UiO fell 14 plassar

Publisert:5. september 2017Oppdatert:6. september 2017, 10:48
UiO fell 14 plassar på den ferskaste universitetsrangeringa til Times Higher Education. Foto: Ingvild Festervoll Melien

NMBU og Universitetet i Oslo fell på fersk universitetsrangering. UiB, NTNU og UiT har same plassering som i fjor. 

Tidsskriftet Times Higher Education la i dag fram si årlege universitetsranking.

Dei har rangert dei 1000 beste institusjonane i verda, som kjem frå 77 ulike land. Over halvparten av universiteta som er på topp 200 lista er europeiske. Men asiatiske universitet tar innpå. 

Fem norske universitet er inne på lista.

Les også: Oppgang for UiB – medan Oslo stuper

Institusjon Resultat 2017 Resultat 2016
Universitetet i Oslo 146 132
Universitetet i Bergen 201-250 201-250
NTNU 251-300 251-300
NMBU 401-500 351-400
UiT - Norges arktiske universitet 401-500 401-500

Nedgang for Oslo

Universitetet i Oslo ligg som venta høgast oppe på lista av dei norske institusjonane med ein 146. plass. 

– Dette viser at me som vanleg ligg stabilt inne som eit internasjonalt godt forskingsuniversitet, seier UiO-rektor Svein Stølen til På Høyden.

Men det er ein nedgang på 14 plassar frå 2016, og tidlegare i år rasa UiO ned frå ein 113. plass til ein 142. plass på QS-rangeringa. 

Stølen er likvel ikkje uroleg for utviklinga. 

– Nei - og i den grad eg er interessert i rangeringar, er eg interessert i dei som ikkje har omdøme som sentralt parameter - men i staden baserer seg på kvantitative data. Det vil seia at Shanghai er langt meir interessant enn QS. Tel me talet på ERC-vinnarar er me nummer 37 i Europa. Me er eit leiande europeisk forskingsuniversitet, seier Stølen. 

NMBU gjer det også dårlegare enn tidlegare og ligg no på ein plass mellom 401 - 500 mot 351 - 400 i fjor. 

Dårlege på næringslivsinntekter

UiB ligg stabilt med ei plassering mellom 201 og 250, det same som i 2016. 

– Den interne rangeringa i Noreg er som forventa og i tråd med det me kan sjå for oss av universiteta si betyding i det internasjonale samfunnet, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen (bildet). 

Ut av alle indikatorane ein blir målt på gjer UiB det dårlegast på inntekter frå næringsliv. 

– Der skil me oss ut. og er svake samanlikna med ei rekke europeiske universitet. Det kan ha med UiB å gjera og med det norske næringslivet og gjera. Norsk næringsliv investerer mindre i forsking og utvikling enn ei rekke andre framtredande industrinasjonar. Det kan gjera det litt meir krevjande for norske universitet, seier Olsen. 

Topp 100 på siteringar

Han er godt fornøgd med at UiB scorer bra på siteringar. Her er universitetet no inne på lista over dei 100 beste universiteta i verda. 

– Me gler oss over at me er i blant dei 100 beste når det gjeld sitering, det betyr at me får gjennomslag for vår forsking internasjonalt. Viss ikkje forskinga vår hadde heldt høg kvalitet, hadde den ikkje vore interessant nok til å bli sitert av andre. Det er indirekte eit mål på kvalitet.

Han seier at ein framleis ikkje kjem til å jobba systematisk for å klatra på denne type rangeringar. 

– God kvalitet på det me syslar med vil vera det beste utgangspunktet for rangeringar. Me prøver å arbeida med det i første rekke, seier Olsen.

Les også: Norske forskarar slaktar rangeringar

– Utviklar seg i riktig retning

NTNU ligg mellom 251. og 300. plass på THE-rangeringa, det vil seia det same som i fjor.

Rektor Gunnar Bovim viser til at det nettopp er kome ei annan rangering, Shanghai-rangeringa.

– Det er interessant at me hevdar oss heilt i verdstoppen på den eine, Shanghai, der vårt miljø innan Marine/Ocean Engineering kjem på 2. plass, seier han til Khrono.

– Når det gjelder THE, hamnar me i same kategori (251-300) som i fjor. Me skal vera forsiktig med å tolka for mykje ut av plasseringa, men indikatorane som dannar grunnlag for totalresultatet er interessante, seier han, og legg til: 

– Sjølv om me har forbetringsområde, ser me at fleire indikatorarar utviklar seg i riktig retning. Me har hatt og skal ha fokus på å levera vitskapelege publikasjonar av høg kvalitet. Difor er det gledeleg å sjå at indikatoren for siteringar aukar, samstundes som me også ser at omdømmeindikatorane for utdanning og forsking går opp, seier Bovim.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed