– Saknar logikk i samanslåingane

Publisert:8. september 2017Oppdatert:8. september 2017, 08:09
NTL-leiar John Leirvaag er kritisk til ostehøvel-kutta den blå-blå regjeringa har gjennomført i staten. Hovudtillitsvald for NTL ved UiB, Jørgen Melve, oppmodar dei statstilsette om å bruke røysteretten sin.

NTL-leiar John Leirvaag er kritisk til mange av samanslåingane i universitets- og høgskulesektoren.

– Eg klarer ikkje å sjå logikken i alle samanslåingane, seier Leirvaag til På Høyden.

Han nemner NTNU som eit døme, der ein har sett bort frå geografi når stor-universitetet blei sett saman.

– Ein bør i alle fall evaluere effekten av strukturreforma ganske grundig, og sjå korleis studenttala utviklar seg, seier NTL-leiaren, som organiserer ein stor del av dei tilsette rundt på institusjonane.

Han peikar på at regjeringa har overlate det til kvar institusjon å styre studieprogramma framover. Det kan føre til eit dårlegare tilbod både for studentar og arbeidsgivarar rundt i landet.

– Det er ekstremt viktig å ha utdanningsmiljø som òg næringslivet nyt godt av, seier Leirvaag.

Farge: Raudgrøn

Sjølv om NTL er partipolitisk uavhengig er ikkje rådet frå forbundsleiaren til å misforstå:

– Det har vore ei negativ utvikling på alle områda vi er opptekne av dei fire siste åra, seier Leirvaag, med klar adresse til Høgre-Frp-regjeringa.

– Som statstilsette er stortingsvala den einaste mulegheiten vi har til å påvirke verksemdene vi jobbar i, skyt lokal tillitsvald Jørgen Melve inn, og visar til at offentleg tilsette lojalt må følge opp den politikken politikarane vedtek, uansett kor ueinige dei måtte vere.

Nei til ostehøvel

Leirvaag er særleg kritisk til kutta i offentleg sektor, som skjer etter ostehøvel-prinsippet: Alle må kutte like mykje, utan at de er ein strategisk tanke bak.

– Kutta gjer dei uavhengig av korleis verksemdene er rigga. Skatteetaten har til dømes måtta kutte like mykje, sjølv om dei nettopp har omorganisert, og lagt ned mange kontor, seier han.

Auka løyvingar til politiet, men kutt i domstolane får effekt ved at køane aukar i rettsvesenet, noko som igjen kan gi dei kriminelle strafferabatt.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskaps (DSB) skulle satsast på etter 22. juli, men har fått større kutt enn ekstraløyvingar, og sit igjen med mindre ressursar.

Mellombels

NTL ønskjer òg å innskrenke høvet staten har til å tilsette folk mellombels.

– Her varierer det frå universitet til universitet, men Bergen ligg veldig dårleg an i høve til dei andre. Og det kan ikkje vere fordi Bergen har mykje meir mellombels finansiering enn dei andre.

– Men dersom det skal bli lettare å få fast jobb i det offentlege, bør det då òg bli lettare å seie opp folk om ein ikkje treng dei lenger?

– UiB er ei stor verksemd, så her vil det til dømes ofte vere muleg å flytte folk til andre område der dei trengst.

Leirvaag ønskjer òg å sikre varslarar i det offentlege betre.

– Diverre har det blitt større avstand mellom ytringsfridom og lojalitet. Handsaming av varslarar er framleis eit kjempeproblem. Belastninga er ofte så høg at folk som har vore gjennom det seier at det ikkje er verd det. Vi jobbar med å få klare retningslinjer for varsling i etatane. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed