Nygårdsparken har blitt ny

Publisert:8. september 2017Oppdatert:8. september 2017, 14:46
En liten café i funkisstil, trampoliner, benkar å sitte på. Flagghøyden, som tidlegare var ein stad mange bergensarar prøvde å unngå, har fått ei kraftig opprusting.

Tre år og 25 millionar kroner etter at portane blei stengde, opnar Nygårdsparken igjen. – Gode uteareal er heilt grunnleggande for eit velfungerande bysamfunn, seier byråd Anne Elisa Tryti. 

I august 2014  stengte Bergen kommune Nygårdsparken. Den øvste delen, den som blei kalla Flagghøyden, hadde lenge vore ein samlingsstad for narkomane, også omtala som «Nordens største opne russcene».

Dette ville Bergen kommune og politiet ha ein slutt på. Som eitt av fleire verkemiddel, kom det høge gjerder rundt delar av parken. Så starta arbeidet med å pusse opp Nygårdsparken

Les også: Slik skal de puste liv i parken

Nygårdsparken blir ein fristad for ungane

Vekk med «Needle Park»

Sidan parken stengde, har det skjedd store ting bak gjerda. Kratt og buskas har blitt fjerna, tre hogd ned. Dei storvakse hekkane er erstatta med blomsterbed.

Den gjengrodde dammen, som for nokre år sidan var gjørmete og forsøpla, har blitt eit vakkert vatnspegl, kanta med stein.

Komande helg, 8. og 9. september, skal gjerdene vekk. Nygårsparken skal igjen opnast for alle.

– Målet vårt er at Nygårdsparken igjen skal bli ein stad der bergensarar, ungar, gamle, studentar, frivillige lag og organisasjonar kan ha det triveleg saman med andre, i det som er byens vakraste park, seier Julie Andersland, byråd for klima, kultur og næring (V).

Les også: Nygårdsparken - ein krevjande nabo

–  Eit uteområde for barn og familiar

Det er TAG arkitektar ved landskapsarkitekt Merete Gunnes og arkitekt Marko Todorovic som har teikna den øvste delen av parken som no står klar.

Den totale prosjektkostnaden har vore om lag 25 millionar kroner.

Pengane har blitt brukt på uteområde der ungane kan leike. Ein liten, sva klatrevegg. Nedfelte trampolinar. Skulpturar som inviterer til skating og sykling.

– Bergen sentrum treng fleire område for barn og barnefamiliar, og Nygårdsparken blir ein fristad for ungane, seier Anne Elisa Tryti.

Prosjektleiarane har ønska å gjennomføre oppussinga med omsyn til kvalitetane som parken opprinneleg hadde. Parken, som på 1880-talet blei anlagt som ein engelsk hage, vert rekna for å ha ein betydeleg kulturhistorisk verdi.

Tai Chi og gategym

Byråd Julie Andersland drøymer om at Nygårdsparken skal vere fylt med aktivitet og menneske.

– Vi har tilsett ein eigen kulturkoordinator som skal ta eit ekstra ansvar for Nygårdsparken. Ho vil sikre at eldre, skular, studentar og frivillige lag får tilrettelagt bruken av parken dei komande seks månadane. Kulturprogrammet i haust inkluderer blant anna rickshawsykkel for eldre, konsertar, tai chi og gategym som faste aktivitetar, seier Julie Andersland.

Planen er å få folk til å ta Nygårdsparken i bruk. Når dei brukar området, og tek eit eigarskap til det, vil dei også verne om parken. Slik blir Nygårdsparken sett under bergensarane sitt vern.

– Gode uteareal og møteplassar er heilt grunnleggande for eit velfungerande bysamfunn. Difor proriterer vi å ruste opp grøntareal og leikeplassar i heile byen. Nygårdsparken er flaggskipet for denne satsinga, seier Anne Elisa Tryti, byråd for byutvikling (Ap).

Opprustinga av parken stoppar ikkje her. Bergen kommune vil bruke 36 millionar kroner på Nygårsparken fram mot år 2021.

Planane for Flagghaugen er store; med eit nytt treningsanlegg, fleire hengekøyer og ei stor sklie.

I nedre del av parken er det i dag ein barnehage. Her skal det også skje endringar.

– Vi skal lage eit stort og kunstarisk utforma leike- og aktivitetsområde i området der den midlertidige barnehagen er no, med anlegg for dei vaksne i parkbustaden. Dette skal stå ferdig i 2021. Eg gler meg utruleg til heile parken står ferdig, seier Anna Elisa Tryti.

Opningsfest og utekino

Laurdag 9. september er det opningsfest for Nygårdsparken.

Feiringa startar fredag kveld, under Kulturnatt i Bergen. Her blir det utekino i samarbeid med Bergen Kino. Laurdag 9. september klokka 13.00 er det offisiell opningsseremoni i øvre del av parken ved ordførar Marte Mjøs Persen. Studentkoret Sirenene vil spele, det same vil Nygaard Bataljon, Bjørn Wilberg Andersen og Christine Sandtorv gjere. Klokka 15.00 er det parkvandring med Egil Ertresvaag og TAG arkitektar.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed