Vil ha raskare digitalisering i UH-sektoren

Publisert:8. september 2017Oppdatert:8. september 2017, 11:16
– Teknologien må bli utnytta slik at studentane lærer meir, at studietilboda blir meir tilgjengelege, og at vi får enda betre og meir effektiv forsking. Denne strategien stakar ut kursen for arbeidet med digitalisering ved universiteta og høgskolane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa legg fram strategi for raskare digitalisering i høgare utdanning og forsking. 

Regjeringa ønsker å få fortgang i digitaliseringa ved norske utdanningsinstitusjonar. 

– Moglegheitene bruken av den nye teknologien skaper, får konsekvensar for alt frå infrastruktur og administrasjon, til læringsmiddel og forskingsdata, for å nemne noko. Dette dreier seg ikkje berre om ny teknologi, men også om korleis studentane lærer og blir vurderte, og korleis institusjonane organiserer og gjennomfører forskinga.

– Da er det viktig at sektoren heng med. Derfor legg vi fram denne strategien for digitalisering av høgare utdanning og forsking no, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding. 

Deling av kunnskap

I den ny strategien vil eit av tiltaka vere å styrke forskinga på samanhengen mellom kvalitet og dei nye læringsprosessane som følgjer av digitaliseringa. God forsking og fagleg dokumentasjon av korleis teknologibruk kan betre læringa er heilt avgjerande for å utnytte moglegheitene den nye teknologien gir.

– Det handlar rett og slett om å dele kunnskap frå forsking og beste praksis, slik at studentar og tilsette ved dei ulike institusjonane ikkje treng å finne opp alt på nytt, men kan utnytte kunnskap og erfaring i heile sektoren nasjonalt og internasjonalt, seier Røe Isaksen.

Eit ønske er å utvikle løysingar kor ein kan få felles tilgang til læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar. Regjeringa vil også legge til rette for meir fleksible og effektive studieløp. 

– Da er det nødvendig å få utvikla dei digitale plattformene i undervisninga slik at funksjonane blir lette å kjenne igjen på tvers av institusjonane, og at dei legg til rette for å ta fag ved fleire utdanningsinstitusjonar, utdjupar kunnskapsministeren.

Meir IKT-kompetanse og effektiv forsking

I strategien blir det understreka viktigheita av tilstrekkeleg IKT-kompetanse hjå studentar, lærarar og forskarar. 

– Det er avgjerande at forskarar har gode nok digitale ferdigheiter til å gjere nytte av faglege og prosjektadministrative digitale verkty og ressursar som blir tilgjengelege. Forskarar må også kunne samarbeide digitalt med forskarar frå andre høgskolar og universitet, nasjonalt og internasjonalt, seier Røe Isaksen.

Regjeringa forventar at alle høgskolar og universitet løfter digitalisering til strategisk nivå, og definerer mål og forpliktande tiltak for digitaliseringa av eiga utdanning og forsking.

– Det er avgjerande at forskarar har gode nok digitale ferdigheiter til å gjere nytte av faglege og prosjektadministrative digitale verkty og ressursar som blir tilgjengelege. Forskarar må også kunne samarbeide digitalt med forskarar frå andre høgskolar og universitet, nasjonalt og internasjonalt, seier Røe Isaksen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed