– Dæven! Det er heilt sjukt!

Publisert:23. oktober 2017Oppdatert:23. oktober 2017, 11:04
Dagen før statsråd på slottet var fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim i Bergen. Han syntest at AR-apllikasjonen masterstudent Audun Klyve Gulbrandsen har vore med på å lage var heilt konge.

Kunnskapsminister Henrik Asheim hadde bakoversveis då han dro frå Media City Bergen.

Asheim er vikar for Torbjørn Røe Isaksen i to månader i haust. Han bruke noko av tida til å gjere seg kjent med sektoren. På kort varsel kom han torsdag til Bergen for å sjå den nye medieklynga samt nybygget til Fakultetet for kunst, musikk og design. Men det var nok studentane som imponerte 34-åringen mest.

Tvisyn for framtida

Nokre av mediestudentane har brukt AR-briller (augmented reality) for å sjå kva som kan vere mulege grensesnitt i framtida. Med AR-briller kan ein plassere virtuelle objekt i rommet, slik at dei blir litt som eit hologram som ligg oppå det verkelege biletet.

– Dette er helt konge! Du ønsker at du var 22 år og kunne velje utdanning på nytt, seier Asheim til På Høyden etter å ha sett inn i det som kan bli eit kontor i framtida.

Universitetet i Bergen har satsa friskt i den nye medieklynga, og endra studieprogram frå meir tradisjonell journalistutdanning til meir teknologiretta fag som medie- og interaksjonsdesign.

Applikasjonsdesign

Audun Klyve Gulbrandsen og dei andre studentane hadde i dette tilfellet sett på korleis Microsofts AR-briller HoloLens kan brukast til å erstatte skjermar, slik at du til dømes kan ta med deg alle skjermane du har på kontoret når du har heimekontor.

– Dette er ein prototype på korleis det vil sjå ut. Det er veldig mange spennande applikasjonar dette kan brukast til, forklarer professor Lars Nyre.

Ikkje berre produksjon

Medieklynga i Media City Bergen gjer både utdanninga og forskinga næringsnær, men Asheim understrekar kor viktig det er at akademia òg bidreg med refleksjon og andre tankar inn mot næringslivet.

– Utdanninga skal ikkje berre produsere kandidatar til arbeidslivet, seier han. 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed