Fem vil verta psykologi-direktør

Publisert:19. oktober 2017Oppdatert:19. oktober 2017, 12:47
Det har vore mykje merksemd knytt til Det psykologiske fakultetet det siste året. Ny dekan er på plass, og no skal det tilsetjast ny fakultetsdirektør. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Tre menn og to kvinner står på søkjarlista til stillinga som fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetet.

I byrjinga av september vart det kjent at Ragna Valen gir seg som fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetet. Frå nyttår går ho over i ei stilling i sentraladministrasjonen ved UiB. Fristen for å søkja stillinga som direktør har no gått ut. Det står fem namn på lista. I tillegg er ein mannleg søkjar unntatt offentlegheit.

Frå eigedomsbransjen
48 år gamle Vibeke Eriksen ga seg i vinter i Frydenbø-systemet, etter over tjue år i same verksemd. Då ho slutta var ho direktør for Frydenbø Eiendom. Ho sa til Eiendomsmagasinet då ho slutta at ho skulle verta student på BI, men at ho var open for det meste av nye jobbar etter kvart.

Nils Olav Kvam har òg søkt. Han er i dag personaldirektør ved Havforskingsinsituttet. Kvam var òg blant søkjarane då UiB søkte etter ny HR-direktør i 2016. Då vart Sonja Dyrkorn tilsett.

Ein hemmeleg
Dette er søkjarane:
Konstantinos Voulgaris (29), jobbsøkjar, Piraeus
Idunn Engås (24), student, Stavanger
Nils Olav Kvam (57), personaldirektør ved Havforskingsinstituttet, Søreidgrend
Vibeke Eriksen (48), deltidsstudent ved BI, Fjell
Ein mannleg søkjar unnteke offentlegheit

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed