Tre fallulukker på fire år

Publisert:22. september 2017Oppdatert:22. september 2017, 16:08
Torsdag fann eit filmteam Ommund Veim Eikje omkomen ved foten av det gamle fengselet Sainte Anne i Avignon i Sør-Frankrike. Fengselet ligg like ved Rhônen, ved foten av ei bratt klippe i den historiske byen, til venstre framom klippa. Illustrasjon: Google maps

Tre studentar knytte til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE) har omkome i fallulukker dei fire siste åra. 

Fredag blei det halde eit informasjonsmøte om den siste ulukka: Litteraturstudenten Ommund Veim Eikje (22) (biletet) blei torsdag funnen omkomen ved det gamle fengselet, som ligg ved foten av ei klippe sentralt i Avignon. Det er eit 25 meter høgt stup over der han blei funnen, melder francebleu.fr

– Vi fekk varselet for ganske nøyaktig ei veke sidan, fortel instituttleiar Johan Myking. 

– Alt tydar på at det har vore ei fallulukke, ganske enkelt, seier Myking. 

Studentar som ønskjer det kan få hjelp frå Studentenes psykiske helseteneste, studentrådgivinga eller studentprestane i Bergen, i tillegg til at dei kan snakke med tilsette på LLE. Tilsette som ønskjer det kan få oppfølging av HR-avdelinga. 

 

Minnestund og kondolansar

– Ver saman og trøyst kvarandre! Ingen ord kan ta bort sorgen. Det einaste vi kan gjere no er å ta vare på kvarandre, seier psykolog Tone Bergan frå HR-avdelinga. 

Det vil bli lagt ut ein kondolanseprotokoll i 4. etasje på LLE mandag. I samråd med familien vil det og bli arrangert ei minnestund der alle er velkomne i neste veke. 

Tre fallulukker

For instituttleiar Myking er det ekstra tungt med eit tredje dødsfall med ein ung student. 

– Dette har gått sterkt inn på dei tilsette på LLE òg, seier han. 

Eikje var ein student som prega studentmiljøet i Bergen. Han har mellom anna vore leiar for fagutvalet på litteraturvitskap, og møtt i instituttrådet. 

– Eikje var ein veldig aktiv og velfungerande student, men mange vener, fortel Myking. 

Hausten 2014 omkom ein tysk UiB-student då han fall ned ei fjellside i Nærøyfjorden

Hausten 2015 fall den australske studenten Kristi Kafcaloudis ned frå Trolltunga, og omkom. 

På grunn av slike ulukker får utvekslingsstudentar som kjem til Bergen meir informasjon om farene i norsk natur.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed