Kjell trivst best i opne landskap

Publisert:13. september 2017Oppdatert:2. oktober 2017, 11:46
Kjell Bernstrøm liker det opne landskapet på Internasjonalt senter på UiB. Leiar Nina Gry Stein er vand med å sitte på kontor, og er overraska over kor bra det fungerer med små, opne landskap.

Cellekontor er på veg ut, trur universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Kostnadane må ned i offentleg sektor, og institusjonane må bruke mindre areal. UiB-direktør Kjell Bernstrøm vil samle heile administrasjonen i eitt bygg for å jobbe tettare og smartare. Planen er å sentralisere heile sentraladministrasjonen ved UiB i Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5.

I dag har 240 personar arbeidsplassane sine der. Det kunne vore plass til 1000, har UiB fått råd om frå eksterne konsulentar. Kjell vil rydde plass til kring 450 personar.

Og han har allereie byrja i det små: Kommunikasjonsavdelinga, som i det siste har blitt spreidd for alle vindar, har dei fleste arbeidsplassane i ope landskap. Det same gjeld nyopna internasjonalt senter, som skal hjelpe både tilsette og studentar.

Positiv overrasking

Ved internasjonalt senter er kring 20 tilsette frå studieadministrativ, forskingsadministrativ og HR-avdelinga samla i to rom med opne landskap, to stillerom, eit rom for tettare samarbeid, og eit stort, sosialt pauserom.

Og skal vi tru Nina Gry Stein, så er dei nye arbeidsplassane så langt ein suksess.

– Mi oppleving er at dette har gått veldig fint. Eg har aldri jobba i ope landskap før, men eg er svært positivt overraska, fortel Stein.

Glas, lys og skogmotiv. Slik er det på internasjonalt senter.

Personleg pult

Men sjølv om opp til 12 personar sit på same rom, er det stilla som pregar kontorlandskapet. På golvet er det teppe, og kring kvar arbeidsplass ein støydempande skillevegg. Nokre av veggane er dekorerte med bilete av skogholt. Kvar pult har eit utrekkbart skap, der ein kan ha personlege eigedelar. I staden for telefonar brukar dei hovudtelefonar og skype for business.

Sjølv om ope landskap opnar for samarbeid, er det for det meste stille.

– Men då det nyleg var jordskjelv i Mexico var det praktisk å kunne prate over skilleveggane, seier Stein.

Bur til kvar

Eit døme på dårleg utnytting av plassen er kontora til eigedomsavdelinga i Stein Rokkans hus i Nygårdsgaten 5.

På eit av dei sit Eva Røyrane (biletet). Kontorkollega Åse Tveitnes er ute eit ærend. Som tidlegare journalist er Røyrane vand med å sitte i ope landskap.

– Eg er for små, opne landskap. Og så må dei ha god lyddemping, seier Røyrane.

Rein pult

Hennar tidlegare arbeidsgivar, Bergens Tidende, har nyleg flytta inn i Media City Bergen, og praktiserer rein pult, eller såkalla «clean desk». Alle må tømme pulten etter arbeidsdagen, og dermed blir det plass til mange fleire: Ingen har faste pultar, og om du er sjuk eller på reise blokkerer du ikkje ein arbeidsstasjon.

– Eg trur «clean desk» er vanskeleg. Alle bør nok ha sin eigen pult, trur Røyrane.

– Det er kanskje berre 30 prosent av dei tilsette som er på pulten sin til eikvar tid, seier Bernstrøm.

Sentralisert sentraladministrasjon

I Stein Rokkans hus vil han samle heile sentraladministrasjonen. Kantine og felles møterom skal sørge for at folk treffer på kvarandre meir enn i dag. Og Bernstrøm trur fleksible løysingar har framtida for seg:

– Det einaste vi veit er at vi ikkje veit korleis verda vil sjå ut i framtida. Når folk tenker på opne landskap tenker dei ofte store hangarar, som i bank og forsikring.

Utelukkar ikkje vitskapleg tilsette

Men det er altså mindre, oppdelte opne landskap universitetsdirektøren ser for seg. Og alle skal ha sin eigen pult.

– Nøkkelen til å lukkast er brukarinvolvering.

– Ser du for deg at vitskapleg tilsette og skal sitje i opne landskap i framtida?

– Vi har eigentleg ikkje tatt tak i den problematikken. I Media City Bergen har vi til dømes latt dei vitskapelge velje om dei fil sitte på kontor eller i landskap. Men vi er uansett nøydde til å følgje dei statlege normene, som seier at kvar skal ha 6-7 kvadratmeter.

Kommunikasjonsavdelinga fekk fleire opne landskap etter førre ombygging. Etter omorganisering blei det ganske tomt på avdelinga, og det gir plass til andre. 

Då kan det lett bli meir attraktivt å sitte ei eit landskap enn å vere på eit trangt kontor.

– Der som Det humanistiske fakultetet skulle ha flytta ut frå Sydneskvartalet i dag, så hadde dei måtta forholde seg til dei statlege normene, seier Bernstrøm.

Og meldinga frå Kunnskapsdepartementet til UiB er klar: De er ikkje arealeffektive nok.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed