Milena Penkowa har mista doktorgraden

Publisert:14. september 2017Oppdatert:14. september 2017, 11:24
Milena Penkowa har mista PhD-tittelen sin. På si Facebookside varslar ho rettslege etterspel. Foto: Københavns Universite

For sju år sidan mista Milena Penkowa jobben ved Københavns Universitet. No ryk doktorgraden også.

– Det er heilt usedvanlig og ekstraordinært at ein forskar mistar sin doktorgrad, seier Jasper Steen Winkel, visedirektør ved Københavns Universitet til dansk TV2.

«Tildeling av ein doktorgrad er ei stor akademisk utmerking som vitnar om høg fagleg truverdigheit, på same måte som den er ei utmerking for betydeleg vitskapleg innsikt og modenheit. Desse føresetnadane har ikkje Milena Penkowa levd opp til», slår Akademisk råd fast i ei pressemelding.

Det er Akademisk råd som tildeler doktorgrader, og det er også dei som kan trekke doktorgrader tilbake. 

– Eg kan ikkje hugse at dette har skjedd tidlegare, seier visedirektøren til Politiken.

Dikta opp dyreforsøk

Ho disputerte først i 2003 disputerte Penkowa med ei avhandling der mellom anna dyreforsøk var ein del av metoden. Desse dyreforsøke som Penkowa viste til i avhandlinga, hadde aldri blitt gjennomført. For å dekke over jukset, skal Penkowa ha forfalska sentrale dokument, slo Østre Landsrett fast i september i 2016. Ho blei likevel frifunne frå anklagen om grov dokumentforfalsking

Viss fakultetet hadde visst om at forsøka for forfalska, ville fakultetet avvist å behandle den andre doktorgradsdisputasen som Milena Penkowa fekk doktorgraden for, skriv universitetet i pressmeldinga.

Hjerneforskar Milena Penkowa tok doktorgraden ved det helsevitskaplege fakultet i 2006. Her kan du lese Københavns Universitet si oppsummering av saka

Duka for ny runde i retten

Avgjerda om den tapte doktograden kan ikkje påklagast. Ifølge Winkel kan Penkowa velje å gå til sak mot Københavns Universitet dersom ho ønsker å prøve saka for retten.

Og denne mulegheita har ho truleg tenkt å nytte seg av. 

På hennar Facebookprofil skriv ho følgande: «Min advokat har gjort nøye rede for jussen, og har peika på at universitetet bryt reglane ved å gjennoføre denne fråtakinga…» «…vi kjem til å slåst i retten igjen, for eg vil ikkje finne meg i maktarroganse og maktmisbruk.»

Penkowa blei i 2015 dømt til betinga fengsel i ti månader

Dette er Penkowa-saka: 

  • Milena Penkowa (født 1973 i Odense) er ein dansk hjerneforsker som var tilsett som professor ved Københavns Universitet i perioden 2009-10.
  • Penkowa leverte doktorgraden i medisin ved Københavns Universitet i 2001 men måtte trekke den tilbake like etterpå. Eit utval hevda at ho ikkje kunne ha utført så mange rotteforsøk som ho sjølv skreiv.
  • Penkowa forfalska dokument, som fortalde at forsøka hadde skjedd i Spania.
  • Doktorgraden blei godkjend i 2004. Dette blei starten på ei kometkarriere.
  • I 2008 fekk ho det danske Videnskapsministeriets høythengende EliteForsk-pris på 1,4 millionar norske kroner.
  • Ho blei spådd ei lysande forskarkarriere, og fekk mykje merksemd.
  • I 2010 avslørte den danske Weekendavisen at papira ho brukte for å dokumentere forsøka i 2003, var falske.
  • I mai 2011 mista ho EliteForsk-prisen.
  • Penkowa har i fleire rundar blitt diskutert i dei danske Udvalgene vedrørende Videnskabelig Uredelighet (UVVU). I 2012 blei ho kjend skuldig i alvorlege brot på god vitskapleg praksis.
  • Ho er dømt til fengsel på vilkår for dokumentfalsk i to omganger, i 2010 og i 2015. Ho var likevel frikjend i Østre Landrett, fordi forholdet var forelda.
  • Den danske riksrevisjonen har granska hennar private bruk av forskingsmidlar. Også Københavns Universitet si handtering av saka har blitt granska.

Kjelder: Københavns Universitet, Forsking.no, Wikipedia

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed