Leilegheita til Ommund Veim Eikje er funnen

Publisert:21. september 2017Oppdatert:22. september 2017, 08:48
Ommund Veim Eikje (22) frå Tysvær i Rogaland er sakna i Avignon. Foto: Privat

Den sakna UiB-studenten Ommund Veim Eikje er etterlyst i heile Schengen-området.

Ingen skal ha vore til stades i leilegheita som UiB-student Ommund Veim Eikje skal ha leigd i Avignon.

Det melder nrk.no

– Lokalt politi har vore i kontakt med utleigar, som stadfestar at Ommund har betalt eit større beløp kontant som depositum for leilegheita, seier Ove Eikje til nettstaden. Han er onkel til den sakna studenten.

Leilegheita blei funnen i ei anna gate enn der familien først leita.

Tok ut pengar 

Eikje er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Han er for tida på utveksling i Avignon søraust i Frankrike.

Ifølge nrk.no skal Eikje ha tatt ut pengar frå kontoen sin 2. september. Han skal også ha lagt ut nokre bilete på Instagram.

Fransk politi arbeider vidare med saka.

Eikje er også etterlyst i heile Schengen-området. Politiet har via Kripos bedt fransk politi om bistand. Politiet held den sakna studenten sin bankkonto og mobiltelefon under oppsikt. Ifølge påtaleansvarleg jurist Pål Jæger-Pedersen er det for tidleg å seie noko om eventuelle bevegelsar her.

Har du opplysningr om kvar Ommund Veim Eikje kan vere? Ring politiet på 02800.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed