– Sikkerheita til materialet trumfar alt

Publisert:12. september 2017Oppdatert:12. september 2017, 14:21
Museumsdirektør Henrik Von Achen seier det viktigaste for dei er å sikra gjenstandane. Magasinsituasjonen ved UiB skal opp i universitetsstyret i haust. Foto: Ida Bergstrøm

Magasinforholda ved UiB er i dårleg forfatning. No skal ein ny arealplan behandlast i styret - kor også ulike magasinløysingar skal prioriterast. 

– Magasinsituasjonen ved Universitetsmuseet er vanskeleg å handtera. Det er mange omsyn å ta, fortel Museumsdirektør Henrik Von Achen.

Éin månad etter innbrotet i Dei kulturhistoriske samlingar veit ein framleis ikkje kven som står bak, og rundt 400 stolne vikingskattar er framleis sakna. 

Museet har innrømma at ekstra sikringstiltak var planlagt i museumstårnet, men at dei aldri blei gjennomført.

– Når ein gjorde førebuingane til sikringsarbeidet, så diskuterte me om ein skulle flytta gjenstandane – og om ein hadde tid til det. Men me fann ut at det ikkje var gode nok løysingar for objekta, difor skulle ein sikra lokalet på staden. Me har ingen magasin som er klimasikre for denne type gjenstandar. Det er fleire aspekt enn tjuveri me må ta omsyn til - og klima er endå verre for gjenstandane på sikt, fortel areal- og driftsleiar ved Universitetsmuseet, Marie-Louise Lorentzen.

Når det gjeld magasina i museumstårnet var det planlagt tiltak som skulle settast i verk under rehabiliteringa.

– Me hadde stort fokus på at eksterne handtverkarar skulle komma inn. Skapa skulle plomberast og låsast, ein Nokas-vakt skulle sitta der døgnet rundt, og ingenting skulle ligga framme. Me kom aldri så langt at me fekk tatt det med Riksantikvaren. Det kom ein fellesferie midt i all planlegginga, fortel Lorentzen. 

Les også: Har fått DNA-treff etter museumsinnbrotet

Ikkje optimalt

Det har lenge vore klart at magasintilhøva i det gamle museumsbygget frå 1927 ikkje er optimale – verken når det gjeld sikring mot tjuveri eller med tanke på klima.  

Sidan bygget er freda må Riksantikvaren inn og godkjenna alle sikringstiltak.

– Ein treng tid for å setta i verk tiltak, fordi dei må godkjennast av Riksantikvaren. Ein kan ikkje berre trekka leidningar og bore i veggar som ein ønsker. Det er ikkje ein god bygning for å ha nye, moderne og sikre magasin i, seier Lorentzen.

UiB har jobba lenge med å sjå på løysingar for magasintilhøva og i 2011 blei magasinlager i Fjellhallen tatt i bruk for noko av materialet på Kulturhistorisk- og Naturhistorisk museum. Men Fjellhallen eignar seg ikkje like godt for lagring av arkeologisk materiale.

– Dei arkeologiske samlingane består blant anna av store mengder gjenstandar laga av metall. Arkeologiske metall har låge i jorda og byrja ein omfattande korrosjonsprosess. For å halda desse nedbrytningsprosessane i sjakk treng ein klimaregulerte magasin med låg relativ luftfuktigheit og låge temperaturar. I magasinet kor det var innbrot var det avfuktarar. Magasina i fjellhallen er laga til for ein annan type gjenstandsmateriale som krev eit anna klima, seier Lorentzen. 

Bilde frå Fjellhallen kor mellom anna gjenstandar frå Naturhistorisk museum vert lagra. Foto: Universitetsmuseet

Nytt samlingsbygg

Det er ikkje berre Universitetsmuseet som har behov for nye magasinareal. Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket har også dårlege magasinforhold. 

Eit av forslaga har vore eit samlingsbygg kor Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet går saman om eit nytt bygg i Joachim Frieles gate 1.

Ei moglegheitsstudie for eit slikt bygg vart lagt fram i 2016 – som det no er jobba vidare på. Ei arbeidsgruppe med tilsette frå både Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet sit no og legg siste hand på romprogrammet i eit eventuelt nybygg på Høyden. 

Dei ønsker eit synergibygg som inneheldt kontor, magasinareal, laboratorium, konserveringsavdelinga, fotoatelier osb.

Les meir: Nygårdshøyden kan få nytt, spektakulært museumsbygg

Skal opp i styret i november

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier det no er tre ulike grupper som jobbar med å vurdera ulike moglegheiter for å sikra magasintilhøve til dei ulike samlingane ved UiB.

– I universitetsstyremøtet i september kjem det ei sak som reiser ein del prinsipp rundt arealspørsmåla. Så vil me legga fram ein samla arealplan i novembermøte. Det er her spørsmålet om vekting og prioritering kjem til å bli tatt av styret.

Arealplanen vil ha ein relativ lang tidshorisont – fram til 2040.

Han seier dei vil bruka hausten grundig til å gå gjennom dei ulike alternativa.

– Uansett vil ein ta grep for å sikra samlingane betre enn det blir gjort i dag. Det er mange alternativ som er inne i vurderingane, så får me sjå på realismen. Det er klart at det er arkivbestemmelsar som avgrensar noko av handlingsrommet, seier Bernstrøm.

Vil ha magasina i nærleiken

I tillegg er nærleik til materialet for forskarane eit viktig moment i det heile.

– Det er klart at fagmiljøa har eit klart sterkt ønske om at dette ligg her på høyden, men når me skal jobba vidare med dette må me ha to tanker i hovudet samstundes. Me må klara å sikra det godt nok slik at me kan ta vare på tinga, og så må me har råd til å gjera det. Då kan det tenkast at noko må plasserast i fjellhallar og at det som absolutt må vera på Nygårdshøyden, kan vera det - anten i tilbygg, nytt bygg eller i andre eigna lokale i området, seier direktør for eigedomsavdelinga, Even Berge. 

Museumsdirektør Von Achen er klar over att økonomien legg begrensingar på planane.

– Det er klart at dette er ein dyr affære. No har me utgreia eit romprogram med kva som skal vera i bygget, så er det opp til den arealplanen som universitetet jobbar med. Dei må forholda seg til om dette er mogleg, og kor i køen det skal ligga, seier von Achen. 

Han er likevel klar på at ein kanskje må vera meir open for å flytta ting om det er naudsynt. 

Les også: Herfrå kjem dei stolne vikingskattane

– Me var ikkje i tvil om det før, og i alle fall ikkje no. Sikkerheita til materialet trumfar det meste. Me kan ikkje ha dårleg sikkerheit fordi det er praktisk for oss. Ein kvar form for lagring utanfor eige kontor skapar straks komplikasjonar, utanfor eige bygg endå meir. Men vårt kriterium må vera sikkerheit først. Så må me, innanfor dei ressursane me har, framleis få det til å vera mogleg å handtera for dei tilsette, når det kjem til forsking og formidling. 

Denne skålforma spenna frå vikingtida er i trygg forvaring hjå Konserveringsavdelinga ved UiB. Mange liknande gjenstandar vart stolne frå museumstårnet. Foto: Ingvild Festervoll Melien 

– Ikkje ein enkel prosess

Leiar for konserveringsseksjonen, Camilla Nordby meiner det er viktig å få fram at det å flytta på gjenstandar i magasin ikkje er ein enkel prosess. 

– Når me seier flytting er det ikkje berre å ta ein ting frå A til B. Det er snakk om ein stor dokumenteringsprosess, kor me skal legga inn all informasjon om gjenstanden. Den skal registrerast, reingjerast, fotograferast og pakkast ned for frysing for å sikra at me ikkje tar med skadedyr, slik som insekt osb. Så skal den plasserast i hyller i nytt magasin, og plasseringa skal registrerast i våre databaser. Skal du gjera det for fleire hundre tusen gjenstandar  så seier det seg sjølv at det tar tid. Det er ikkje gjort i ei handvending.  

Å ha nærleik til materiale er uvurderleg, fortel ho. 

– Faget arkeologi er et gjenstandsbasert fag: Me brukar gjenstandsmaterialet som ein integrert del av vår forsking og formidling - og det er også dei arkeologiske samlingane som har størst tilvekst. Materialet vert brukt aktivt av arkeologistudentar og andre forskarar i både inn- og utland samt vanleg publikum som kjem og studerar det arkeologiske materialet i våre samlingar. Me har daglege førespurnader som enten dreier seg om å henta frem materiale i samband med fotografering og publisering - samt spørsmål frå forskarar og publikum.

Eit nybygg hadde vore ei otpimal løysing, meiner Nordby.

– Å få samla moderne magasin, laboratorium, fotoatelier, utgravningsverksemd og kontor til alle på avdeling for kultur i eit nytt museumsbygg på Høyden ville føra til eit tettare og betre tverrfagleg samarbeid, samt fantastiske forskings- og formidlingsmoglegheiter. Og sjølvsagt langt betre klimamessige forhold for eit sårbart gjenstandsmateriale, seier Nordby (bildet).

Foto: Ingvild Festervoll Melien 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed