Desse vil verta kommunikasjons-direktør

Publisert:5. oktober 2017Oppdatert:5. oktober 2017, 10:07
Marita Monsen er ein av søkjarane. Ho er i dag kommunikasjonsdirektør i Studetsamskipnaden på Vestlandet. Arkivfoto: Tor H. Monsen

Tre kommunikasjonssjefar og ein redaktør står på den offentlege søkjarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB. Fire kandidatar er unntekne offentlegheit.

Dag Hellesund er ansvarleg redaktør i På Høyden. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Totalt 13 søkjarar ønskjer seg Ingar Myking sin gamle jobb. På den offentlege delen av søkjarlista til stillinga som kommunikasjonssjef ved UiB står det ni namn; tre kvinner og seks menn. Fleire av desse har kommunikasjons- eller mediebakgrunn.

Vil ikkje verta intervjua
Ein av søkjarane er Lubna Jaffery (37). Ho er i dag kommunikasjonssjef i Tide. Tidlegare har ho mellom anna vore politisk rådgivar for Arbeiderpartiet og statssekretær i kulturdepartementet.

Marita Monsen (37) er i dag kommunikasjonssjef i Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet. Det har ho vore i ti år.

Ingen av dei to kvinnene ønskjer å kommentera kvifor dei har søkt stillinga ved UiB.

Asle Haukaas (51) er òg kommunikasjonsdirektør i dag. Han jobbar i dag ved Veterinærinstituttet. Tidlegare har han hatt tilsvarande stillingar hos Noregs Forskingsråd og NHH. 1990-talet jobba han som redaktør og journalist ved UiB.

Dag Hellesund (44) har òg søkt stillinga. Han er ansvarleg redaktør for På Høyden og har bakgrunn frå mellom anna BA, Dagbladet og Dagsavisen.

Her er søkjarlista
Fire av søkjarane er unntekne offentlegheit.

1.Prodromos Zachariadis (47), Global Manager, Os

2. Francisco Lillo (31), Project manager, Lo barneches

3. Njål Richard Soleng (42), Samnanger

4. Olga Kölsch (36), Marketing Communications Coordinator, Bergen

5. Mannleg søkjer unntatt offentlegheit

6. Mannleg søkjer unntatt offentlegheit

7. Mannleg søkjer unntatt offentlegheit

8. Marita Monsen (37), Kommunikasjonssjef Studentsamskipnaden på Vestlandet, Bergen

9. Lubna Jaffery (37), Kommunikasjonssjef, Bergen

10. Dag Hellesund (44), Ansvarleg redaktør, Bergen

11. Asle Haukaas (51), kommunikasjonsdirektør, Bergen

12. Kvinneleg søkjer unntatt offentlegheit

13. Bjørn Humblen (60), Siviløkonom, Lindås

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed