Ho blir ny direktør på Det medisinske fakultetet

Publisert:20. oktober 2017Oppdatert:20. oktober 2017, 14:43
Etter seks års med forskingsadministrasjon blir Heidi Annette Espedal direktør for Det medisinske fakultetet.

Heidi Annette Espedal sluttar som forskingsdirektør for å ta direktørjobben på Det medisinske fakultetet.

Dei siste seks åra har Heidi Annette Espedal jobba ved forskingsadministrativ avdeling, dei tre siste som øvste leiar.

Men no er det slutt.

Espedal har har takka ja til jobben som direktør for Det medisinske fakultetet, der ho òg tidlegare har jobba, mellom andre saman med Per Bakke, som no er dekan på fakultetet.

Utretta mykje

– Det var ein utfordrande jobb ho gjekk til som direktør for forskingsadministrativ avdeling, og no har dei fått ein heilt anna struktur på avdelinga, seier Kjell Bernstrøm.

Han gir mellom anna Espedal mykje av æra for at ein har fått på plass forskarutdanninga ved UiB, betra arbeidet med å hente inn eksterne midlar med såkalla BOA-lag (bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet), og at ein har fått på plass eit internasjonalt senter.

– Espedal ønska seg nye leiaroppgåver, og det får ho no på Det medisinske fakultetet, seier Bernstrøm.

Spesielt segment

Nokon erstattar for Espedal er ikkje klar, men direktør Christen Soleim ved studieadministrativ avdeling vil i ein periode ha ansvar for begge avdelingane.

Førre gang jobben som direktør for forskingadministrasjonen skulle lysast ut måtte ein gå fleire rundar for å finne den rette kandidaten.

– Ein direktør for ei forskingsadministrativ avdeling er eit veldig spesielt segment, så det er ikkje så mange som er aktuelle, seier Bernstrøm til På Høyden.

Heidi Annette Espedal har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed