La vekk sak om tryggleik

Publisert:28. september 2017Oppdatert:28. september 2017, 15:04
Kva var det som gjekk gale då nokon kom seg inn på Universitetsmuseet og fekk med seg skattar? Tryggleikskulturen ved UiB er for dårleg, meiner universitetsdirektøren.

I 2011 diskuterte universitetsstyret tryggleik, men la vekk saka. Det førte til at ein sleppte taket i temaet.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier at han raskt vil følgja opp tilråingane om tryggleiksarbeidet ved UiB. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

-Tryggleikskulturen ved UiB er for dårleg.

Det slo universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fast under torsdagens universitetsstyremøte. Styret handsama saka «orientering om oppfølging av arbeidet med sikkerhet ved UiB etter tyveri fra universitetsmuseet». Deler av sakshandsaminga gjekk for lukka dører.

Vakna fort
Bakgrunnen for saka er sjølvsagt innbrotet ved Universitetsmuseet i august. Universitetsdirektøren har fått ein rapport frå ei arbeidsgruppe som seier noko om korleis tryggleiksarbeidet ved institusjonen bør vera.

Om me ikkje bråvakna, så vakna me ganske fort

-På mange måtar vart innbrotet ein vekkar. Etter at parken vart stengt, fall talet på innbrot ved UiB med nitti prosent. Denne typen alvorlege hendingar har me ikkje hatt før. Om me ikkje bråvakna, så vakna me ganske fort, sa Bernstrøm.

Han informerte om at universitetsstyret i 2011 diskuterte ei sak som handla om tryggleik. I sakspapira heiter det at temaet kom opp på styreseminar i 2010.

-Saka vart stoppa, styret ville ha opne dører ved UiB. Då sleppte ein taket i saka, sa Bernstrøm.

Vedtaket den gongen var at «styret diskuterte forslaget frå arebidsgruppa. Universitetsleiinga tek med momenta frå diskusjonen i det vidare arbeidet».

Farlege kjemikaliar
Bernstrøm sa at ansvaret for trggleiken ved UiB ikkje har vore einsidig tydeleg.

-Ein har ein brannansvarleg, ein har tilsette med ansvar for HMS, men ein har mangla eit overordna tryggleiksomgrep, særleg når det gjeld fysisk tryggleik.

Som På Høyden skreiv, er eitt av forslaga frå arbeidsgruppa at ein får ein eigen tryggleiksansvarleg ved UiB.

-Dette kjem me til å følgja opp ganske raskt, sa direktøren.

Rektor Dag Rune Olsen peika på at tryggleik ikkje berre handlar om sjeldne samlingar.

-Det handlar om ein heil tryggleikskultur. Me som universitet har òg andre einingar der me treng fokus på tryggleik, mellom anna har me farlege kjemikaliar.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed