Foreslår ekstra sensur ved stort karaktersprik

Publisert:26. september 2017Oppdatert:29. september 2017, 08:41
For nokre studentar gjev det stort utslag å klage på ein eksamenskarakter. No foreslår departementet at ein skal ta ei ekstra vurdering der spriket mellom karakteren før og etter klage er stort.

Ved stor forskjell på eksamenskarakter før og etter klagesensuren, ønsker departementet no at institusjonane skal vurdere karakteren på nytt. 

Kunnskapsdepartementet har i dag sendt eit forslag til endringar i universitet- og høgskolelova ut på høyring.

Ei av endringane gjeld saker der spriket mellom sensuren gitt første gong og etter klagebehandlinga er på minst to karakterar.

Les også: Sensurordninga vert kritisert i psykologifilm

Det har i seinare tid vore fleire saker i media om studentar som har gått opp eller ned fleire karakterar etter klagesensuren.

– Det er lite tillitvekkande for studentane. Så store forskjellar tyder på at rutinane til institusjonane rundt sensur, opplæring av sensorane og utarbeiding av gode sensorrettleiingar ikkje alltid er gode nok, seier kunnskapsminister Henrik Asheim i ei pressemelding..

Opp til institusjonen

På grunn av dette foreslår departementet no at utdanningsinstitusjonane skal vurdere karakteren ein gong til. Det er opp til institusjonen sjølv å bestemme på kva måte det skal skje.

Departementet foreslår at ein kan få nye fagpersonar til å vurdere dei to ulike karakterane, eller at sensorane frå fyrste og andre sensurrunde går saman for å diskutera kva for karakter som er rett. 

Her kan også andre fagpersonar delta. 

Departementet foreslår også at systematisk bruk av sensorrettleiing skal vere eit krav for alle eksamenar.

– Betre rettleiing av sensorar er noko studentane har ønskt seg lenge. Det skal sikre at sensorane legg dei same retningslinjene til grunn for karaktersettinga, og at vurderinga blir gjorde opp mot krava til utbyttet av læring i emna og på studieprogrammet. Dette skal hjelpe til med å redusere ulikskap i sensur mellom sensorar, seier Asheim.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed