å vere ein objektiv, internasjonal observatør. Eg skulle rapportere om alle sider av saka. Vest-Sahara har også ei side. Det skal med. For verda er ikkje svart eller kvit. Verda er grå, seier Moe.

Rapportane ho har skrive skal publiserast med støtte frå mellom anna Raftostiftinga og Changemaker.

– Når ein går inn i ei slik sak, ser ein Vest-Saharakonflikten i kvitauget. Eg blir sint. Samtidig er det dette eg vil. Eg begynte å studere juss for å kunne hjelpe dei svakaste i samfunnet, både i Norge og internasjonalt.

Demonstrasjonar utanfor rettslokalet i Rabat. I framgrunnen står Fatimato, tante til Hassan Dah, ein av dei tiltalte. Foto: privat

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed