Jaktar på dei beste, unge forskarane

Publisert:5. oktober 2017Oppdatert:5. oktober 2017, 06:05
Ingvild Gilhus er professor i religionsvitskap. No jaktar ho på dei beste forskarane i neste generasjon.

–At nokon har tru på deg kan vera det vesle, ekstra som gjer at ein lukkast.

Ingvild Gilhus er på jakt denne hausten. Professoren i religionsvitskap leiar Forskingsrådet sin jury som skal peika ut dei fremste forskartalenta i Noreg. Aldersgrensa for å kunne søkja er 38 år.

– Prisane skal gå til dei som er fagleg nyskapande, og er tenkt å vera eit løft tidleg i karrieren. Håpet er at både dei som får prisane, men òg andre som vert nominerte, kan verta meir synlege i fagmiljøa sine, seier Gilhus.

Det er andre året Forskingsrådet deler ut pris til unge, framifrå forskarar. Nytt i år er at prisen vert delt i tre kategoriar; humaniora og samfunnsvitskap, medisin, helsefag og biologi og matematikk, naturvitskap og teknologi.

Leitar etter det nyskapande
Juryleiar Gilhus er oppteken av ringverknadane ein slik pris kan gi.

–Håpet er at det kan gi eit fagleg løft. Det at nokon har tru på deg kan vera det vesle, ekstra som gjer at ein lukkast, seier ho.

Kven er ein så på jakt etter?

Gilhus er oppteken av at det er forskinga som skal vera i fokus, og jaktar på dei som har gjort noko nyskapande.

–Nokre forskarar er meir nyskapande enn andre, og nokre fagmiljø er meir nyskapande enn andre. Det kan vera godt for tradisjonelle forskingsmiljø at det kjem inn folk med nye tankar og idear, ein skal ikkje berre fnysa av det, seier Gilhus.

Mange av kandidatane vil ikkje ha faste stillingar i akademia. Og alle vil ikkje nødvendigvis ha doktorgrad.

– Det er lett å tenkja at dette er ei ordning for dei som har tatt ph.d. Men nokre kandidatar kan ha publisert mykje før dei har levert doktorgradsarbeidet sitt, så det er ikkje noko krav, seier Gilhus.

Oppmodar til nominering
Kandidatane kan ikkje føreslå seg sjølve. Fristen er allereie 15. oktober, og vinnarane vert presenterte i februar.

Juryen er sett saman av forskarar med ulik fagbakgrunn. Gilhus meiner det er ein fordel. Ho er òg glad for at det skal delast ut meir enn ein pris, det kan gjera at fleire fagmiljø får lyst til å nominera kandidatar.

– Tre prisar kan òg gjera juryen sitt arbeid lettare, ofte må ein velja på tvers av fag. Men samstundes er det ofte nokre kandidatar som peikar seg ut, seier professoren.

No oppmodar ho fagmiljøa ved UiB om å nominera sine kandidatar.

– Eg synest alle fakultet bør visa fram dei flinke folka sine. Eg har vanskeleg for å sjå at nokon ikkje har nokon som kan nominerast. Samstundes er det nok skilnader mellom fag når det gjeld å visa seg sjølve fram.

Den klokaste vegen til målet
I fjor var det ein kvinneleg forskar som fekk prisen. Gilhus håpar på både mannlege og kvinnelege kandidatar.

– Det er jo slik at mange unge, kvinnelege forskarar har barn. Men det er mogleg å kombinera forsking og barn – men då får ein ikkje tid til så mykje anna. Det hugsar eg sjølv, smiler ho.

– De i På Høyden har jo skrive interessante saker om dette tidlegare; kva er det som gjer at kvinnene forsvinn frå akademia? Uansett kjønn er det viktig at ein får hjelp til å skjøna kva den klokaste vegen til målet er, seier Gilhus.

Ho har sjølv vore mentor ved Universitetet i Tromsø i deira prosjekt for å kvalifisera fleire kvinner. Også i Bergen har det vore eit slikt prosjekt. I tillegg har prorektor Margareth Hagen no starta eit eige prosjekt, «Momentum», som er eit karriereutviklingsprogram for yngre forskarar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed