Sakna UiB-student funnen død i Frankrike

Publisert:22. september 2017Oppdatert:22. september 2017, 12:41
Ommund Veim Eikje frå Tysvær i Rogaland var på utveksling i Avignon sør i Frankrike. Foto: Privat

– Det er med stor sorg vi fekk bodskapen om at ein av våre studentar er funnen omkommen i Frankrike, seier rektor Dag Rune Olsen. 

UiB-student Ommund Veim Eikje er funnen ommkomen i Avignon. Ifølge familien er det ikkje noko som tyder på at han har vore utsett for ei kriminell handling. 

Eikje er funnen død ved det gamle historiske festningsverket i Avignon.

– Dette var ein populær stad å ta bilete for turistar. Ommund må ha falt utanfor stupa. Han ble tilfeldigvis funnen av nokre arbeidarar i området. Vi har ingen grunn til å tru at det er noko anna enn ei ulukke, seier Ove Eikje, talsmann for familien til nrk.no

Dag Rune Olsen: Våre tankar går til familien

– Det er med stor sorg vi fekk bodskapen om at ein av våre studentar er funnen omkommen i Frankrike. Våre tankar går no til familien til Ommund. Han hadde også medstudentar ved uiB og ein vennekrets som no er i sorg. Vi kjem til halde ei minnestund for dei som vil vere med, seier rektor Dag Rune Olsen til På Høyden. 

Klokka 13.00 fredag vil det vere eit informasjonsmøte for studentar og tilsette i Auditorium A på Sydneshaugen.

Far til Eikje er framleis i Avignon i Frankrike. Olsen har vore i kontakt med mor til studenten.  

– Eg har gjeve våre kondolansar, og familien vil ha vår støtte på dei vis dei måtte trenge, seier Dag Rune Olsen til På Høyden. 

Leiligheita var tom

Torsdag blei leilegheita til Eikje funnen. Ingen skal ha vore til stades i leilegheita som  Eikje skal ha leigd i Avignon.

Det melder nrk.no

– Lokalt politi har vore i kontakt med utleigar, som stadfestar at Ommund har betalt eit større beløp kontant som depositum for leilegheita, seier Ove Eikje til nettstaden. Han er onkel til den sakna studenten.

Leilegheita blei funnen i ei anna gate enn der familien først leita.

Eikje var  student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Han var for tida på utveksling i Avignon søraust i Frankrike.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed