Rektor sin instituttplan blei nedstemt

Publisert:28. september 2017Oppdatert:29. september 2017, 08:41
Spørsmålet om instituttstruktur for Fakultet for ingeniør- og naturvitskap gjekk til votering. Frå venstre dekan Geir Anton Johansen, styreleiar Arvid Hallén, rektor Berit Rokne og styremedlemmer Kari Kjenndalen, Tom Skauge og Aina Berg. Foto: Ida Bergstrøm

HVL-rektor Berit Rokne vil ha fem institutt ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Dekan Geir Anton Johansen ønska sju institutt, og fekk eit fleirtal i styret med seg.

Instituttstrukturen til Høgskulen på Vestlandet (HVL) var saka som styret brukte mest tid på å diskutere på styremøtet torsdag.

- Store, campusovergripande institutt har vore den overbyggande ideen, sa Berit Rokne.

Hennar vurdering er at prosessane fram mot resultatet har vore gode.

- Planen er å danne store, campusovergripande institutt med kapasitet for masterutdanning. Eg har vurdert innspela frå dekanane og fakulteta, bortsett frå eitt punkt.

Ba om fem institutt

Dette punktet er instituttstrukturen til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

I vedtaksforslaget er fakultetet foreslått organisert med fem institutt.

Institutt 1: Maskin og marin

Institutt 2: Bygg

Institutt 3: Miljøvitskap (Naturfag, Klima og miljø)

Institutt 4: Data og elektro (Data, Realfag, Elektro)

Institutt 5: Bio/kjemi og sikkerhet (Biokjemi, Kjemi, Brann, HMS)

Dekan ba om sju institutt

Dekan Geir Anton Johansen har i eit notat argumentert med at fakultetet bør få sju institutt.

I notatet skriver han følgende: «Gjennom høringen, og ellers grundige diskusjoner, har det komme fram et sterk ønske om å bruke den kommende strategiprosessen som starter i høst til å se på hva som er beste instituttstrukturen for FIN. Da vil det være bedre tid til å vurdere de ulike faglige koblingene, og da spesielt mulighetene ved å dele eksisterende miljø og etablere heilt nye konstellasjoner. En slik prosess i to skritt vil være gunstig for å hente ut potensialet i det nye fakultetet…Dekanen sitt primære valg er derfor at FIN starter opp med 7 institutter, og så bruker en strategiprosess for avdekke de beste faglige sammenslåingene. Målet er da å sette sammen en ny instituttstruktur i løpet av første åremålsperioden».

I møtet orienterte Geir Anton Johansen styret om kvifor han har argumentert for sju institutt framfor fem.

- Mitt ønske er å få bruke meir tid på å finne dei ultimate koplingane. Kanskje kan vi lande på fem institutt til slutt? Men vi treng meir til for å undersøke dei moglegheitene som ligg der.

Vil løfte fram fagmiljøet kring brann

Gunnar Birkeland er eksternt styremedlem ved HVL.

Han har sterke meiningar om prosessen kring organiseringa av Fakultet for ingeniørfag.

- Eg ønsker at regionen skal tydelegare sjå kva vi er gode på, og kva vi satsar på. Det er eit stort feilgrep å ikkje fremja brann som eit eige institutt. Eg ber om at ein ser på dette på nytt og fremjar dette betre, sa Gunnar Birkeland.

Han fekk støtte frå Tom Skauge.

- Vi må vere pragmatisk lyttande. Dette er den einaste avdelinga som massivt ber om å få ein sjuinstituttstruktur for å gjere dette skikkeleg, sa Tom Skauge.

Sak har skapt støy

- Prinsippa som står er det styret sjølve som har sett. Eg meiner ikkje dette er prinsipprytteri. Mi vurdering er tatt ut frå faglege vurderingar. Eg ser at nokre fag på ingeniørutdanninga kan slåast saman. Dette har vore ein lang prosess. Eg har heile tida sagt at ein må strekke seg for å finne moglege faglege synergiar. Når deg gjeld synlegheit, vil namna på instituttet vere med å løfte fram miljøa på instituttet, sa Berit Rokne.

- Når den nye dekanen har ein annan modell en det rektor ønskjer, og mange tilsette stiller seg bak denne modellen, då må vi stille oss nokre spørsmål. Kva arbeidskvardag vil dei tilsette få? Korleis vil samarbeidet vere? Kan det bli uro i andre delar av organisasjonen, som føler seg pressa inn ein modell med færre institutt? Eg opplever denne balansegangen som vanskeleg, sa Aina Berg.

- Vi som styre må gå tilbake til tankane vi tenkte då vi laga plattforma, og sjå på kva som var intensjonane våre då. Vi ønska å hente ut synergiar og lette til rette for samarbeid, sa Sissel Brenna.

Ho minna om at eit eige fagområde ikkje nødvendigvis må ha sitt eige institutt. Og at ein etter ei evaluering lettare kan utvide talet på institutt.

- Om ein på eit seinare tidspunkt og etter ei evaluering kan bestemme seg for å utvide frå fem til sju, er det lettare enn å nedskalere frå sju til fem.

-  Vi ønska oss større einingar som ikkje var så sårbare. Poenget her er også å sette saman nokre som ikkje er heilt like, for å sjå kva ein kan få fram i fellesskap, sa eksternt styremedlem Kari Kjenndalen.

Ho oppmoda rektor om å nytte høvet til å bruke instituttnamna for profilering .

- Det er ikkje noko meir særeige med dette fakultetet samanlikna med dei andre. Også ved dei andre fakulteta er det store skilnader internt, sa Berit Rokne.

Rektor sitt framlegg blei nedstemt

Saka gjekk til votering. Det er tretten røysteføre personar i styret.

Rektor sitt framlegg fekk fem stemmer. Eit alternativt forslag om at fakultetet i løpet av første åremålsperiode skal strukturerast ned til maks fem institutt, fekk åtte stemmer. 

For rektor sitt forslag til vedtak røysta Arvid Hallén, Kari Kjenndalen, Christine Øye, Marit Ubbe, Sissel J. Brenna. Mot røysta Gunnar Birkeland, Tom Skauge, Marie Eikemo Larsen, Trond Ueland, Aina Berg, Sondre Riisøen, Gunnar Yttri og Cecilie Fredheim.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed