Har fått DNA-treff etter museumsinnbrotet

Publisert:11. september 2017Oppdatert:11. september 2017, 15:34
Ein eller fleire gjerningspersonar braut seg inn i museumstårnet og stakk av med fleire hundre vikingskattar av høg kulturhistorisk verdi. No kan politiet ha fått DNA-treff på personane.

Politiet har funne DNA etter to personar inne i Universitetsmuseet. 

– Oslo universitetssjukehus har fått fram profilane frå materialet vi sende inn etter tjuveriet, fortel etterforskingsleiar i saka, Anita Dahl til Bergens Tidende.

I løpet av helga 11. - 13. august braut ein eller fleire tjuvar seg inn i dei Kulturhistoriske samlingar ved UiB. Rundt 400 vikingskattar blei stolne - og er framleis sakna frå museet.

Politiet har venta i fleire veker på analysesvara - og no har dei fått to DNA-treff som kan tilhøyra gjerningspersonane. 

– Sjølv om vi no har ein klar DNA-profil er det ikkje sikkert at den stammar frå tjuvane. Profilane blir sendt vidare til Kripos, som vil undersøkje profilane opp mot DNA-registeret, fortel Dahl.

Les også: Herfrå kjem dei stolne vikingskattane

Svar innan eit par veker

I DNA-registeret er det hovudsakleg tidlegare domfelte som er registrert.

Politiet fortel at dei pleier å få svar innan eit par veker. 

Rektor ved Universitet i Bergen, Dag Rune Olsen håpar på ei oppklaring i innbrotet. 

– Det er gledeleg nytt at den tekniske etterforskinga kan gi oss eit mogeleg svar på kven som utførte innbrotet. No håpar vi berre at Kripos får eit treff på DNA-profilane i registeret, seier han til BT.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed