Fryktar kontora forsvinn i nytt bygg

Publisert:20. september 2017Oppdatert:20. september 2017, 15:56
Høgskulen på Vestlandet ønsker eit nybygg på campus Kronstad og er godt i gong med planlegginga saman med Statsbygg. Illustrasjon: Kruse Smith og L2 Arkitekter.

Høgskulen på Vestlandet sitt nybygg på Kronstad er førebels planlagt med ope kontorlandskap for alle tilsette. – Urovekkande, seier hovudillitsvald i Forskarforbundet, Kristin Hinna.

I juni vedtok Høgskulen på Vestlandet (HVL) at dei ønska å inngå ein leigeavtale med Statsbygg om eit nybygg på Kronstad campus - også kalla Kronstad 2. 

Les også: Slik blir det nye høgskulebygget på Kronstad

Bygget skal oppførast som eit sokalla kurantbygg – der Statsbygg bygger og driftar bygget – medan HVL betalar husleige.

Når det første nybygget på Kronstad stod ferdig i 2014 vart det klart at det ikkje var plass til alle studentar og tilsette i bygget. Ein har difor leigd lokale i Møllendalsveien - her går kontrakten ut i 2020. 

– Større sjukefråvær

Kronstad 2 blir på over 14 000 kvadratmeter og skal husa rundt 2000 studentar og opp mot 450 tilsette. I mars blei vinnaren av arkitektkonkurransen kåra - og bygget kan stå ferdig i 2020. 

Men utforminga av romplanane i bygget er ein ikkje einige om endå.

I starten var bygget planlagt med 70 prosent cellekontor – medan dei siste romplanane no ikkje inneheldt reine cellekontor i det heile tatt. Hovudtillitsvald for Forskarforbundet Kristin Hinna sit i brukargruppa for bygget – og reagerer sterkt.

– Eg tenker at dette er drastisk. Det er veldig urovekkjande at dei gjer det slik. Den forskinga som finst i forhold til ope landskap er eintydig på at det fører til mistrivnad, meir stress, større sjukefråvær, mindre produktivitet, og det blir gjort fleire feil, seier Hinna (bildet). 

Fleire cellekontor i Kronstad 1

I nybygget på Kronstad som stod ferdig i 2014 (Kronstad 1) finn ein i all hovudsak cellekontor, med enkelte opne landskap nokre stader.  

Det nye bygget vil etter romplanane som føreligg no – få eit heilt anna kontorlandskap.

På grunn av at organisasjonskartet framleis ikkje er spikra for den nye høgskulen – veit ein heller ikkje kven av dei tilsette som skal inn i bygget. Det er lagt opp til at om lag 75 personar skal jobba i kvar etasje.

– Det er ei utfordring at me ikkje veit kven som skal sitta i landskapet. Når ein veit kven som skal sitta der er det lettare å laga ein romplan. Då kan ein spesialtilpassa. I ein etasje kan me kanskje forholda oss til femti/femti med cellekontor og ope landskap, men no er det komplett umogleg å planlegga, seier Hinna og legg til:

– Me veit berre at det er 75 menneske som skal vera i landskapet, og at ingen skal ha faste plassar. Du skal bevega deg rundt i landskapet ut i frå kva aktivitet du gjer. Det betyr at når eg går frå ein plass, når eg har undervising eller rettleiing, så veit eg ikkje om eg kan koma tilbake igjen.

Les også: Skeptiske til opne landskap

– Krev meir planlegging

Hinna trur heller ikkje løysinga med ope landskap vil vera kostnadssparande.  

– I UH-sektoren går 80 prosent av pengane til løn. Mellom to og tre prosent går til husleige. Viss du legg saman utgiftene knytt til sjukemeldingar, mistrivnad, mindre effektivitet, og fleire feil, så kan ein sjå langt etter det ein sparar inn i husleige. 

Ho trur også det vil krevja mykje koordinering av arbeidsdagen for dei tilsette. 

Les også: HVL vil undertegne 43-millioners avtale med Statsbygg

– Eg har lurt på om nokon har kartlagt tidstjuven oppi dette. Kor mykje utgjer det av lønnskostnader at folk skal springa rundt å snakka om kor ein skal treffast? Alt må planleggast meir, ein kan ikkje berre gå inn på kontoret og snakka med ein kollega, ei heller studentar, seier Hinna og legg til: 

– Viss ein set det på spissen så finst det allereie aktivitetsbaserte arbeidsplassar i dag. Me flyttar oss frå kontoret til førelesingssal, til klasserom og til grupperom kor me rettleiar studentar -  så inn i møterom kor me planlegg undervising og forsking. Men me har ein plass me kan trekka oss tilbake til igjen, og kor me kan tenka litt djupare tankar som ein faktisk treng ro for å gjera.

Hovudtillitsvald i Tekna/Akademikerne på Høgskulen, Pål-Albert Olsen, reagerer også på den låge bruken av cellekontor i planane. 

– Viss planløysinga blir slik den er no, så er det neppe bra for dei tilsette. Det er snakk om eit stort areal med mange arbeidsplassar på. Det er difor behov for ekstra rom (cellekontor) som kan brukast til rettleiing og samtalar med studentar, som kan bookast til Skype-møte, konsentrasjonsarbeid m.m.  Det bør også vera nokre stillerom.

– Strengare krav til utforming

I 2016 kom regjeringa med ein nasjonal norm for kontorareal i statlege bygg. Den er på 23 kvadratmeter brutto per kontorbrukar. Då er område som fellesareal og kantine tatt med.

Forvaltingssjef i Statsbygg Vest, Ståle Helland, seier det er blitt strengare krav frå departementa når det gjeld bruk av cellekontor.

– Kunnskapsdepartementet er dei som endeleg godkjenner romplanen i dette tilfellet. Det er blitt vanskelegare å få godkjent stor bruk av cellekontor i nybygg generelt.

Rektor på HVL, Berit Rokne, seier dei ikkje har låst romplanane endå. 

– Bygget er no i forprosjektfase. Når det gjeld arbeidsplassutforming, er det starta opp ein brukarprosess som vil pågå fram til midten av november. I løpet av denne prosessen vil den endelege utforminga av arbeidsplassane bli avklart.

– I kva grad er det føringar frå departementet som ligg til grunn for arbeidet?

– Kunnskapsdepartementet har gitt føringar for bygget i brev til høgskulen. Føringane går ut på at bygget må vera eit moderne og arealeffektivt bygg. Det er ein føresetnad at heile campus Kronstad vert sett på samla. Kommunaldepartementet har også utarbeida normar for arealbruk i offentlege byggeprosjekt, seier Rokne (bildet).

Foto: Tor Farstad

– Skal bli gode og moderne lokale

– Hinna seier dei tilsette reagerer på at det er lite rom til å trekke seg tilbake i planane – og viser til forsking som hevder at opne kontorlandskap mellom anna aukar sjukefråværet blant dei tilsette. Har de sett dykk inn i faglitteraturen på området?

– I løpet av brukarprosessane vil kontorareala bli utforma, med fokus på at det skal fungera godt for akademisk og administrativt personale med stort behov for konsentrasjonsarbeid. Statsbygg, som er byggherre, har høg kompetanse på dette og har knytt til seg rådgjevarar med lang erfaring. Høgskulen er opptatt av at dette skal bli gode og moderne lokale for våre tilsette.

Rokne understreker at talet på cellekontor i Kronstad 1 ikkje direkte påverkar talet på cellekontor i Kronstad 2. 

– Løysingane i eksisterande bygg gjev ikkje føringar i nybygget. Arbeidsplassane i nybygget vil bli utforma i brukarprosessen uavhengig av korleis dette er løyst i Kronstad 1. Departementet sitt ønske om Kronstad 2 er at bygget blir moderne og arealeffektivt. Det gjev ingen tal på del av ulike arbeidsplassløysingar, seier Rokne. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed