Namnet på sakna UiB-student er frigjeve

Publisert:20. september 2017Oppdatert:20. september 2017, 09:37
Sakna i Frankrike: Student Ommund Veim Eikje (22). Foto: Privat

Det er LLE-student Ommund Veim Eikje (22) som er sakna i Frankrike.

UiB har i ein epost til studentane gjort kjent at Ommund Veim Eikje er sakna.

Eposten skal ha blitt sendt etter ynskje frå familien til Eikje.

Eikje er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Han er for tida på utveksling i Avignon søraust i Frankrike.

Det var Studvest som først omtala saka. 

Eikje vart meldt sakna søndag.

– Vi forstår det slik at familien ønskjer at namnet skal gjerast kjent, i håp om at dette skal gjere det enklare å finne sonen, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til Studvest.

Tok ut pengar

Ifølge NRK skal Eikje ha tatt ut pengar frå kontoen sin 2. september. Han skal også ha lagt ut nokre bilete på Instagram.

Faren er no i Frankrike for å leite etter sonen. Far til Eikje skal ha funne gata der sonen skal ha fått hybel, men har ikkje funne sjølve husværet.

– Vi har ei fryktelig tid som familie, og håpet svinn ettersom dagane går, seier Ove Eikje, onkel til den sakna studenten, til NRK.

Eikje kjem frå Tysvær i Rogaland. Han har tidlegare vore utvekslingsstudent i USA, og er vand med å reise. Familien samarbeider med lokalt politi i Avignon. I Norge ligg saka hos Sør-Vest politidistrikt Haugaland.

Har du opplysningr om kvar Ommund Veim Eikje kan vere? Ring politiet på 02800.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed