Tilsette er uroa for å missa kontora sine

Publisert:2. oktober 2017Oppdatert:2. oktober 2017, 11:48
Opne landskap eller ikkje opne landskap? Det er spørsmålet. Biletet er frå det nye internasjonale senteret. Der er dei tilsette temmeleg nøgde med å sitja i opne landskap. Arkivfoto: Dag Hellesund

Teknisk og administrativt tilsette kjem til Jørgen Melve utan oppmoding og fortel at dei er uroa for kva den nye masterplanen for areal vil ha å seia for arbeidsdagen deira.

Jørgen Melve har to hattar; hovudtillitsvalt i NTL og universitetsstyremedlem. Han representerer der dei teknisk-adminsitrativt tilsette. Arkivfoto: Dag Hellesund

– Ein del tilsette har arbeidsoppgåver der ein skal jobba konsentrert over tid. Mange opplever at leiinga har avgrensa innsyn i kva arbeidsoppgåver den einskilde faktisk har, seier Jørgen Melve.

Han representerer dei teknisk-administrativt tilsette i universitetsstyret, og fortalte i møtet førre veke at tilsette utan oppmoding kjem til han og er uroa.

Det handlar om eigne kontor, såkalla cellekontor, og det handlar om opne kontorlandskap. Medan debatten rasar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er temaet òg aktuelt ved UiB. I november skal universitetsstyret handsama ein masterplan for areal.

Mange opplever at leiinga har avgrensa innsyn i kva arbeidsoppgåver den einskilde faktisk har

Har for stor plass
«Arealeffektivitet» heiter det. I praksis betyr det færre kvadratmeter per tilsett. Spørsmålet er korleis dette skal gjerast. Mindre kontor? Eller fleire menneske på kvart kontor? 147.000 kvadratmeter brukar UiB i dag til kontorføremål. Det er for mykje, dersom ein skal følgja norma frå Statsbygg og Kunnskapsdepartementet. 23 kvadratmeter per tilsett bør halda, seier dei. Ved UiB har ein i dag 40.

–Det handlar om kva bygg me brukar til kontor. Hos oss i dag er det mange som har store kontor, fordi dei har kontor i gamle bygg der det er vanskeleg å dela rom. Ein kan til dømes ikkje dela eit vindauge, seier Melve.

I universitetsstyremøtet spurte han om kvifor det berre er vitskapeleg tilsette som skal få cellekontor. Campus Årstadvollen vart peika på som døme, og der har alle vitskapeleg tilsette som skal inn i nye lokale fått tilbod om cellekontor. Ikkje alle har takka ja.

–Det er ingen som har noko i mot opne landskap når det handlar om at ein kan sitja i grupper med andre tilsette som ein plar arbeida saman med. Og heldigvis har UiB vore tydelege på at ein ikkje skal ha såkalla «free seating», seier Melve.

Han er likevel tydeleg på at ikkje alle teknisk-administrative oppgåver er like lette å gjennomføra i opne landskap.

–For nokre er det heilt greitt å sitja saman med andre. Men skal til dømes dei tilsette på HR-avdelinga som jobbar med sensitive opplysningar sitja midt i eit landskap? Òg innad i ei avdeling vil det vera nokre grupper som i større grad vil ha behov for enkeltkontor enn andre, seier Melve.

–Handlar motstand mot opne kontorlandskap om kultur?

–Dels er det nok det. Men eg trur mange har ei kjensle av at leiarane ikkje skjønar kva arbeidsoppgåver ein faktisk har. Eg meiner ein bør la dei tilsette koma med innspel og grunngi kva dei faktisk har behov for, seier Melve.

Ulike bygg
–Me ønskjer brukarmedverknad når enkeltbygg vert utforma. To bygg kjem nok ikkje til å verta like, seier Robert Bjerknes.

Han er viserektor for tverrfagleg verksemd og store satsingar.

Bjerknes understrekar at det viktigaste masterplanen for areal skal seia noko om, er korleis ein skal utvikla to campusar: Nygårdshøyden og Årstad/Møllendal. UiB eig i dag 95 bygg, som totalt er 303.000 kvadratmeter. I tillegg leiger universitetet vel 100.000 kvadratmeter. 33 av dei 95 bygga er freda.

Vil kvitta seg med bygg
–Planen kjem til å innehalda nokre overordna prinsipp, og ein må prøva å sjå kva behov ein vil ha i framtida. Skal ein til dømes bygga lesesalsplassar og auditorium slik ein gjer i dag? Eg trur ikkje det er måten  å laga gode studentarbeidsplassar på – sjølv om ein sjølvsagt òg i framtida vil trenga areal med plass til mange, anten det er til førelesingar eller konferansar, seier Bjerknes.

Me må ta arealeffektivisering på alvor

Viserektoren er oppteken av å få på plass nokre rammer for brukarprosessar. Han seier at planen vil seia noko om eit overordna arealbehov og om korleis enkeltbygg skal utformast, men ein vil ikkje seia noko om den enkelte arbeidsplassen.

–Vert det berre vitskapeleg tilsette som får cellekontor?

–Me må sjå på oppgåvene i kvart enkelt bygg. Eg trur at alle bygg vil ha både einpersonskontor og fleirpersonskontor, og då snakkar me om alle typar tilsette, seier Bjerknes.

Men at ein på eit eller anna vis må få ned arealbruken, er han viss på.

–Me må ta arealeffektivisering på alvor. Men det handlar i første rekke om å kvitta seg med bygg som er arealineffektive.

–Det er til dømes sagt at dersom ein flyttar sentraladministrsajonen til Stein Rokkans hus, kan ein frigjera fire bygg. Kva bygg er dette?

–Det er det for tidleg å seia noko om, seier Bjerknes.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed