Dette betyr betyr budsjettet for Bergen

Publisert:12. oktober 2017Oppdatert:12. oktober 2017, 14:21
Statsbudsjettet for 2018 blei lagt ut torsdag. - Det ligg ingen store endringar for vår del, seier rektor Dag Rune Olsen. Foto: Colourbox og Ida Bergstrøm

UiB får pengar til å gjere ferdig Universitetsmuseet. Meir pengar til Holbergprisen. Griegakademiet er inne på ei liste over framtidige byggeprosjekt. Og dei marine miljøa er ti millionar kroner nærmare ei samlokalisering. 

– Det er veldig gledeleg at det ligg 10 millionar kroner for å samlokalisere den marine forskinga i Bergen.

Det seier rektor Dag Rune Olsen til På Høyden. 

Summen er òg noko over det som var venta.

Dei marine miljøa i Bergen er tidlegare foreslått samlokalisert. I statsbudsjettet foreslår regjeringa å  løyve 10 millionar kroner til vidare utgreiing av samlokalisering. Samtidig foreslår regjeringa å redusere driftsløyvinga til Havforskingsinstituttet med 10 millionar kroner.

90,2 millionar kroner til byggeprosjekt:

For Universitetet i Bergen (UiB) er budsjettet om lag som forventa.

– Det ligg ingen store endringar for vår del. Vi har tent noko på dei resultatbaserte midla, kanskje 10-15 millionar kroner. Modellen for tildeling er ikkje endra, så det hadde vi rekna med, seier Dag Rune Olsen. 

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å løyve 90,2 millionar kroner til utstyr og inventar til to byggeprosjekt ved Universitetet i Bergen (UiB).

Kunst- og designhøgskulen som blei ein del av UiB i januar 2017 og som nyleg flytta inn i et nytt bygg i Møllendalsveien, får ei restløyving på 10,2 millionar kroner.

UiB får 80 millionar kroner for å ferdigstille oppussinga av Universitetsmuseet i Bergen. 

I tillegg ligg det 106 millionar kroner i budsjettet til sjølve rehabiliteringa av bygget. 

NHH får òg 3,1 millionar kroner til prosjektering av rehabilitering av hovudbygget, mens UiB får 6 millionar kroner til prosjektering av eit nybygg til Griegakademiet. Dette bygget har og kome med på kurantprosjektlista, altså lista over bygg som kan finansierast ved hjelp av husleiga institusjonane kjem til å betale for dei framtidige bygga. 

Nytt organ til Bergen:
Regjeringa skal opprette eit nytt forvaltningsorgan for kvalitetsutvikling i utdannings- og fagskolesektoren. Organet vil i utgangspunktet bestå av Senter for internasjonalisering av utdanninga, Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, i tillegg til å ha oppgåvene med senter for framifrå utdanning og Lærebokutvalet. Det nye organet vil framleis ha ansvar for internasjonalisering i heile utdanningsløpet, slik SIU har i dag. Det nye organet vil også omfatte ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU), som i dag ligg hos NOKUT og Lærebokutvalet, som i dag ligg i Universitets- og høgskolerådet. Organet vil bli oppretta 1. januar 2018 og ha sitt hovudkontor i Bergen. Namnet vil førebels vere SIU. Det er også aktuelt å flytte forvaltningsoppgåver frå Kunnskapsdepartementet til det nye organet.

«Arven etter Nansen»:

Løyvinga til prosjektet Arven etter Nansen var ei av budsjettlekkasjane som kom før sommaren. I denne posten foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga til prosjektet Arven etter Nansen med 20 millionar kroner. Arven etter Nansen er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo, NTNU, Universitetssenteret på Svalbard, Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt, Meteorologisk institutt, Nansensenteret og Akvaplan-niva. Eit av måla med prosjektet er å sikre god utnytting av det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon, som etter planen er seglingsklart i 2018.

Meir pengar til studieplassar innan IKT:

UiB. 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT
NHH: 400.000 kroner til 10 studieplassar i IKT
Høgskulen på Vestlandet: 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT

Styrking av Holbergprisen:

Frå 2018 endrar posten namn frå Ludvig Holbergs minnepris til Holbergprisen. Departementet foreslår å løyve 16,3 millionar kroner på posten i 2018 mot 11,9 millionar kroner i 2017. Som regjeringa varsla i Humaniora i Norge, foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvinga til Holbergprisen blir auka med 3,1 millionar kroner frå 2018, slik at nivået på løyvingane til Abelprisen og Holbergprisen blir like. Kunnskapsdepartementet foreslår dessutan ei særskild styrking av Holbergprisen i skolen med 1 millionar kroner slik at fleire skular kan delta.

Legg ned Bergenskontoret til Lånekassen:

Lånekassen er i dag lokalisert på seks ulike stader rundt om i landet, men har fått fullmakt til å samle saksbehandlinga meir i framtida. Dette medfører at kontoret i Tromsø blir avvikla innan 2020, og at kontoret i Bergen blir avvikla i løpet av 2023. Den største nedbemanninga skal skje i Oslo. Kontora i Ørsta, Stavanger og Trondheim blir førte vidare og styrkte.

Kurantbygg til Griegakademiet og HVL

Høgskulen på Vestlandet har to bygg inne på ei liste over kurantprosjekt. Gymnasbygget i Sogndal som er på 3 800 m2 vil bli bygd om.

Under lista «Kurantprosjekt som er under programmering eller prosjektering,

Kommunal- og moderniseringsdepartementet», har eit nybygg til Griegakademiet kome med. Det same har Høgskulen på Vestlandet, med med eit nybygg på 14 900 m2 på campus Kronstad. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed