Frank Aarebrot er død. Formidlinga hans må leve vidare.

Publisert:10. september 2017Oppdatert:11. september 2017, 10:08
Frank Aarebrot møtte seg sjølv på veggen tidlegare i år: Han har blitt gatekunst.

Frank Aarebrot er borte. Livet som student på Nygårdshøyden blir aldri det same.

Laurdag kveld døydde Frank Aarebrot, etter at han fekk hjarteinfarkt på veg heim frå England mandag denne veka.

Allereie meldinga om infarktet gjorde det politiske og det journalistiske Norge uroleg, frå sentrum til periferi. Spør du i ein redaksjon i landet eller ei gruppe med politiske rådgivarar er det alltid nokon som har hatt «Franken» som førelesar.

Meldinga frå familien ga grunn til uro: Dei ba medium og andre om å la han få fred under sjukeperioden, vel vitande om at det er vanskeleg å få ein formidlar som til de grader boblar over av engasjement til å roe seg ned. Midt i innspurten av valkampen og alt.

Kjærleiken til faget, formidlinga og studentane har i eit heilt liv vore signaturen til Frank Aarebrot. Han var ein av dei som kunne ta med seg eit fullsett auditorium på ei reise gjennom tid og rom, gjerne tilbake til freden i Westfalen i 1648, eller innom dei politiske konfliktlinjene i Nederland.

Og førelesinga var ikkje over fordi Frank gjennom to gonger 45 minutt hadde engasjert eit hundretal tilhøyrarar: Rett som det var tok han oss studentar med på kafé etterpå, for å halde fram diskusjonen med stadig nye generasjonar.

Og slik har han gjennom eit heilt liv tent ein gnist i kull etter kull med statsvitarar, eit engasjement for å forstå dei politiske prosessane som omgir oss både i inn- og utland.

For journalistar har han vore ei uuttømmeleg kjelde for kunnskap. Frank har svart villig og engasjert på alle mulege spørsmål, med anekdoter og ei forteljarglede så overstrøymande at ho har vore lett å finne att i spaltene.

Sjølv om han nyleg blei pensjonist blei ikkje tempoet noko redusert av den grunn: Han hadde planane klare for bøker og foredrag i mange år framover. Han hadde og byrja som turleiar for Fotefar temareiser. Frå 28. august til 4. september var han med på cruise frå London til Skottland, Shetland og Færøyene, og held daglege føredrag. På veg heim frå London blei han sjuk.

Aarebrot fann ideen om at han som pensjonist skulle få betalt for å vere på og fortelje om historie og politikk fornøyeleg: Det var jo nettopp det han brann for og likte å gjere.

Frank Aarebrot døydde som han levde: Aktiv, og med eit engasjement han har smitta tusenvis med. Han var unik, men for universitetet som institusjon blir jobben likevel å finne nye generasjonar akademikarar, som kan formidle forskingsbasert kunnskap slik som Frank har gjort. Det blir ikkje ei lett oppgåve.

Sjå Frank formidle her: 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed