– Lite gjennomtenkt med opne landskap

Publisert:13. september 2017Oppdatert:13. september 2017, 15:02
På nyinnreda Internasjonalt senter er det opne landskap, og nokre veggar er dekorert med skog. Så langt høyrest dei tilsette nøgde ut. Men tillitsvalde er skeptiske til opne landskap, når det viktigaste omsynet er å spare plass.

Opne landskap er lite gjennomtenkt, og kan i verste fall avskaffe universitetet som ide, meiner tillitsvalde.

På Høyden kunne tidlegare i dag fortelje at universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ser for seg at dei fleste sit i opne landskap på sikt, og vil i første omgang flytte heile sentraladministrasjonen til Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5.

Hovudtillitsvald Steinar Vagstad i Forskerforbundet ved UiB let seg derimot ikkje imponere over planane til direktøren.

– Heilt generelt synest vi at det verkar lite gjennomtenkt, det dei driv på med. Planane verkar ikkje å vere kunnskapsbaserte, dei viser ikkje til erfaringar frå andre institusjonar som har prøvd dette. Vagstad viser til erfaringar frå NTNU og Malmø, der ein har brukt opne kontorløysingar. Han er klar over at det finst ei statleg norm for areal, men stillar seg undrande til logikken.

Slutta å komme

– Korleis innrettar folk seg elles i livet? Det er litt pussig at du skal sitje trangare og trangare på jobb, mens folk får meir og meir plass heime. Det er ikkje tvil om at folk føretrekk å ha litt luft rundt seg, og kostnaden er liten viss det påverkar trivsel og produktivitet. Det er blitt sagt om kunnskapsorganisasjonar at ressursane går heim kvar dag, og at den viktigaste leiaroppgåva er å bidra til at dei har lyst til å komme tilbake neste dag.

Han viser til at tilsette i Malmø ganske enkelt slutta å komme på jobb i opne landskap, og heller valde å jobbe heime.

– Du kan komme på jobb, og sitje på ein lesesal med folk. Eller sitte heime og boltre deg. Om folk ikkje møtest har du avskaffa universitetet som ide, seier Vagstad

Lov å ha meir

Jørgen Melve i Norsk Tjenestemannslag meiner at universitetsdirektøren bommar når han vil stable folk tett saman.

– Den statlege arealnormen er ein bruttonorm. Seks kvadratmeter er minstenormen til Arbeidstilsynet, men det er ikkje forbode å ha meir. Om universitetsdirektøren vil stable sine tilsette i høgda eller breidda, så skjønar alle at det går an å spare pengar slik.

Må henge saman

Men Melve trur likevel ikkje at det er ein god ide.

– Ofte kallar ein slikt aktivitetsbaserte løysingar. Då burde innretninga på kontorareal ha ein samanheng med arbeidsoppgåvene som skal utførast. For mange har det å sitje i landskap ingenting med arbeidsoppgåvene å gjere. Tanken bak åpne løysingar er at det skal gje betre samhandling. Dette fordrar kontakt og kommunikasjon. Då er det litt pussig med  teppegolv, reglar om å snakka lågt og alle slags tiltak for å redusere støy. Vi er ikkje først og fremst ein idemyldrande prosjektorganisasjon, vi har mange tilsette med konkrete arbeidsoppgåver som skal gjennomførast konsentrert innan knappe fristar.

Veldig dårleg ide med forskarar

Han understrekar at NTL er kritiske til, men ikkje prinsipielt imot opne løysingar.

– Det er det litt einsidige fokuset på å spare pengar på mindre areal til kvar tilsett vi er skeptiske til. Og eg veit at ekstremt mange forskarar er skeptiske til å jobbe i ope landskap. Å plassere dei der trur eg er ein veldig dårleg ide.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed