- La studentane ha med telefon og pc på eksamen

Publisert:7. september 2017Oppdatert:7. september 2017, 15:01
Harvard-professoren Eric Mazur meiner han begynte å lage betre eksamensoppgåver då han opna opp for at studentane kunne ta med telefon til eksamen. Foto: Colourbox

Harvard-professor meiner tida er inne for droppe pugginga.

Professor Eric Mazur har vore sentral i arbeidet med å utvikle pedagogikken kalla <<flipped classroom>>. Han starta med denne metoden på universitetet Harvard på 1990-talet, der han underviser i fysikk. Hovudtanken er at studentane skulle tileigne seg tekstar før undervisninga, og at tida i klasserommet skulle brukast til diskusjon og direkte dialog med undervisaren.

No meiner Mazur at tida er inne for å endre måten lærestadane legg opp eksamen på.

Skal ikkje google seg til rett svar

Times Higher Education sin konferanse World Academic Summit, fortalde professor Mazur at han har begynt å tillate bruk av internett under eksamen.

– Dette betyr at eg må sørge for at svara på spørsmåla eg stiller ikkje er lett tilgjengelege via eit enkelt Google-søk. Men det er ein liten pris å betale, sa Mazur under konferansen. 

Han meiner endringa har gjort at han no lagar meir meiningsfulle eksamenssett tilpassa krava som møter moderne menneske. Med nye oppgåver vil han teste studentane sine kreative og analytiske evner, ikkje kor gode dei er til å hugse informasjon.

Les også: Slapp straff etter Facebook-fusk på eksamen

Framifrå forsking, gamaldags undervisning

Mazur er uroleg for at universiteta verda over ikkje klarer å bruke teknologi til å utvikle innovativ pedagogikk:

– Ved mange av eliteuniversiteta, inkludert mitt eige, driv vi undervisning omtrent på same måten som vi gjorde for tusen år sidan. Og dette skjer vegg i vegg med at vi driv forsking av øvste klasse.

Nokre lyspunkt finst likevel ved Harvard, meiner Mazur. Han heldt fram den sosiale læringsplattformen Perusall, kor studentane kan diskutere aktuelle tekstar. Perusall har no over hundre tusen brukarar, og ifølge Mazur viser evalueringar at desse brukarane presterer betre enn dei som står utanfor.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed