Herfrå kjem dei stolne vikingskattane

Publisert:4. september 2017Oppdatert:5. september 2017, 07:36
Kvinnesmykke og beslag frå vikingtida er blant tinga som er vekke frå Dei kulturhistoriske samlingar ved UiB.

Dei stolne vikingskattane vart gravne fram frå over 100 funnstader i Noreg. Klikk deg inn på kartet her.

Sjekk på kartet kor dei hundrevis av stolne gjenstandane kjem frå.  Merk at kartet ikkje viser nøyaktig geografisk posisjon for funnstadane. Ein kan gå inn på unimus.no for å få meir informasjon om gjenstandane.

Det er gått tre veker sidan innbrotet på Universitetsmuseet blei oppdaga. Rundt 400 gjenstandar, hovudsakleg frå vikingtida, forsvann frå magasinlagera i museumstårnet. 

Ingen av dei stolne gjenstandane er komne til rette, og éin eller fleire gjerningspersonar er framleis på frifot.

Vikingskattane er gravne fram på stader som Dønna i nord til Kristiansand i sør. Men i all hovudsak er dei funne på Vestlandet. På kartet kan du sjå kor.

– Reint generelt har det gått ein del frå Sogn og Fjordane. Der var det veldig mykje importfunn og ein del fine kvinnegraver. Men det er ikkje slik at dei aleine er ramma. Sogn og Fjordane er eit av dei fylka som har mest av vikingtidssaker i Vest, dei har mykje å mista – men det er framleis ein del igjen, seier professor ved Avdeling for kulturhistorie, Liv Helga Dommasnes. 

Les også: Forsker: Game of Thrones har gjort vikingskatter populære

Stolne for andre gong

– Er det slik at ein betydeleg del av vestlandets kulturminne no er vekke?

– Eg ville vel heller seia at viktige delar av vår kulturarv, spesielt frå vikingtid, er borte. Me skal heller ikke gløyma at dei stolne gjenstandane ikkje berre representerer vår eigen arv, men også arven til England, Skottland og Irland. Det gjeld «importsakene», som det gjerne heiter i litteraturen. Veldig mykje av det røva godset frå tidleg vikingtid var fine ting dei fann i kloster og kyrkjer når dei var på tokt. Mange av desse er truleg no stolne for andre gong – først av vikingane, så av tjuven eller tjuvane som slo til for tre veker sidan.

Gausel i Stavanger kommune er ein av funnstadene som er hardast ramma i tjuveriet. Her har tjuvane fått med seg om lag 17 gjenstandar frå same stad.

– Gauselfunnet frå like utanfor Stavanger er ei usedvanleg rik kvinnegrav frå vikingtid. Det utmerkar seg særleg ved ei rekke irske gjenstandar, deriblant forgylte beslag. Funnet blei gjort i 1880-åra og gjenstandane blei selde til Bergens Museum, no Universitetsmuseet. Dette var før Lov om kulturminne kom i 1905 og før Stavanger fekk eit eige arkeologisk museum, seier Dommasnes, og legg til: 

– Dessverre er mykje av dette borte no. Det er sjølvsagt eit stort tap både for vårt museum og for Rogaland.

Les også: UiB tar sikkerhet på alvor

La ting i gravene

Det har generelt gått veldig mykje kvinnesmykke og skålforma spenne, fortel Dommasnes.

– Når det gjeld vikingtida generelt, så kjem mykje av funnmaterialet vårt frå graver. Det er fordi vikingane la ting ned i gravene når dei døydde. Det er ei av våre viktigaste kjelder til innsikt, men det gjev sjølvsagt eit skeivt bilde. Det er stort sett dei rike me finn ut ting om, dei hadde råd til å legga ned ting i gravene. Det er ikkje lett å lokalisera gravene til fattigfolk – fordi dei har ingen gjenstandar med seg, og beinrestar rotnar vekk etter ei tid. 

Når graver blir funne tilfeldig er det som regel våpen og smykke ein finn.

– Først og fremst så trur eg nok at gravmaterialet markerer stand og stilling. 200 - 400 år ut i viktingtida blei kjønn markert i gravene. Menn fikk våpen og arbeidsreiskaper, og kvinner fekk smykke og dei blei gravlagt i sin finaste stas – saman med tekstilreiskaper og kjøkkenutstyr.

Gjekk etter gull og sølv

Universitetsmuseet får inn funn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

– Me har fem landsdelsmuseum i Noreg. Men nokre museum er yngre enn vårt – slik at me kan ha eldre funn frå andre stader i landet.

Tjuvane tok ikkje med seg andre typiske ting frå vikingtida, som sverd. Dommasnes trur det har ei logisk forklaring.

– Dei har gått etter ting som var små og nette - og lette å transportera, og som har skine eller som såg ut som gull. Det kan ha vore bronse og forgylt bronse. Har dei hatt lommelykt så har det gjerne sett blankt ut når dei har lyst på det inne i skapet. Me har nokre sølvskattar, og dei har tatt nokon av dei. Det er heilt tydeleg at dei som var på jakt har gått etter sølv og det dei trudde var gull.

Politiet ventar framleis på analysesvar frå åstadsundersøkingane, fortel dei til På Høyden fredag ettermiddag.

Les også: To tatt for innbrudd ved vikingutstilling i Danmark

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed